Kategori: Reiser
Hua Hin sett med mine auger vinteren 2019
Utvikling på godt og vondt
Hua Hin har endra seg stort sidan fyrste gong eg kom til byen februar 2008. Sentrum har utvida seg i alle retningar, nesten då…sjøen er der den alltid har vore 😉 Dette framsteget er jo på både godt og vondt, men ein kan ikkje stanse utviklinga. Smaken på maten er heldigvis den same, luktene, blomane, klimaet og reisetida likeså.

Hundane har det vorte mindre av, den delen som er forsvunnet er på god veg til å verta erstatta av kattar. Kattar har det eksplodert med dei siste par åra, og vert det ikkje gjort noko med, kjem katteproblemet til å verta større enn gatehundane nokon gong har vore.
Ein oppsøkjer det ein ynskjer
Tilhaldsstaden vår ligg eit lite stykke forbi sentrum av byn, i gate 102. Det var langt til det travle bylivet då me kom hit. Partylivet måtte ein med tuktuk til Binta bath og i området rundt Hilton for å ta del i, no har vi fått bargater både i soi 88 og 94, samt fleire restaurantar, massasjer og folkeliv. Det er tilbod og etterspørsel som gjeld.
Lukkar ein augene for det ein ikkie ynskjer å sjå eller ta del i, så har Hua Hin mykje fint å oppleva 🙂
Prachuap Khiri Khan
..som provinsen heiter er stor. Den har faktisk ei lang grensa mot Myanmar i vest. I 2000 var folketalet i denne provinsen 163 494 mennesker, i 2014 var dette talet steget til 539 534 mennesker. Hua Hin er ein by og eit distrikt(amphoe) i provinsen. Det er i alt åtte distrikt i denne provinsen, der Prachuap Khiri Khan er provinshovudstad.
Smertelindring

For min del gjeld Hua Hin fyrst og fremst, sol og varme, yoga, massasje og å senka pulsen på heile livet. Desse faktorane til saman minskar mine smerter og aukar min livskvalitet. Etter ein månad eller to her, kan eg nyta fruktene av turen lenge etter at eg er komen heim att, dei aller fleste gongane.
Det var uheldigvis ikkje det som hendte etter denne siste turen. Etter to fantastiske månader utan ein regndråpe (utan værforandring, er kroppen min meir stabil òg) med jevn aktivitet, sunn og næringsrik mat, masse D vitaminer, fisk, frukt og grønsaker. Og med dei tre fyrste veken aleina, fekk eg verkeleg senkja skuldrene til hoftenivå 😉 Heilt til heimreisa…..
«Jeg reiser alene»
Må ein, så må ein… mine to månader på vinteren, i varme stressfrie Thailand er gull verdt for resten av våren min. Sidan Atle ikkje fekk meir enn fem veker fri, vart eg nødt til å reisa åleina. Vel, reisefølje hadde eg, og veldig kjekt sådan, Kjersti og Kurt Henriksen frå Halsnøy (www.fjordferie.net) har sin årlige Thailand tur på denne tida, så billett vart handla på same flyet som dei. Finnair. Eg uttala etter min forrige tur med dei, at eg ALDRI meir skulle fly med dei. At eg aldri lærer!! Atle overbeviste meg om at det var ein fantastisk kort flyreise, direkte frå Helsinki, ikkje var den heilt svindyr heller.
HMPFR!!!! Fyrste båten frå Sunde, «før fuglane har fese». Mange timar venting på Flesland, flyavgang til Helsinki 11.55. Flyet er forsinka pga tekniske problem…20 min…..20 min til….osv…. Kan ikkje bruke flyet, må få eit nytt…Ventar på det nye flyet som skal komma…. Det nye flyet har tekniske problem….forsøker å utbetre…bruke deler frå det andre flyet….ikkje mulig fordi dette flyet har samme skade som det forrige flyet…….Må «kapre» fly frå innlandsterminalen, enklare å flytte på alle passasjerane enn flyet…..ENDELEG AVGANG! 6 timar forsinka.
Eplesider
Flyet frå Helsinki til Bangkok er jo gått når me kjem til flyplassen, så me får nye billettar, omdirigert via Hongkong, avgang 23.45…6 nye ventetimar!
17 € voutcher på ein flyplass i 6 timar rekk ikkje lenge, me skulle jo allerede vore på veg med mat og drikke inkludert. Snarrådig Halsnøybu(innflytta 😉 ) Kurten ordna oss inn på Finnair Lounge`n, der redda ein av dei beste eplesiderane me har smakt, heile dagen/kvelden/turen 😀
13 timar etter at me egentleg skulle, landa me på Suvarnabhumi internasjonale flyplass i Bangkok.
Sovande taxisjåførar synder ikkje, men ein kan ikkje stola på dei likevel
Eg bestillte taxi som skulle komma å henta meg i tide til at me kunne køyra frå Suksabai klokka 3 på natta, flyet mitt hadde avgang 09.05. Ferdig pakka og klar til avreise gjekk eg å la meg i ti tida, fekk sova ein times tid før eg stod opp og gjorde meg klar. Sjekker eposten min, der er det ei melding frå Finnair….flyet forsinka ein time! Då er det vertfall god køyretid til Suvarnabhumi, tenkjer eg, men betre med god enn dårleg tid
Klokka nærmar seg 3 og…..INGEN taxi kom, ti over fortsatt ingen taxi….midt på natta er gode råd dyre…ALLE sover, INGEN svarar telefonen….Ein time går, har fått vekka eit par taxisjåførar men ingen har bil ledig sånn på rappen, du kan jo byrja å gå avslutta den eine med….HAHAHA, det var ein veldig morrosam kommentar midt på natta med eit fly som ikkje ventar ….
Min reddande engel!
KAMALA!! Ho kan eg prøve å få tak i! Ringer… ingen svar….køyrer bort og ropar inn døra ….etter 5 minutter snublar ei søvndrukken dame ut gjennom soveromsdøra, heilt i tåka og lurer på kva som skjer??? «Kan du køyre meg til Bangkok!?» «JA! klart det, gi meg 10 minutter…» For ei dame! ♥
Vel…. enden på visa var at vi rakk både ei lita omvising i barndomsområdet til Kamala, i nærleiken av Suvarnabhumi, og frukost på hotell før eg måtte vera på flyplassen 🙂 Hell i uhell, for ein gongs skuld var eg glad for flyforsinkelsar.
Men STRESS! Det kan eg lova det vart, og det er det verste for kroppen min. Det fekk eg kjenne på heile vegen heim, og i skrivande stund har det ennå ikkje roa seg. Så effekten av dei to månadane i Thailand som eg skulle nyta godt av utover våren kan eg skyta ei lang pil etter, på grunn av ein sovande taxisjåfør. Brukar ikkje det selskapet oppatt!
(Innlegget skrive i april -19)
Ho Chi Minh City (Saigon)
Ho Chi Minh Byen
Etter å ha reist til Thailand i mange år, var det på tide å sjå oss litt om i landa rundt òg. Fyrst ut vart Vietnam.
Airbnb
Sidan me har hatt så gode erfaringar med Airbnb, fann me ut at det skulle me prøve i Saigon òg. Me vart ikkje skuffa! Her fekk me eige soverom og bad, i leiligheten til ei utruleg triveleg dame. Leiligheten var i 23 etasje, og rommet vårt hadde aldeles flott utsikt over elva og byn.

Det var så vidt me kom oss ut for å eta middag, me vart så lamslått av utsikta 😀
Sightseeing i by`n



Eit «gufs» frå krigen
Langs elva er det ein flott promenade. Her var det nett som å gå på eit våpenmuseum. Dette får ein oppleva om ein kjem seg over vegen.
Trafikken er tett, og ingen, INGEN, stoppar for fotgjengarar. Skal du over, må du berre gå…ikkje stopp, då blir du lett påkøyrd, Gå, du blir vane med det til slutt 😀
Matopplevingar
Sidan verten vår berre hadde to netter ledig, vart me nødt til å forflytte oss til hotel dei siste to nettene.

Fortausrestaurant
Me fann fort vår favoritt restaurant. Denne bestod i nokre lave plastbord på fortauet, med små plastkrakker til å sitte på. Dei var så lave at ein omtrent satt med knea oppunder haka.
Under bordet stod det ei bossbøtte, denne tok me for å være akkurat det. Den gang ei, den var til flasker og bokser. Bosset, altså alt «rusk» frå dei ulike rettane, som skjell og bein, samt serviettar og slikt. Det skulle hivast under bordet :O Dette vart kostet vekk etter at gjesten ved det bordet hadde avslutta måltidet og gått.
Maten her var aldeles fantastisk, og det var det fleire med oss som meinte. Her var det best å vera tidleg ute, og ikkje gå før du var sikker på at no var det ikkje plass til meir…. Og rekninga….mellom 150 000 til 200 000, heldigvis ikkje i kroner 😀
Mekong Elva
Mekong er ei av verdas største elver. Den er den tolvte i lengde og den tiende i vannføring. Frå Tibet renn den gjennom Kinas Yunnan-provins, Burma, Thailand, Laos, Kambodsja og Vietnam.
Nitti prosent av all plast som fraktes med elver ut i havene har kome der via ti elvar, Mekong er ei av dei.
At Mekong er forureina av både det eine og det andre, er veldig synleg.
Likevel er det eit aktivt fiske i elva.
Ho Chi Minh by night

Ho Chi Minh`s Notre Dame
Opera huset

Vietnam krigen
Reuinification Palace
Ein av stadane me fann ut me ville besøkje var Independence Palace, òg kjend som gjenforenings (reuinification) palasset. Det er bygd på tomta til det tidlegare Norodom-palasset, og er eit landemerke i Saigon. Detta var heimen og arbeidsstaden til presidenten for Sør-Vietnam under Vietnamkrigen.
Her var det mykje flott, mindre flott, spanande og interresant å sjå.


Bygningen har 5 etasjer, i kjellaren er det tunellar, krigsrom og radiorom. I krigskommando rommet er det originale kart på veggen, og radio utstyr frå krigen er utstilt. Rommet ved sida av inneheld propaganda materiale. I 3 etasje er det eit rom for kortspeling og i 4 er det eit casino.

Krigsmusèt
Krigsmuseumet er eit must å besøkje i Ho Chi Minh byen. Alle burde hatt seg ein tur i eit eller anna krigsmuseum, eller fangeleir. Så mykje råskap som kjem fram i mennesker i ein krig, er berre heilt utruleg. Detta bør skræma folk!!
Dersom ein føl med på dagens nyhender så ser ein at dette er noko som kjem meir og meir fram i fredstid òg. Er det slik mennesket eigentleg er? Rå og blind vold, voldtekt, knivstikking og drap. Dette bør bli slått hardt ned på, eg vil vertfall ikkje ha det slik??
Utandørs er der utstilla eit ekseplar av omlag kvar ein krigsmaskin som vart brukt i krigen. Her er mange amerikanske og vietnamesiske tanksar, fly og helikopter.
Mange typar ammunisjon, bomber og andre våpen

Kjemisk krigføring
Tortur
I ein annan del av uteområdet byrjar fangehistorien, bileta her fortel meir enn det eg kan formidle med mine ord…


Ingen dans på roser i fengsel

Haugesund – Karmøy, Aurora og sightseeing
Tur, konsert og hotell helg
Denne helga var me til Haugesund ein tur. Hovudmålet for turen var konsert med Aurora.
Me booka oss inn på Hotel Amanda, og konserten var på Maritim, berre nokre meter lenger borte på kaien.
Haugesund er ein fin liten by, som regel er ein der berre fordi ein har timar på eit eller anna kontor i forbindelse med helso. Då er det berre litt handling på Raglamyr før ein køyrer heimover att. Så det å «sjå» Haugesund er liksom aldri prioritert.
Det var det me gjorde denne helga, tusla rundt i byn og berre kikka, liksom…
Konserten var på fredag kveld, me kunne sjølvsagt reist heim att på laurdag, men tok like så godt heile helga. Som så mange gongar før, la me oss inn på hotel med frukost og kveldsmat inkludert. Og fredag var det Taco, før konsert. Heilt topp!
Aurora konsert

Me tutla oss bortover til konserten skulle byrje, kl 20. Litt forsenka kom ei dame på scenen, som me ikkje hadde sett før. Me, og dei rundt oss, lurte fælt på kven dette var…Ho hadde liknande fakter, og musikk, men dama såg heilt annerledes ut. Ho snakka bergensdialekt, men ikkje som Aurora. Det skal jo noko til!!
Etter at nokon spurte nokre vakter fekk me svaret: Iris
Musikken var bra den, men det var ikkje heilt Aurora.
Den som ventar på noko godt… til slutt kom Aurora på scenen.
Konserten var flott, berre forstyrra av nokre «palestinakomitè- tullingar» som ville demonstrere sine meiningar på Aurora.
Når nokon meinar noko anna, tenkjer annerledes enn deg, er det då din fulle rett til å pålegge dei å ha dine meiningar?
Har me då fri vilje til å tenkje sjølv? Ytringsfrihet?
I tillegg synest du at det er heilt greit å forstyrre for dei mange som har eit ønske om å få lytte, og sjå, på det dei kom for, det skulle berre mangle!
Veit ikkje kva eg skal kalle slikt, eg…
Laurdags-sightseeing til Karmøy
Laurdag morgon vakna me til ein nydeleg dag, litt kaldt men skyfri himmel og sol, sol, sol 🙂
Etter ein lang frukost og ein liten spasertur i byn, heiv me oss i bilen med Karmøy som mål.
Fyrste stopp var Visnes, og gruveområdet.
Visnes
Smeltehytta
Ønsker du å lese litt meir om Visnes Kobbergruve og historien rundt
Søndagstur til Haraldshaug før heimreise
Etter ei god natt stod me opp til nok ein nydeleg dag, litt kaldare enn gårsdagen, men så lenge Kari er med 😉
Mette og gode sjekkar me ut og tar turen til Haraldshaugen. Tenkja seg til at ein aldri har vore der før…
Harald Hårfagre

Veldig sur nordavind, men sola skin og dagen er flott. Etter å kome seg til Krossen og ser utover havet, så kan ein ikkje unngå å legge merke til dei to ufysne skikkelsane, som blant mykje som ikkje høyre heime i naturen, er så framtredande skjemmande og skadeleg for fugleliv og natur, at eg har ikkje ord.

Skremmande kor mykje som blir «snikinnført» i landet, at der kjem og har allerede komme mange vindkraft parkar, er heil utruleg. Er meste så ein kan tru at nokre ting vert blæse fælt opp, slik at det me veit folk vil vera imot kan lurast inn, utan motstand, før det nærast er for seint. #Motvind
Tromsø ~Nordens Paris~
Nydelege Noreg
Endeleg!! Det er flaut å sei det, her reiser ein jorda rundt å opplever ulike land og kulturar. Så har ein ikkje vore lenger nord, i detta nydelega landet vårt, enn Trondheim før. Nord og nord «fru Blom», Trondheim er jo ikkje midt i landet ein gong.

Me landa på Langnes lufthamn, og skulle eigentleg ha god tid til bussen som gjekk til byn. Den gang ei, som dei siste turane me har hatt det siste året, var denne intet unntak. Ingen forsinkingar, krigar eller tette toalett denne gangen, nei no hadde dei ikkje fått med kofferten vår vidare frå Oslo.
Me var ikkje kledte for dette været, så då var det ikkje så mykje anna å gjera enn å venta til den kom med dei varme kleda våre.

Sightseeing i Tromsø
Mine tankar om kva eg hadde lyst å oppleva i Tromsø var mange, men fyrste mål var Fjellheisen og ein tur innover fjellet. Mitt største ønske var å gå til Tromsdalstinden. Vel…værgudane var ikkje på vår side denna helga. Laurdags morgon vakna me til tjukk skodde, og meldingane var regn og surt. Gode klede hadde me med oss, så det skulle ikkje byde på store problem, men når ein fyrst er på fjellet så er det litt kjekkare å sjå litt òg. Me kom oss ut på tur likevel, spaserte litt rundt om på kaien og i byn, før me tok turen over Tromsøbrua. På andre sida ligg Ishavskatedralen, som òg var eit av måla for turen.

Min beste venn Kari
Gode klede kjem godt med, sjølv om det berre er i slutten av august og alt i ein seier at det ennå er litt sommar…her måtte det til med ull frå topp til tå, og noko regntett ytterst. Ull vottar og bøff kunne eg ikkje klart meg utan. Ho Kari Traa er ein nær venn å ha på kalde dagar.
Etter å ha ombestemt oss nok ein gong, tusla me ned og over brua att mot sentrum, med avtale om at dersom været kom seg så skulle me ta turen opp til kvelden. Kanskje var det mogeleg å få med seg litt nordlys òg! Optimist! HA!

Etter kvart ser me at skodda lettar litt, å lurer på om me ikkje skal ta Fjellheisen opp likevel.
Men vår optimisme varte ikkje lenge…. Etter å ha funne ut at me skulle byrje med Sherpatrappa, liksom berre for å ha sett dei og…undra me oss fælt på alle som kom med nummer på brystet. Sjølvsagt var det Sherpatrappa opp denne dagen, altså ikkje den heilt store dagen for ein fredleg og avslappa tur til fjells..
Å reise rimeleg
I og med at me reiser ein heil del, må ein tenkje økonomisk.
“Følge nøye med på små utgifter; en bitte liten lekkasje kan senke selv et stort skip.” – Benjamin Franklin
Denne turen brukte me oppsparte bonuspoeng til flyturen, og me bestillte rom på hotel som har inkludert frukost og kveldsmat. Det har me gjort mange ganger og er veldig nøgde med det. I tillegg er det tilgong på kaffe og te heile dagen, samt vafler i 3 tida. (Desse steikjer du sjølv, og dei smakte heilt nydeleg.)

Dette fører ikkje til at ein blir verande på hotellet heile dagen, slett ikkje. Når ein reiser slik, er ein alltid attende til hotellet på ettermiddagen for å stelle seg uansett. Då tar ein kanskje litt kaffe og vafler når ein kjem fram, så dusjer og steller ein seg. Før ein går til kveldsmaten, som er buffet med mykje god mat. Etter dette er ein mett og god, og klar for å ta turen ut på ny.
Denne gangen budde me på Clarion Collection Hotel With, heilt på kaien.
Kva er der å oppleva i Tromsø på kveldstid?
Nordens Paris har eit uteliv dei fleste byar kan drøyma om. Aldri har eg sett fleire restauranter, barar, pubbar på rad og rekkje… Ikkje i Noreg vertfall. Kva er da med Tromsøværingar og hår??
Det er frisørar over alt, omlag på kvart eit hjørna 🙂
Vel etter å ha innsett att Fjellheisen vart utsatt til søndag, vart det vafler og kaffe på oss. Med ein påfølgande god og varm dusj.
Dagens kveldsmat var kjempegod, med både hovudrett med kylling, og suppe, samt diverse salater. Ingen grunn til ikkje å bli mett.
Ølhallen

Så var det å kle godt på seg att, og ta turen på byn. Me måtte jo innom Ølhallen, og tok med oss eit par pubar til…det var nok å velja mellom vertfall.
Ølhallen har den største tappebrua i Nord-Europa! Her er 72 tappekranar med ulike norske ølsortar og sjølvklart er alle Macks produkt tilgjengelege her.
Ein annan utestad, som me var heilt nødt til å ha vore, var jo Rorbua. Me har jo sett ein og anna episode av «Du skal høre mye», som vart sendt frå denne pub`n mellom 1987 til 2003.
Det var ein koseleg stad, men det var stille og roleg. Det var ikkje før me reiste oss for å forlate staden at tromsøværingane var på veg ut.
Endå var det så surt og kaldt at det frista meir med ein hot Gluhwein enn ei kald halvliter. Så den store pub til pub runden vart avslutta etter eit besøk på Blå Rock Cafè, som ikkje heilt levde opp til namnet sitt denne kvelden.
Det var meir fristande å krypa godt under ei god og varm dyne.
Dessutan skulle me jo tidleg opp og til fjells neste morgon 🙂
Siste dag i Trømsø

Tidleg oppe til frukost var me, men ein stad går grensa for kor lenge ein kan sitja ved frukostbordet og drikka kaffi….Tåka ville ikkje letta 🙁
Okay tenkte me…då vart da ikkje Fjellheis på oss då… så me tusla på ein sightseeing runde i byn.
Det er ein flott by, akkurat passe stor for meg som ikkje likar det hektiske by livet. No er jo selvfølgelig byen større enn akkurat det sentrumet som me tusla rundt i, men triveleg var det.
Alfheim Stadion

Utan mål og meining, og kart, så var me brått hamna ved Alfheim Stadion, etter å ha spasert gjennom eit ærverdig villastrøk og passert Alfheim Svømmehall.

Og ikkje nok med det, no var skodda letta, og me hadde ennå tid før flyet vårt skulle gå, så no var det berre å «springa» over brua for tredje gong.
Den som ventar…
Fjellheisen har avgang kvar heile og halve time, så her var det berre å koma seg avgarde.



Eg skjøna fort at me hadde gått glipp av noko om me ikkje hadde kome oss opp her. Når ein såg utsikta, alle vegar, fekk ein berre lyst til å fortsetje å spasere innover fjellet.

Så var helga turen vår til Tromsø over og me kjem oss på flyet heim att. Sjølvsagt så var det forsinka…men det er jo sånt som etterkvart har blitt ein vane 🙂 me kan ikkje la sånne bagatellar øydelegga ein ellers fin tur (Y)
Flysvin
Må berre ta med ein liten ting på tampen. Eg er umåteleg glad for at så mange har slutta sitt røykfulle liv, ikkje fullt så nøgd med at så mange startar med snus.
Og når unge vaksne snusarar sit på fly og snusar, for deretter å kaste snusbleia på gulvet under setet sitt, då har dei gått glipp av ei grunnleggjande god oppdragelse! Denne karen kasta dei nesten oppi skoa til dama bak seg.
Badeliv Bangkok BIL tur Bløtkake Boller Bomull Delphos Drops Design Dukker Fantastiske fjell Fantastisk utsikt Ferie Festkake God mat Hardangervidda Ho Chi Minh Hua Hin Julekaker Kaffigodt Kjeks Kremkake Kreta Kvit Dame Maeklong Marius mønster Marius strikk Mercy Noreg Norsk Fjellheim Nydeleg natur Poncho Red Velvet Reiser Shopping Sjokoladekake Sol og Varme strikking Sukkerbrød Suksabai Temakaker Thailand Tog-marked Ull UT på Tur Vietnam
Kreta
Fyrste tur til Kreta
Me reiste fyrste gang til Kreta i slutten av april 2012. Den gang var me bare ei veka, hadde bestilt leigebil på nett og den stod klar på flyplassen. Vi fann fort ut at standarden på leigebilar var heller dårleg på Kreta, for å sei det mildt. Så i staden for å påpeike alle småskadane på bilen i skjemaet, vart det bare sett eit stort kryss på heile bilen, samt at me tok bilder i alle vinkler for å sikre oss. Bilen var ikkje eit vrak, missforstå meg ei, men den var full av skadar i lakk, og småbulker, som me ikkje ville bli beskyldt for å vera årsak til i ettertid.
Nydelege lagunar og mykje historie
Me hadde booka opphald på Renieris Hotel i Stalos, og var strålande nøgde, ein perfekt stad for oss. Dette var så tidleg på våren at det var for tidleg med det heilt store strandlivet, havet var i kaldaste laget men været var flott. Med hotellet som base køyrde me rundt på Kretas nordvestlige del, samt langs vestkysten ned til Elafonissi, og innlandet over fjellet heimatt. Aldeles flott!
Sidan me bur på vestlandet følte me oss heime på dei dårlege vegane her, sjølv om stupa ned kunne vera i meste laget for høgdeskrekken, særlig når man møtte bilar og måtte heilt på kanten, var hjerta i halsen.
~Me rakk over veldig mykje på denne fyrste turen, syntes me~
Hadde ein dagstur til Rethymnon, kor me var i The Venetian Fortezza , i museum, vandra i dei gamle gatene og knipsa hundredevis av bileter.
Me hadde ein fantastisk dag til Balos Beach and lagoona i Kissamos, der vi parkerte ca ei mil frå stranda sidan vegen var tilnærma ukøyrbar med vår bil. Men den spaserturen var bare heilt flott. Då me kom fram til parkeringsplassen fann me jo ut at dei fleste ikkje brydde seg om dårleg veg, og det er vel ein av grunnane til at bilane ser ut som dei gjere.
Etter parkeringsplassen byrja dei to siste kilometrane på sti ned til lagunen, og for ein lagune! Dette var eit fantastisk skue. Så på tross av det kalde vatnet, her måtte det bare badast.
Dagsturen nedover langs vestkysten var kjempeflott, og Elafonissi Beach som var vår destinasjon, var nesten lika flott som Balos Beach and lagoona.
På heimveg opp i fjellet, var me innom ei grotte med ei kyrkje i.
Dei siste timane før flyavgang mot kalde nord, brukte me i Agia Triada Klosteret like ved flyplassen.
Andre tur
Tre år seinare (2015) hoppa med på ein spontantur tilbake. Denne gangen på Eliros Studios, ein lika koselig overnattingsstad også i Stalos. Denne gangen var bilparken oppdatert og me fekk utlevert ein splitter ny Nissan. Me heldt oss på nordvestkysten denne veka også. Tok oss nok ein tur til Balos, og ein dag på Falasarna Beach.
Falasarna er ei av Kreatas flotte strender, me hadde ein fin dag her, med ein ikkje så fin avslutning. Då me kom tilbake til bilen, hadde det vore uvedkommande i den, og tatt med seg det som var lagt att av verdiar. Alt var låst ned i bagasjerommet. Politiet kunne opplyse oss om at dette var heilt vanleg, og hendte veldig ofte på Falasarna (finn det veldig rart at me aldri har verken høyrd eller lese noko om dette, mens det er heilt vanleg) Turistar blir overvaka når dei parkerer, og i dagens teknologiske samfunn finnes det så mange duppeditter, også ein som overstyrer signala frå nøkkelen idet ein låser.
Så lås aldri bilen din, og stol på at den er låst fordi du høyrde at den vart låst. Sjekk alltid fysisk! Det er ikkje kjekt å kaste bort ferietid på politistasjonen, ei heller å miste kamera og linser, sjølv om ein er forsikra. Bileta får ein ikkje attende.
Heldigvis får me sei, så hendte dette ein av dei fyrste dagane, så me mista ikkje så mange bileter.
Så etter å ha rista irritasjonen av oss, tok me oss ein ny biltur neste dag, denne gangen til Sfinari og Sfinari Beach. Sidan me var tom for kontantar så ønska me å ta ut litt i minibank. Tenkte at det hadde dei sikkert her, men den gang ei… Dei hadde hatt ein for ei stund tilbake, men etter at det var nokon som stjal heile minibanken så fekk dei ikkje noko ny. Så me måtte gå med uforretta sak, og fortsatt svoltne.
Hellas
Den hellenske republikk, også kalt Grekenlander, er ein republikk i Sørøst-Europa på den sørlige enden av Balkan som strekk seg over 132 000 kvadratkilometer fra fastlandet og ut i Middelhavet. Forutan fastlandsdelen omfattar Hellas, De joniske øyer, Kreta og dei fleste øyane i Egeerhavet. Landet grensar i nordvest til Albania, i nord til Makedonia og Bulgaria og i øst til Tyrkia.
Hytto vår
..i ei fin lita stuge…
Ta kontakt om du skulle ha lyst å reisa på hyttetur til Hua Hin: linda@olderkjaer.com /atl-boe@online.no
Huset inneheld:
2 soverom;
1. Dobbel seng, Queen size, nattbord, klesskap og handkle/lintøyskap. Aircon. Eige bad.
2. Køyseng 100cm x 200cm, klesskap, bokskap, safe. Aircon.
2 bad med varmtvanns dusj, og toalett
2 kjøkken;
2. Ute med gasskomfyr, 2 bluss. Vask med kaldt vatn. Spisebord med 4 stoler.
Stove med 2 stresslesser, sofakrok, sofaseng med to 100×200 madrasser. Tv, DVD, surround anlegg. Aircon.
Utestove med spisebord med 6 stoler, sofakrok med 3 seter og to stoler. To takvifter, høytalere med forsterker for tilkobling til Pc/mobil.
Carport
2 solsenger
Tørkestativ
Internett
Ein god hyttetur til sol og varme er ikkje å forakta!
Hua Hin
Kongens ferieby
I Hua Hin finn du nokon av Thailands mest moderne fasilitetar utanfor Bangkok. Dei siste åra har myndighetene jobba hardt for å ordne stranda, og badevatnet har blitt klart forbetra. Det er òg laga fleire sykkelvegar no, og fleire og fleire har byrja å sykla. Dette skal nok Dronninga ha æra for, Bike for Mom vart starta som ein hyllest til hennar 83 årsdag 16 august 2015. Deretter fylgde Kongen på med Bike for Dad.
Hua Hin er i rask ekspansjon, det foregår stadige utbyggingar både av hus, hotel og condominiums. Dei siste åra har det poppa opp nye byggefelt, nye golfbanar bygges, eit enormt kjøpesenter(«Blúport«) er opna, og små bedrifter opnar omtrent kvar dag(kafeer, restauranter, «streetfood» sjapper, spa, barer osv). Det er opna ein stor ny stadion, «True Arena», og eit stort badeland, «Vananava».