Besto på tur

Livets syklus ruller vidare

Eit nytt liv blir til, eit mirakel, eit under og meininga med livet.

Bestemor, besta, mormor. Tre ord med samme tyding, men ein må velga. Eg trur eg har landa på Besta/Besto

Vårt store mirakel har fått namnet Birk, og kom til verda på dramatisk vis 2 oktober.

Heldigvis gjekk da bra med både mor og sønn til slutt. Og pappen fekk dei trygt med seg heim.

For min del var det mange dagar med ein utavkroppen-opplevelse. Eg har aldri, i heila mitt liv vore så redd nokon gong.

Kilde

For 28 år sidan låg eg på føden, der Stine kom til verda ved hastekeisersnitt. Med ein kirurg som trudde han var «gud» og kom valsande inn på operasjonssalen utan å ha verken skifta eller vaska seg, mens alle, inkludert meg, var klare for operasjon.

7 år seinare var me ikkje så heldige. Andreas døydde i magen på overtid.

No var eg redd eg skulle mista både datter og barnebarn.

Det gjorde eg heldigvis ikkje og er evig takknemleg for det.




Julatur til varmare strøk

Det er ikkje enkelt å reisa vekk eit par månadar når ein har ein liten Gullklump heima. Heldigvis går tida lika fort som før, så før eg veit ordet av da er eg heima igjen. (Det er stor skilnad på eit lite nurk på 2 månadar, og ein på 4 mndr.)

Missforstå meg rett, det et kjempegodt å vera her i sol og varme, og gå til duk og dekka bord kvar dag, om ein ønsker det.

Travelt er det anyway.

Denne turen skal me berre ha ferie… så no er da hagearbeid, husarbeid, baking av rundstykker….. Ja, ja… eg slepp snømåkingo 😀

Førarkort

Dei thailandske førarakorta mine gjekk ut under covid, så denne gongen var det ikkje berre å fornye dei ved å vise at du kan skilnaden på rødt, gult og grønt lys, samt sjå ein times lang video. Nei, no vart det brått 5 timar lang video og teoritest.

«Undervisning»

Her er ikkje videoen lagt opp til at du skal få med deg det som blir sagt, den har thai tale, sjølvsagt med kontinuerlig musikkstøy, høg sådan. Men den er teksta på engelsk…. om ein klarar å lesa teksten då. Den forsvinn til tider i bakgrunnsfargen, samt at tidslinja for videoen går over heile første linja. Tredje linja forsvinn ned under skjermen, og før du er ferdig å lese forsvinn teksten.

Legeattest og bustadbekreftelse

Du må sjølvsagt ha papirer frå «imigration» og legeattest. Faktisk to legeattestar, ein til kvart førarkort. Eit par kopier av pass og visum må og til.

Når alt det var ordna, blodtrykkstesten hjå legen gjekk fint, så er det berre resten igjen.

Praktiske og teoretiske testar

Først var det fargetest, så reaksjonstest, før dybdetest. Så 5 timar video, sjølvsagt ein time lunsjpause innlagt – mat må ein ha. Siste videoen var kun på thai, så etter 20 min tid vart me utlendingar henta for teoritest, mens thaiene såg ferdig.

Og sjølvklart! Sidan eg skulle ha førarkort på bil og motorsykkel, må eg ha ein teoritest på kvar. 50 spørsmål X 2. Grensa for å stå er 90%, altså maks 5 feil per test.

Eg starta med den for bil. Det gjekk jo raskt, var ferdig på rundt 20 min. Tenkte at detta lova ikkje bra, trykte fullfør og fekk resultatet med ein gong. GODKJENT!

Då var det motorsykkel som gjenstod. Den var vanskelegare, men her var det jo mest berre spørsmål om bil :O … Okay tenkte eg og såg ikkje vekk ifrå at eg måtte ta ein 3dje test, fordi dei hadde gitt meg to testar for bil. 45 min seinare trykka eg fullfør og fekk GODKJENT!

For ein mestringsfølelse!!!

To skritt fram og fem tilbake….

Sidan klokka var blitt så mykje no, var eg både trøtt og lei, men veldig glad eg slapp tilbake …

Den gang ei!

Først meinte dei på at eg måtte komma tilbake i neste veka, for å ta siste testen, det var for seint til å ta ein test til no.

Eg protesterte høglytt! Eg har jo tatt to testar!! Nei, meinte dei, eg må komma igjen å ta den for bil. HALLO!! Dei hadde jo sjekka at eg var ferdig med Bil, og forklart meg korleis eg skulle gå vidare til neste test. Så JO! Eg har tatt to testar. «Okay! Okay! We check system.«

Vel, mens vår diskusjon pågjekk, gjekk jo også klokka. Tikk, takk og der var den over halv fira. «Sorry», you have to come back next week» :0

Myndighetene stengte for betaling halv 4, så utan betaling ingen førarkort… «I come back tomorrow!?» «No, closed tomorrow and Sunday, Monday public holiday, can come Thuesday.»

Så tirsdag ettermiddag troppa eg opp på «biltilsynet» i Pranburi.

Tålmod er ein dyd

Tålmodighet er evnen til å akseptere og tolerere vanskeligheter, forsinkelser og usikkerheter med styrke, ro og fokus

«I want to pick up my new driverlicense» (Og gir dama mine to gamle førarkort, som eg hadde fått beskjed om å gjera.)

«OH! They are expired! You have to take test»

«No, I have done, friday, today I pick them up.»

«No, you have to take test.»

«No, today I pay and get my licensecard!»

«NO…..»

Førarkort på bil og motorsykkel

Då bryter dama (som eg hadde «krangla» med på fredagen) i luka ved sidan av inn, gir ho papira mine og forklarer. Så kan eg berre setja meg ned å venta, igjen, først på å få lov å betala, så for å få tatt bilete….ein halv time seinare har eg fått beviset på 5 nye år med thailandsk førarkort på bil og motorsykkel.

Så no OLA, er da berre å låna ho svigermor motorsykkelen din til våren 😀



Trafikken i Thailand

Verdens nest farligaste land å køyre i

Eg høyrde frå ein nabo, han hadde sett på thailandsk tv, at 75% av alle thaiar IKKJE har førarkort (ikkje verifisert) Då skjønar ein fort kvifor det er så mange ulukker og hinsides køyring. Her må ein ha auger i nakken!

Statestikken bekrefter vel litt av dette:

Antal personar med førarkort for privatbil 1997-2017:

LastPreviousMinMaxUnitFrequencyRange
 6,172,559.0020176,186,696.0020163,849,726.0019976,192,154.002009UnitYearly1997- 2017
2017201619972009
Kilde

The current population of Thailand in 2024 is 71,885,799, a 0.12% increase from 2023. The population of Thailand in 2023 was 71,801,279, a 0.15% increase from 2022. The population of Thailand in 2022 was 71,697,030, a 0.13% increase from 2021. Google

I Thailand får ein førarkort for 1, 2 eller 5år

Det er ikkje mange som har køyreopplæring, eller har kjennskap til køyrereglar. Heldigvis ser det ut til å endra seg litt. Det var vertfall heilt vanleg å kjøpe seg eit førarkort. Det er slik som er muleg med høg korrupsjon. Nokon kjenner nokon som blir betalt litt, for å få dei rette papira. Vips har førstnemnde skapa seg ein jobb. Og du treng berre betala så har du det du treng.

New Year road deaths rise to 190 after 62 killed on Jan 1 (Jule og nyttårsveka 23/24)