Stikkord: Fantastisk utsikt

 

Besseggen

Besseggen helg

Å balansere på livets egg av opplevingar

…eit must for alle som likar å gå i fjellet, og som ikkje er særleg redd for høgder 😉

Tidleg påan for avreise

Fjellturen starta, som den pleier, med bussavgang frå SØRAL (Hydro Husnes) på ein fredag morgon.

Denne dagen har me ein forholdsvis lang tur framom oss, men med nokre stopp på vegen, for både mat og shopping, så kjem me fram til målet vårt som er: Gjendesheim

Her vert me tildelt rom etter kvart som me mønstrar av bussen.

Utan mat og drikke

Tidleg påan med ein god frukost, inkludert smørjing av ei god og energigivande nista. Sekken er pakka med det ein behøver på ein slik tur, og etter været. Denne dagen såg ut til å kunne bli aldeles fantastisk.

Geografi

Besseggen, eller Besseggi, er ein fjellrygg i Vågå kommune i Oppland fylke. Besseggen ligg øst i Jotunheimen, mellom vatna Gjende og Bessvatnet. Turen over Besseggen er ein av dei mest populære fjellturane i Noreg. Omlagt 50 000 mennesker går denne turen kvart år. 

Me byrja turen med Gjendebåten frå brygga ved Gjendesheim om morgonen over Gjende vatnet og inn til Mumurubu.

Dei fleste som går over Besseggen tar båten over Gjende -vatnet før ein tar fatt på fjellturen. Gjendebåten går frå brygga ved Gjendesheim kvar morgon. Du kan gå den andre vegen òg. Då startar du turen frå Gjendesheim eller Bessheim. Om du vel å gå den vegen, går du ned Besseggen og ender opp i Memurubu, der tar du båten tilbake til Gjendesheim.

Gjendebåten

Besseggen

Båten var heilt full, det var, som alltid, mange som hadde samme planar som oss for denne dagen.

Mumurubu

Ved Memurubu var det kø på toaletta, slike ærend er det alltid lurt å gjera unna før start. Det er ikkje like enkelt å finna seg ein stad i skjul, med så mykje mennesker rundt seg.

Lang tur

Dei fleste brukar mellom 6 og 8 timer, inkludert pauser, på å gå Besseggen. Med ein stigning på nesten 1000 høgdemeter,  og ei lengde på rundt 13km, er Besseggen ein lang tur.

Ein liten rast for litt info

Etter å ha trava avgårde ei stund var det klart for ein liten rast. Litt praktisk info og råd frå våre flinke turleiarar, Bjørn og Ståle.

I midten av biletet ser ein «Bandet». Dette er en smal rygg som hindrar Bessvannet (1374 moh) å renna ut i Gjende som ligg 400 meter lavare. Det seies at Bessvannet er Noregs reineste innsjø med ein sikt på ca. 30 meter.
Besseggen
Atle på veg…
Mykje folk som ville over Besseggen i dag

Her er det best å halde tunga beint i munnen..

Ei skræmande fantastisk utsikt, men bilete må ein ha..
Naturen vår er utruleg vakker

Dette er ein tur eg glatt tar ein gong til!!

Varden som markerer det høgaste punktet på turen. 1743 moh.

Fyrst yte så nyte

Etter ein dag på tur i den varkre fjellheimen vår, smakar det alltid godt med både ei kald ei og ein god middag. Denne dagen var intet unntak.

Middagen smakte fortreffeleg etter ein tur som dette
Desserten mmmm

Me fekk ein nydeleg middag med påfølgande like god dessert

Ein ting er lika sikkert som banken….Turen heimover er utruleg mykje meir roleg enn turen ut…. 😀

Takk for nok ein nydeleg tur!

Linda

Hallingskarvet og Lordehytta

Busstur frå SØRAL over Haukeli via Geilo til Hol og Raggsteindalen Høyfjellsstue ved Strandavatn, 1000 moh

Hallingskarvet 2014
Over Nordrestølen   Ein rast ved Folarskardtjørnan, på 1465 meter, før oppstigninga til Lordehytta i Folarskadet på Hallingskarvet 1620 moh.

Hallingskarvet 2014
Hallingskarvet 2014

Været ser litt spøke ut, klarnar det opp? ..eller blir me våte?

Men klare er me for ein flott fottur i Hallingskarvet Nasjonalpark

Hallingskarvet 2014
Hallingskarvet 2014
Hallingskarvet 2014
Hallingskarvet 2014
Humøret på topp
Hallingskarvet 2014

Me vart våte! Men det var fyrst når me nådde toppen, då vart me berika med både sludd og regn.

Då var det ganske greit å få kome innomhus å eta nista si

Hallingskarvet 2014
Hallingskarvet 2014
Uten mat og drikke…
Hallingskarvet 2014
Målet er nådd
Hallingskarvet 2014
Hallingskarvet 2014
Hallingskarvet 2014
Etter ein god tur, smakar det alltid godt med både god mat og godt drikka

Preikestolen, Flørli og Fjordcruise i Lysefjorden 2017

Ut på tur aldri sur

Avreise SØRAL, eller Hydro Husnes, som det heiter no…. 34 personar med buss, same trivelege sjåfør som alltid, på veg ut i den norske fjellheimen. Denne gangen tidlegare avgang enn førre år, av di me skulle koma oss til Preikestolen allereie same dag, og deretter inn til Flørli.

Meldingane var gode, været skulle bli flott når me skulle gå….så feil desse meterologane tar.

Våte som kråker

Fjellturar - BIL tur 17
Lang lang rekke….

Turen opp til Preikestolen gjekk greit. Det var mykje folk, så det vart litt kø gåing og venting for å sleppe dei som var på veg nedover forbi.

Fjellturar - Preikestolen
Pjusken kråka på Preikestolen
Fjellturar - BIL tur 17
Store krefter har vore i sving her ein gong i tida

Fjellturar - BIL tur 17
Magisk er jo den Norske fjellheimen uansett vær
Fjellturar - BIL tur 17
Vi vandrer (ned att) med freidig mot…

Opp kom me, og våte som kråker var me. Utsikta, som jo er/skal vera fantastisk, låg skjult i skodda og tunge regnskyer.

Uansett!! Det er jo ein fantastisk stad, og turen flott.


Me må nok tilbake her ein solfylt sommardag òg!

 

 

Flørli

Etter endt tur til Preikestolen, og alle var komne velberga ned til bussen att, gjekk turen til Lysefjordsenteret. Her vart bussen parkert og me gjekk ombord i M/S Rygerprins som skulle ta oss inn til  Flørli.

Fjellturar - BIL tur 17
Fjellturar - BIL tur 17

Dette er ei grend langs sørsida av Lysefjorden med 13 bustadhus. Dei som tidlegare var busette her var kraftverksarbeidarar i Flørli kraftverk, med familiane sine.

~NO klarna sjølvsagt været opp ?~

Fjellturar - BIL tur 17
Fjellturar - BIL tur 17

Me var nøgde med turen so langt. Trass i regnet. Då me kjekk på land på Flørli vart me godt tatt imot og innkvartert i våre bustadar av vertskapet, nederlenderen Hessel Haker, som flytta her til i januar 2015. Standarden på innkvarteringa var vel ikkje den heilt store, men det var reint og selskapet godt. Bygningsmassen treng omfattande vedlikehald.

Om berre fleire tar turen inn her, så får dei som driv staden litt meir pengar til oppussing. Det kan verkjeleg anbefalast!

Agnes Tiffon, billedkunstnar og ein av dei tre fastbuande, har ateliè i 2.etasje på kraftstasjonen. Ho var den einaste fastbuande her i omlag 10 år før Hessel flytta inn.

I 1915 vart bygginga av Flørli kraftstasjon starta. Opprinneleg var planen at krafto skulle gå til eit tysk elektrosmelteverk som var planlagt, og aldri vart noko av. Bygdo hadde både post og butikk, og på det meste gjekk det 30 born på skulen på kaien. Då Lyse, i 1999, bygde ny og automatisert kraftverk langt inne i fjellet, vart staden fråflytta.

Etter mange år til forfalls, ville Lyse riva tretrappene. Dette klarte ildsjeler saman med reiselivet og det offentlege å forhindra. Og i 2012 vart trappo restaurert, Flørli-trappo er 1600 meter lang og går frå sjøen og opp til Ternevatnet, ei stigning på 740 meter.

Det er laga ein «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» episode om Flørli og dei som driv dette i dag. Og du kan fylgje Flørli Tidene på Facebook .

Området her er ganske så bratt, så berre å gå til og frå restauranten i kraftverket på kaien, var god trim. Fekk jo over 1000 skritt på Fitbit`n før frukost ?

Flørlitrappene

Fjellturar - BIL tur 17

Målet for denne turen var sjølvsagt trappene, Flørlitrappene4444 trappetrinn til topps!


Bratt! Brattare! Brattast! Flott! Flottare! Flottast! 


Etter ein god frukost, og smørjing av niste, var me klar til avgang laurdag morgon.

Å vakna til nydeleg sol -sjølv om me var på skuggesida-  og blå himmel, var fantastisk. Dette gav lovnadar om ein flott dag.

Fjellturar - BIL tur 17
Fjellturar - BIL tur 17
Litt opp-psyking før start

Fjellturar - BIL tur 17
Då har me fått smakt litt på kva den næraste framtida har å by på
Fjellturar - BIL tur 17
…367, 368, 369, 370 …..
Fjellturar - BIL tur 17
Need I say more…
Fjellturar - BIL tur 17
Alle heng på
Fjellturar - BIL tur 17
Kvilebua kjem til syne

Denne trappa er Noregs lengste trapp og truleg verdas lengste tretrapp.

Den går langs røyrgata frå Flørli kraftstasjon til Ternevatn og er 740 meter lang. På det meste er det 45 grader bratt.

Den vart laga i 1918 då røyrgata vart bygga, og opna for allmennheita i 2003.

Trappa er så smal at ein berre kan gå ein (1) i bredda, og så bratt at litt avstand mellom er lurt, om ein ikkje vil sparke borti einannan.

Midtveis i trappa er det laga ei lita kvilebu.

Fjellturar - BIL tur 17
Blir da brattare no så går me loddrett
Fjellturar - BIL tur 17
Der er det 4444 trinnet!!
Fjellturar - BIL tur 17
Tusen trinn unnagjort, berre 3444 att

Fjellturar - BIL tur 17
…3000….

Eg skjønar veldig godt at det berre er lov å gå opp (og ikkje ned) her!

Turen gjekk overraskande greit, til og med med mine, til tider, veldig dårlige hofter og bekken. Ein må berre halde tunga rett i munnen, vil ikkje snofle her. Så starter ein på teljinga, og finn tempoet sitt.

1 – 2 – 3 – ……2587 – 2588 –  ….. 4444!

Fjellturar - BIL tur 17
Fyrste pulja ferdig med trappene, no er det berre «barneskirenn» resten 😉

 

 

Vikingar

Fjellturar - BIL tur 17
Ein fortjener noko ekstra godt no…

Sola fekk me ikkje smaka noko på før me kom til topps, men ingen kan vel seie at me ikkje vart varme på vegen likevel.

Vel oppe ved røyrgatas ende kunne me nyta litt påfyll av energi i sola. Me var heller ikkje den einaste gruppa som hadde vald denne morgonen til trappegange. Me var ganske mange på toppen etter kvart. Nokre valde til og med å ta ein dukkert i det iskalde vatnet, Vikingar!

Fjellturar - BIL tur 17
Vakkert ved røyrgatas ende
Fjellturar - BIL tur 17
Fjellturar - BIL tur 17

Alderen tar på, eller er det fusk i det digitale apparatet…

Etter timar med leiting på pc og eksterne harddisker i frustrasjon, finn eg ikkje att alle bileta mine frå turen vidare.

Om eg brått skulle vera så heldig å komma over bileta, blir eg glad.

Om ikkje, så har eg enn så lenge, minna.

Så kor flott bl.a. Skulestovepub`n, kraftstasjonen, turen ned frå fjellet, utsikta og solnedgangen var, det kan du berre tenkje deg.

Eller ta turen inn til Flørli, gå trappene og ta ei øl på pubben, å opplev sjølv. Det kan anbefalast!!

Fjellturar - BIL tur 17
Fint i den Norske fjellheimen
Fjellturar - BIL tur 17
Vart ikkje Kjerag denna gongen, kanskje neste
Fjellturar - BIL tur 17
Nedturen er bratt den òg

Om du ikkje har så god fantasi, eller likar sånne fysiske utskeiingar, kan du ta ein tur inn her eller her å sjå.

Etter at me slitne og nøgde var vel «heimkomne» att, var det tid for dusj og litt avslapping før middag på Kraftstasjonen. Skulepubben vart opna for kvelden, og dei som hadde ynskje om det kunne ta seg ein dukkert i stampen på kaien.

Heile opphaldet var som, tidvis, å gå tilbake i tid. Husa/leilighetane me budde i var «endå» frå den tida dei vart ført opp.

Det var ikkje berre me som overnatta her denne helga, det låg båtar til kai og nokre hadde slått opp telt.

Fjordcruise i Lysefjorden

Fjellturar - BIL tur 17
Sightseeing i Lysefjorden

Søndag morgon vakna me til eit aldeles nydeleg vær. Etter frukost og utsjekk på formiddag, gjekk me på ny ombord i båten. No for å få ein triveleg omvising i Lysefjorden.

Magisk

Fjellturar - Preikestolen
Litt betre vær for dei som er her oppe i dag

Når himmelen er blå, fjorden er tilnærma blank og me er på båttur i ein av våre utruleg vakre fjordar…..då kjenner ein det i heile kroppen. På slike dagar finnes det ingen vakrare stadar enn Noreg og vestlandet. Det er berre heilt magisk!!

Fjellturar - Preikestolen
Preikestolen frå havnivå
Fjellturar - BIL tur 2017
Henjanefossen
Fjellturar - BIL tur 17
Henjanefossen

Her ved Hengjanefossen gjekk båten heilt innunder fossefallet for å henta reint vatn i ei bøtte. Dette vatnet fekk me ein smaksprøve på.

 

 

Om du ser godt etter så ser du eit lysare hjarte markert i fjellveggen, eg kan ikkje minnast historia som vart fortald rundt dette, men det hadde noko med eit troll og kjærleik å gjera.

Fjellturar - BIL tur 17
Hjartet i berget
Fjellturar - BIL tur 17
Jettegryto

Me var òg innom Fantahålå, og me mata Geitene, men bileta her ligg på same stad som dei andre som er forsvunne i ein annan dimensjon……..

Etter endt Fjordcruise vart me satt av på Oanes, der bussen vart forlatt fredag i kveldinga. Heimturen byrjar….. lurar allereie på kvar turen går til neste år..??

Linda

 

 

Historie

Allereie på 1600-talet var det fast busetnad i Flørli. Bygda var truleg grunnlagt rundt saga og sagbruket som gjekk i Flørliåna. Bygda vart lagt aude i nesten 100 år etter eit steinras som gjekk i 1708. Rundt 1800 var det liv igjen i Flørli og i 1802 vart Flørli skilt ut fra Kallali som eigen gard. Garden vart dreven til 1915-1920.

Den seinare bebygginga i Flørli vart etablert samstundes med bygginga av Flørli kraftstasjon, rundt 1913 til 1918, og tok over for gården. 119 arbeidarar, 28 kvinner og 37 barn var registrert i Flørli i 1916. I 1929 kjøpte Stavanger kommune opp eigedommen og dreiv kraftverket fram til Lyse kraft tok over i 1992.

På det meste var det 30 barn på Flørli skule, og bygda hadde post og butikk. Skulen vart stengd i 1970 og butikken i 1981. Flørli vart fråflytta i 1999 på grunn av automatisering av kraftverks drifta.

I dag er ein del av husa solgt som fritidshus, og det er rift om byggningane som ligg midt i ei turistperla. Maskinistboligen, som vart reist i 1949, var det aller fyrste huset som vart solgt til private. Det er tre fastbuande på Flørli.

I tillegg til eigedommane som vart solgt til private, disponerer Ryfylke Friluftsråd, Stavanger Turistforening og Stavanger kommune kvar sine. Nokre bygg er også ein del av drifta som er på den gamle kraftstasjonen (konsertscene, kafé og utstilling om bygdas historie).

Fjellturar - BIL tur 17

Flørlistølen ligg over Flørli og er tidligare drevet som ein støl. Flørli turiststasjon er et tidligare skulehus i Flørli. Begge er i dag turistforeningshytter som eiges og drives av Stavanger Turistforening.

Stølen ligg rundt ein times gange, bratt opp frå fjorden. Den har seks senger og er ubetjent heile året. Flørli turiststasjon ligg rundt 100 meter over havet i toppen av bebygginga i Flørli. Turiststasjonen er ubetjent om sommaren og ikkje til bruk om vinteren. Huset som blir brukt er det eldste i Flørli.

Overnatting tilbys òg av Flørli 4444, som disponerer leiligheter og har ein vandreheim i grenda. (Wikipedia)