Skip to content

…livets gleder

Kvar du enn i verda fer – alltid du møter ein Olderkjær!

Menu
  • Blue Marraca – Hytta Vår
  • Reiser
    • Noreg
    • Hellas
    • Thailand
    • Polen
    • Island
    • Sverige
    • Nederland
    • Vietnam
    • Kambodsja
    • Estland
  • Fjellturar
  • Mine hobbyar
  • Blogg

Estland

Tallinn – vår tur

Ein gong fann me vegen til Estland og Tallinn. Litt tidleg på våren så det var surt og kaldt, men for ein interresant by. Les om turen vår her


Republikken Estland er eit land i det nordøstlige Europa. Det er det minste og det nordligaste landet av dei tre republikkane som utgjer Baltikum. Det grensar mot Østersjøen i nord og vest, mot Latvia i sør og Russland i øst.
 
Hovudstad: Tallinn
Landskode: +372
Valuta: Euro 
Befolkning: 1,312 millioner (2015)
Offisielt språk: Estisk
 
 
 
 
 

Landet er litt mindre enn Finnmark fylke.

Etter å ha blitt annektert av Sovjetunionen i 1940, fekk landet tilbake sitt sjølvstende i 1991. Myndighetenes forhold til Russland og den store russiske minoriteten i landet er dårleg.

Estland (namnet) kan vere etter folkeslaget estere, nemnt i skriftlege kilder frå det 1. århundre e. Kr., eller det gamle norrøne namnet Eistland, av folkenamnet eistr (‘esternes land’).

Estland er eit av verdas minst religiøse land; 75,7 prosent av befolkninga er utan religion. Av dei øvrige er 14,8 prosent medlem av den evangelisklutherske kyrkje og nesten like mange er medlem av den østlige ortodokse kyrkje.

Forventa levealder ved fødsel er 79,4 år for kvinner og 68,6 år for menn (2013).

Befolkningstilveksten er negativ blant anna på grunn av aldersstrukturen (ein høg andel eldre) og utvandring.

Estland var opprinnelig bebudd av finsk-ugriske stammer. Fra 800-tallet reiste vikingar gjennom Estland. På 1000-tallet dreiv estere plyndrings- og handelstokter til Sverige og Danmark. Russera angreip særskilt den sørøstre delen av Estland fleire gangar i middelalderen.

Tyskarar og danskar angreip Estland og andre baltiske områder med korstog sidan esterne ikkje var kristna. I slaget ved Viljandi i 1217 vart esterne slått av tyske riddarar, latviarar og livere. Den sørlige delen av landet vart lagt under Sverdridderordenen og biskopen av Riga.

I nord lot tyskerne danskekongen Valdemar Seier erobra blant anna Tallinn (‘den danske byen’). Dansk kolonisering fulgte ikkje erobringa; derimot kom det til fleire estiske opprør. I 1346 solgte kong Valdemar Atterdag Nord-Estland til Den tyske orden som Sverdridderordenen var blitt ein del av.

Tyskarar herska over Estland i fleire hundre år og fleire av byane var medlem av Hansaforbundet. Dei fekk velstand gjennom handel med Russland. På 1500- og 1600-tallet vart dei estiske bøndene livegne. På 1500-tallet prøvde russerane å erobra Estland, men landet vart delt mellom Polen, Sverige og Danmark. I 1648 avstod Danmark sin del til Sverige og i 1721 (freden i Nystad) vart heile Estland russisk.

I februar 1918 erklærte Estland sjølvstende etter at finnane og baltiske tyske styrkar hadde hjulpet til med å få ut bolsjevikarane. Estland fekk eit liberaldemokratisk styre med autoritære innslag. Ved freden i Tartu i 1920 anerkjente Sovjetunionen Estlands uavhengighet “til evig tid”. I 1920-åra var den politiske situasjonen ustabil og i 1937 fekk landet ein forfatning med delvis korporativt preg.

I 1940 vart Estland erobra av sovjetiske tropper og innlemma i Sovjetunionen som ein sovjetrepublikk. Landet vart okkupert av Tyskland i 1941 og re-okkupert av Sovjetunionen i 1944.

Etter den andre verdenskrig foregjekk ein betydelig innvandring av russarar og deportasjon av estere til Sovjetunionen. I 1980-åra foregjekk ei nasjonal oppvaking med krav om økonomisk og politisk uavhengighet. Under statskuppet i Sovjetunionen og landets samanbråt i 1991 erklærte Estland uavhengighet. I 1992 vart mynteininga kroon innført.

Estland vart medlem av NATO og EU i 2004 og innførte euro som valuta i 2011.

Sidan 1990-åra har esternes forhold til den russiske minoriteten, som krev statsborgerskap og stemmerett, samt grensetvistar med Russland, vært dei største politiske problema.

Kjelder:

Store Norske Leksikon

Me valde Tallinn som vårt reisemål. Her kan du lesa om turen vår

Nyleg lagt ut

  • Sortland 5. april 2023
  • Berlevåg 5. april 2023
  • Teikning 15. mai 2020
Rhodos
«å leve er ikkje akkurat det lettaste som finst
ikkje alltid vakre roser og fin musikk
men sidan no dette orgelet likevel står her kan vi vel spele litt på det» 
- Arne Ruset-
 

Arkiv

  • april 2023
  • mai 2020
  • november 2019
  • oktober 2019
  • september 2019
  • september 2018
  • mai 2018

Merkelappar

Badeliv Bangkok BIL tur Bløtkake Boller Delphos Drops Design Dukker Fantastiske fjell Fantastisk utsikt Ferie Festkake God mat Hardangervidda Hua Hin Julekaker Kaffigodt Kjeks Kremkake Kreta Kvit Dame Livet er best ute Maeklong Marius mønster Marius strikk Mercy Noreg Norsk Fjellheim Nydeleg natur Poncho Red Velvet Reiser Røykfri uteservering Shopping Sjokoladekake Sol og Varme Sommartopp strikking Sukkerbrød Suksabai Temakaker Thailand Tog-marked Tromsdalstinden UT på Tur

Kategoriar

Open Maps Widget for Google Maps settings to configure the Google Maps API key. The map can't work without it. This is a Google's rule that all sites must follow.

2023 | …livets gleder

…livets gleder

Powered by WordPress