Kvar du enn i verda fer - alltid du møter ein Olderkjær!

Tallinn

Tallinn

Utsikt frå Toompea åsen

Tallinn

Utanfor ein sportsbar og bryggeri

Kvart år spanderar Atle ein tur på meg til bursdagen min, i år vart det til Tallinn. Me reiste frå Flesland på ettermiddagen, via Gardermoen og Arlanda til Tallin. Ei skikkeleg mjølkeruta, men triveleg sidan me reiste på plus billett. Heiv oss i ein taxi på flyplassen og var innlosjert på hotellet ganske kjapt, men seint på kveld. Hotellet me hadde landa på til slutt var PK Il Marine, eit greit og ganske sentralt hotell.

Sidan klokka no nærma seg midnatt, passa det seg godt å ta seg ein liten spasertur til gamlebyen for litt nattmat og drikka. Og me var godt forberedt på klimaet, til denne turen var det pakka med godt med ull og varme klede, skal lova det var kaldt!

Tallinn

Gløgg/Hot Wine/Hõõgvein

Etter ein god frukost dagen etter, var det på tide å ta med seg kameraet og koma seg på sightseeing. Været var ganske fint, men grueleg kaldt. Det skulle visa seg å bli verre! Halvvegs i sightseeinga vår vart me overraska av snø og sludd «storm», så me fulgte fjellvettreglane og snudde i tide, eller gravde oss ned på fyrste og beste restaurant og bestillte Hot Wine(Hõõgvein eller Gløgg). Skjønar ikkje kvifor me berre drikk det til jul,

Tallinn

Domkyrkja, Maria kyrkja

det smakar og varmar jo lika godt på alle kalde dagar.

 

Etter eit par så hadde me fått varmen att i kropp og sjel, og var klare for neste etappe.

 

Tallinn

Ein kunstutstilling i Draakoni Gallery i Pikk 18

Tallinn

Rådhuset

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Tallinn – Estlands hovudstad og viktigaste hamneby

Tallinn

Alexander Nevskij Katedralen

Tallinn

Riigivanema Maja

Tallinn

Jardines del Rey Danes

Tallinn

Virgins tower

Tallinn er hovudstaden i Estland og er mest kjend for sin middelalderbebyggelse. Heile byens historiske sentrum er på UNESCOs verdsarvsliste. Tallinn har historisk vore kjend for sine fine hamner i tillegg til å ha vore ein stor marknadsstad sidan 900-tallet.

Tallinn

Rådhusplassen

Befolkninga er opptatt av å bevara det ekte estlandske. I tillegg finnes her endeslaust med butikkar, barar og restaurantar. Været i Tallinn er vanlegvis bra, frå mai til september er det god sommartemperatur. Me var litt for tidleg for den rette temperaturen, her var bikkjekaldt!

Tallinn er Estlands viktigaste hamneby. Her kjem det turistar frå heile Norden, og sidan Tallinn ligg berre 8 mil sør for Helsinki, er det mange finnar som tar snøggbåten mellom landa på helgatur, eller dagstur, for shopping og fest. Harryhandel er det ikkje berre nordmenn som bedriv…

«La deg sjarmera av brusteinsgatene i Tallinn, som var ein av hanseataranes byar. Tallinns historie er fasinerande, og gater og byggverk er vitnesbyrd på tidligare tider. Me anbefalar Tallinn på det varmaste», skriv Reiseplaneten.no, og det er me einige med dei i!

 

 

Tallinn

Fat Margaret

Tallinn

Church Of The Holy Spirit

Tallinn

Er godt me ikkje lever i middelalderen og treng slik ein bekledning

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Tallinn

Minnesmerket over dei omkomne i Estonia ulukka «The Broken Line Monument»

Tallinn

Estonian Maritime Museum

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Tallinn

Hadde vore noko for inngangspartiet heima… House of the Blackheads

Tallinn

Ei av dei mange flotte utstillingsdokkene i Tallin vart eg jo nødt til å bli fotografert saman med 🙂

Reiser - Tallinn

Kalamaja Pagarikoda. Ein spesiell restaurant. Veldig trivelieg, sterkt anbefalt!

Reiser - Tallinn

Kalamaja Pagarikoda Lokalt øl

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Reiser - Tallinn

Kalamaja Pagarikoda. Kaffe og kaker måtte til, til dessert.

Reiser - Tallinn

Olde Hansa – Middelalder restaurant

Reiser - Tallinn

Olde Hansa – Middelalder restaurant

Reiser - Tallinn

Olde Hansa – Middelalder restaurant

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Reiser - Tallinn

Ikkje eit bra namn til ein butikk i Norge, men her…

Reiser - Tallinn

Uulits – Verdens beste hamburger, eller vertfall den beste me har smakt

Reiser - Tallinn

Bobler er aldri feil!

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Reiser - Tallinn

Linda Line 🙂

 

 

 

 

 

 

Rocca Al Mare Friluftsmuseum

Tallinn

Me har etter kvart vore innom eit par friluftsmuseum, og kan verkeleg anbefala det. Særleg om du likar litt historie, men uansett er det ganske så triveleg å berre spasera rundt, i det tempoet ein ynskjer, å sjå seg omkring.

Om været er flott i tillegg er det jo berre lekkert, her brukar ein glatt heile dagen.

 

 

Rocca al Mare, TallinnTallinn

 

Likar ein å fotografere òg, så går timane fort, for her er mange flotte motiv.

 

 

 

Rocca al Mare, Tallinn

Rocca al Mare, Tallinn

 

Heile området er idyllisk og romantisk. Sidan me er så tidleg på året, sommarsesongen har akkurat opna, er ikkje alt på stell ennå. Blant anna er ikkje dyra komne ut, og det er ikkje liv i alle tuna, slik det skal vera.

Rocca al Mare, TallinnRocca al Mare, Tallinn

 

 

Det er viktig at slike gamle reiskapar vert tatt vare på, det var ein gong….

Rocca al Mare, TallinnRocca al Mare, Tallinn

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Rocca al Mare, TallinnRocca al Mare, Tallinn

 

 

Den eldste bygningen  er ei trekyrkje frå 1699. Ellers er dei fleste bygningane frå byrjinga av 1800 tallet og frametter.

 

 

 

Reiser - Tallinn

Reiser - Tallinn

Reiser - Tallinn

Deilig varm kjøttsuppe, velsmakande dessert og Hotwein, gjorde godt på ein nydeleg, men kald dag

 

 

 

 

 

 

 

 

«Bare den som oppsøker fortiden, kan bli til stede i nåtiden og ha mot på fremtiden.» (Per Arne Dahl)

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Kjelder:

reiseplaneten.no