Stikkord: Boller

 

Tangzhong style

Kveiteboller laga på Tangzhong vis

Tangzhong er ein asiatisk bakemetode som gir saftigare bakverk avdi ein aukar mengda med veske i deigen. Dette gjer ein ved å laga ei jevning av mjøl og vatn som ein kokar opp.

Denne metoden var det Elin V Nilsen som bragte til Norge. Ho er konditor og står bak bakebloggen Krem.no

Boller – Tangzhong style

Jevning:
40 g Kveitemjøl
200 g Mjølk
avkjøl jevningen før du blandar inn resten (bortsett fra smøret)

Ingredienser:
460 g Kveitemjøl
1 dl Sukker
20 g Gjær
175 g  Kald væske (gjerne melk)
75 g Smør i terningar (tilsettes etter ca. 10 min)
2 ts Kardemomme
1 egg (valfritt)
ei lita klype salt

1. Lag ein jevning av mjøl og væske. Kok den opp. Avkjøl til romtemperatur. Bland jevning og resten av ingrediensane i bakebollen. Smuldre gjæren i bollen.
2. Kutt smøret i terningar. Tilsett det når deigen har elta 7-10 minutter.
3. Deigen eltes godt, totalt ca. 15-20 minutt. Sett på full fart siste 5 min. Når du kan dra ut ein tynn, gjennomsiktig deighinne mellom fingrane er den ferdig elta. Viss den rivnar, elt deigen vidare.
4. Pakk bakebollen inn i plast og sett lunt for heving
5. Når deigen har heva til dobbel størrelse, lag bitar på ca. 50 gram eller mer. Rull til bollar og sett på ei bakepapirkledd plata. 
7.  Etterheving ca. 35-45 minutter.
8.  Steikes på 225 grader (over/undervarme) 7-12 minutter (pensle med egg før steiking om du ønsker)


Mitt forsøk nr. 1

Kveiteboller laga på Tangzhong vis

Mitt første forsøk på desse bollane. Eg hadde ikkje fersk gjær og brukte difor tørr. Mine er også rulla ut i størrelser på rundt 90 gr. Og eg syntes dei fortsatt vart små. Dei etterheva seg lite, dette kan ha med gjæren å gjer. Har no gått til innkjøp av fersk gjær og står på trappene til eit nytt forsøk 🙂

Gjærbakst

Boller

Denne oppskrifta har eg etter mi besta, ho fann den i eit ukeblad ein gong i nitten-pil-og-bue. Det er tebrød opprinneleg, men er brukande til det meste.

Gjærbakst
Skulebollar
Gjærbakst
Kanel i svingane