…eit must for alle som likar å gå i fjellet, og som ikkje er særleg redd for høgder 😉
Tidleg påan for avreise
Fjellturen starta, som den pleier, med bussavgang frå SØRAL (Hydro Husnes) på ein fredag morgon.
Denne dagen har me ein forholdsvis lang tur framom oss, men med nokre stopp på vegen, for både mat og shopping, så kjem me fram til målet vårt som er: Gjendesheim
Her vert me tildelt rom etter kvart som me mønstrar av bussen.
Utan mat og drikke
Tidleg påan med ein god frukost, inkludert smørjing av ei god og energigivande nista. Sekken er pakka med det ein behøver på ein slik tur, og etter været. Denne dagen såg ut til å kunne bli aldeles fantastisk.
Geografi
Besseggen, eller Besseggi, er ein fjellrygg i Vågå kommune i Oppland fylke. Besseggen ligg øst i Jotunheimen, mellom vatna Gjende og Bessvatnet. Turen over Besseggen er ein av dei mest populære fjellturane i Noreg. Omlagt 50 000 mennesker går denne turen kvart år.
Me byrja turen med Gjendebåten frå brygga ved Gjendesheim om morgonen over Gjende vatnet og inn til Mumurubu.
Dei fleste som går over Besseggen tar båten over Gjende -vatnet før ein tar fatt på fjellturen. Gjendebåten går frå brygga ved Gjendesheim kvar morgon. Du kan gå den andre vegen òg. Då startar du turen frå Gjendesheim eller Bessheim. Om du vel å gå den vegen, går du ned Besseggen og ender opp i Memurubu, der tar du båten tilbake til Gjendesheim.
Gjendebåten
Båten var heilt full, det var, som alltid, mange som hadde samme planar som oss for denne dagen.
Mumurubu
Ved Memurubu var det kø på toaletta, slike ærend er det alltid lurt å gjera unna før start. Det er ikkje like enkelt å finna seg ein stad i skjul, med så mykje mennesker rundt seg.
Lang tur
Dei fleste brukar mellom 6 og 8 timer, inkludert pauser, på å gå Besseggen. Med ein stigning på nesten 1000 høgdemeter, og ei lengde på rundt 13km, er Besseggen ein lang tur.
Ein liten rast for litt info
Etter å ha trava avgårde ei stund var det klart for ein liten rast. Litt praktisk info og råd frå våre flinke turleiarar, Bjørn og Ståle.
I midten av biletet ser ein «Bandet». Dette er en smal rygg som hindrar Bessvannet (1374 moh) å renna ut i Gjende som ligg 400 meter lavare. Det seies at Bessvannet er Noregs reineste innsjø med ein sikt på ca. 30 meter.
Atle på veg…
Mykje folk som ville over Besseggen i dag
Her er det best å halde tunga beint i munnen..
Ei skræmande fantastisk utsikt, men bilete må ein ha..
Naturen vår er utruleg vakker
Dette er ein tur eg glatt tar ein gong til!!
Varden som markerer det høgaste punktet på turen. 1743 moh.
Fyrst yte så nyte
Etter ein dag på tur i den varkre fjellheimen vår, smakar det alltid godt med både ei kald ei og ein god middag. Denne dagen var intet unntak.
Middagen smakte fortreffeleg etter ein tur som dette
Desserten mmmm
Me fekk ein nydeleg middag med påfølgande like god dessert
Ein ting er lika sikkert som banken….Turen heimover er utruleg mykje meir roleg enn turen ut…. 😀
Avreise SØRAL, eller Hydro Husnes, som det heiter no…. 34 personar med buss, same trivelege sjåfør som alltid, på veg ut i den norske fjellheimen. Denne gangen tidlegare avgang enn førre år, av di me skulle koma oss til Preikestolen allereie same dag, og deretter inn til Flørli.
Meldingane var gode, været skulle bli flott når me skulle gå….så feil desse meterologane tar.
Våte som kråker
Lang lang rekke….
Turen opp til Preikestolen gjekk greit. Det var mykje folk, så det vart litt kø gåing og venting for å sleppe dei som var på veg nedover forbi.
Pjusken kråka på Preikestolen
Store krefter har vore i sving her ein gong i tida
Magisk er jo den Norske fjellheimen uansett vær
Vi vandrer (ned att) med freidig mot…
Opp kom me, og våte som kråker var me. Utsikta, som jo er/skal vera fantastisk, låg skjult i skodda og tunge regnskyer.
Uansett!! Det er jo ein fantastisk stad, og turen flott.
Me må nok tilbake her ein solfylt sommardag òg!
Flørli
Etter endt tur til Preikestolen, og alle var komne velberga ned til bussen att, gjekk turen til Lysefjordsenteret. Her vart bussen parkert og me gjekk ombord i M/S Rygerprins som skulle ta oss inn til Flørli.
Dette er ei grend langs sørsida av Lysefjorden med 13 bustadhus. Dei som tidlegare var busette her var kraftverksarbeidarar i Flørli kraftverk, med familiane sine.
~NO klarna sjølvsagt været opp ~
Me var nøgde med turen so langt. Trass i regnet. Då me kjekk på land på Flørli vart me godt tatt imot og innkvartert i våre bustadar av vertskapet, nederlenderen Hessel Haker, som flytta her til i januar 2015. Standarden på innkvarteringa var vel ikkje den heilt store, men det var reint og selskapet godt. Bygningsmassen treng omfattande vedlikehald.
Om berre fleire tar turen inn her, så får dei som driv staden litt meir pengar til oppussing. Det kan verkjeleg anbefalast!
Agnes Tiffon, billedkunstnar og ein av dei tre fastbuande, har ateliè i 2.etasje på kraftstasjonen. Ho var den einaste fastbuande her i omlag 10 år før Hessel flytta inn.
I 1915 vart bygginga av Flørli kraftstasjon starta. Opprinneleg var planen at krafto skulle gå til eit tysk elektrosmelteverk som var planlagt, og aldri vart noko av. Bygdo hadde både post og butikk, og på det meste gjekk det 30 born på skulen på kaien. Då Lyse, i 1999, bygde ny og automatisert kraftverk langt inne i fjellet, vart staden fråflytta.
Etter mange år til forfalls, ville Lyse riva tretrappene. Dette klarte ildsjeler saman med reiselivet og det offentlege å forhindra. Og i 2012 vart trappo restaurert, Flørli-trappo er 1600 meter lang og går frå sjøen og opp til Ternevatnet, ei stigning på 740 meter.
Området her er ganske så bratt, så berre å gå til og frå restauranten i kraftverket på kaien, var god trim. Fekk jo over 1000 skritt på Fitbit`n før frukost
Flørlitrappene
Målet for denne turen var sjølvsagt trappene, Flørlitrappene, 4444 trappetrinn til topps!
Etter ein god frukost, og smørjing av niste, var me klar til avgang laurdag morgon.
Å vakna til nydeleg sol -sjølv om me var på skuggesida- og blå himmel, var fantastisk. Dette gav lovnadar om ein flott dag.
Litt opp-psyking før start
Då har me fått smakt litt på kva den næraste framtida har å by på
…367, 368, 369, 370 …..
Need I say more…
Alle heng på
Kvilebua kjem til syne
Denne trappa er Noregs lengste trapp og truleg verdas lengste tretrapp.
Den går langs røyrgata frå Flørli kraftstasjon til Ternevatn og er 740 meter lang. På det meste er det 45 grader bratt.
Den vart laga i 1918 då røyrgata vart bygga, og opna for allmennheita i 2003.
Trappa er så smal at ein berre kan gå ein (1) i bredda, og så bratt at litt avstand mellom er lurt, om ein ikkje vil sparke borti einannan.
Midtveis i trappa er det laga ei lita kvilebu.
Blir da brattare no så går me loddrett
Der er det 4444 trinnet!!
Tusen trinn unnagjort, berre 3444 att
…3000….
Eg skjønar veldig godt at det berre er lov å gå opp (og ikkje ned) her!
Turen gjekk overraskande greit, til og med med mine, til tider, veldig dårlige hofter og bekken. Ein må berre halde tunga rett i munnen, vil ikkje snofle her. Så starter ein på teljinga, og finn tempoet sitt.
1 – 2 – 3 – ……2587 – 2588 – ….. 4444!
Fyrste pulja ferdig med trappene, no er det berre «barneskirenn» resten 😉
Vikingar
Ein fortjener noko ekstra godt no…
Sola fekk me ikkje smaka noko på før me kom til topps, men ingen kan vel seie at me ikkje vart varme på vegen likevel.
Vel oppe ved røyrgatas ende kunne me nyta litt påfyll av energi i sola. Me var heller ikkje den einaste gruppa som hadde vald denne morgonen til trappegange. Me var ganske mange på toppen etter kvart. Nokre valde til og med å ta ein dukkert i det iskalde vatnet, Vikingar!
Vakkert ved røyrgatas ende
Alderen tar på, eller er det fusk i det digitale apparatet…
Etter timar med leiting på pc og eksterne harddisker i frustrasjon, finn eg ikkje att alle bileta mine frå turen vidare.
Om eg brått skulle vera så heldig å komma over bileta, blir eg glad.
Om ikkje, så har eg enn så lenge, minna.
Så kor flott bl.a. Skulestovepub`n, kraftstasjonen, turen ned frå fjellet, utsikta og solnedgangen var, det kan du berre tenkje deg.
Eller ta turen inn til Flørli, gå trappene og ta ei øl på pubben, å opplev sjølv. Det kan anbefalast!!
Fint i den Norske fjellheimen
Vart ikkje Kjerag denna gongen, kanskje neste
Nedturen er bratt den òg
Om du ikkje har så god fantasi, eller likar sånne fysiske utskeiingar, kan du ta ein tur inn her eller her å sjå.
Etter at me slitne og nøgde var vel «heimkomne» att, var det tid for dusj og litt avslapping før middag på Kraftstasjonen. Skulepubben vart opna for kvelden, og dei som hadde ynskje om det kunne ta seg ein dukkert i stampen på kaien.
Heile opphaldet var som, tidvis, å gå tilbake i tid. Husa/leilighetane me budde i var «endå» frå den tida dei vart ført opp.
Det var ikkje berre me som overnatta her denne helga, det låg båtar til kai og nokre hadde slått opp telt.
Fjordcruise i Lysefjorden
Sightseeing i Lysefjorden
Søndag morgon vakna me til eit aldeles nydeleg vær. Etter frukost og utsjekk på formiddag, gjekk me på ny ombord i båten. No for å få ein triveleg omvising i Lysefjorden.
Magisk
Litt betre vær for dei som er her oppe i dag
Når himmelen er blå, fjorden er tilnærma blank og me er på båttur i ein av våre utruleg vakre fjordar…..då kjenner ein det i heile kroppen. På slike dagar finnes det ingen vakrare stadar enn Noreg og vestlandet. Det er berre heilt magisk!!
Preikestolen frå havnivå
Henjanefossen
Henjanefossen
Her ved Hengjanefossen gjekk båten heilt innunder fossefallet for å henta reint vatn i ei bøtte. Dette vatnet fekk me ein smaksprøve på.
Om du ser godt etter så ser du eit lysare hjarte markert i fjellveggen, eg kan ikkje minnast historia som vart fortald rundt dette, men det hadde noko med eit troll og kjærleik å gjera.
Hjartet i berget
Jettegryto
Me var òg innom Fantahålå, og me mata Geitene, men bileta her ligg på same stad som dei andre som er forsvunne i ein annan dimensjon……..
Etter endt Fjordcruise vart me satt av på Oanes, der bussen vart forlatt fredag i kveldinga. Heimturen byrjar….. lurar allereie på kvar turen går til neste år..??
Linda
Historie
Allereie på 1600-talet var det fast busetnad i Flørli. Bygda var truleg grunnlagt rundt saga og sagbruket som gjekk i Flørliåna. Bygda vart lagt aude i nesten 100 år etter eit steinras som gjekk i 1708. Rundt 1800 var det liv igjen i Flørli og i 1802 vart Flørli skilt ut fra Kallali som eigen gard. Garden vart dreven til 1915-1920.
Den seinare bebygginga i Flørli vart etablert samstundes med bygginga av Flørli kraftstasjon, rundt 1913 til 1918, og tok over for gården. 119 arbeidarar, 28 kvinner og 37 barn var registrert i Flørli i 1916. I 1929 kjøpte Stavanger kommune opp eigedommen og dreiv kraftverket fram til Lyse kraft tok over i 1992.
På det meste var det 30 barn på Flørli skule, og bygda hadde post og butikk. Skulen vart stengd i 1970 og butikken i 1981. Flørli vart fråflytta i 1999 på grunn av automatisering av kraftverks drifta.
I dag er ein del av husa solgt som fritidshus, og det er rift om byggningane som ligg midt i ei turistperla. Maskinistboligen, som vart reist i 1949, var det aller fyrste huset som vart solgt til private. Det er tre fastbuande på Flørli.
I tillegg til eigedommane som vart solgt til private, disponerer Ryfylke Friluftsråd, Stavanger Turistforening og Stavanger kommune kvar sine. Nokre bygg er også ein del av drifta som er på den gamle kraftstasjonen (konsertscene, kafé og utstilling om bygdas historie).
Flørlistølen ligg over Flørli og er tidligare drevet som ein støl. Flørli turiststasjon er et tidligare skulehus i Flørli. Begge er i dag turistforeningshytter som eiges og drives av Stavanger Turistforening.
Stølen ligg rundt ein times gange, bratt opp frå fjorden. Den har seks senger og er ubetjent heile året. Flørli turiststasjon ligg rundt 100 meter over havet i toppen av bebygginga i Flørli. Turiststasjonen er ubetjent om sommaren og ikkje til bruk om vinteren. Huset som blir brukt er det eldste i Flørli.
Overnatting tilbys òg av Flørli 4444, som disponerer leiligheter og har ein vandreheim i grenda. (Wikipedia)
Dette årets Bedriftidrettslagstur gjekk til Hardangervidda, nærare bestemt Sandhaug turisthytte ved Normannslågen. Midt på Hardangervidda!
Avreise ved Hydro Husnes halv åtte fredag morgon. Med på tur i år var 35 spreke, og veldig klare, tur gåarar. Samt den alltid blide og trivelege bussjåføren vår, Magne, som jo, sjølvsagt, er med på heile turen.
Fjell-skoene er ny-impregnerte, og klare. Det er forresten alt det andre utan-på-tøyet òg, ein må vera beredt på all slags vær, sjølv om meldingane er fine. Sekken er pakka, med det mest naudsame til tre dagar(to netter) i fjellet. Ull er sjølvsagt! Sidan me er innlosjerte på Sandhaug, treng me ikkje bera med oss meir mat enn det me treng til niste på turen inn. Pluss det ein måtte ha lyst på av «kos» iløpet av helga 🙂
Eidfjord
Morgonen er flott, og dagen ser ut til å berre verta betre og betre etterkvart som me nærmar oss Hardangervidda. Etter ein halvtimes matpause i Eidfjord, er bussturens stoppestad Tinnhylen.
Vi vandrar med freidig mot…
Tor, Håvard og Ståle er reiseleiarar, stor honnør til dei! Ein ting er å ha med seg born i barnehagealder på tur…..å ha vaksne med, er ikkje hakket enklare – heller verre trur eg 😀
Fjellvandring med puls under 100
I eit flott vær, ein nydeleg natur og godt selskap, labbar me avgarde. Nesten 15 km har me framom oss, turen er berekna til å ta 4-4,5 timar. Me er trass alt ikkje aktive idrettsutøvarar, dei fleste av oss, så her er det innlagt gode pausar og lavt tempo.
Eg er til utreiing for noko hjerte-tull, så på denne turen hadde eg EKG måleutstyr på meg. Mandags morgon var eg til hjartelegen for å sjekke målingane…. Då han var komen til kl 18 på fredag, så lurte han på kva tid me byrjar å gå… Då eg kunne fortelje han at det gjorde me alt i halv 1 tida, og at me hadde vore framme ei stund kl 18, vart han øvegidd, for ingenting ved pulsen min sa at eg var på fjelltur 😀
Folgefonna
Sandhaug turisthytte
Ved ankomst Sandhaug fekk me alle tildelt rom og romkamerat(ar), me som reiser saman med partnar var/er heldige og får dobbeltrom. Dei aller fleste stupte i dusjing, me andre fann ut at ei iskald ei var mykje meir fristande…å du hendelse som den smaka!
Såre musklar vart massert og smurde med spesialkrem frå mi gode venninne, og massør, i Thailand. ขอบคุณ Tree ♥
Så svoltne var me at det einaste biletet eg har av måltidet er tomme fat 😀
Klokka 19 er det middag, den har me venta på ei stund, avdi me er skrubbsvoltne. Blomkålsuppe til forrett, lokal fjellaure med tilbehør, til hovudrett og gulrotkake til dessert. Det smakte fortreffeleg!
Etter maten var det koseleg samling i peisestova med noko godt i glaset og litt allsang. Me hadde jo eigen trubadur med oss i år, og var samde om at han var ein sjølvskriven deltakar på alle dei komande turane våre 😀
God mat og frisk fjelluft tar på, så kvelden vart avslutta tidleg for vår del, men dei sprekaste heldt ut noko lenger…
Senga var god og dyna deileg, sov som ein stein gjennom heile natta.
Soloppgang over Sandhaug
Sandhaug badar i morgonsola
Dei av oss som var tidleg i seng, er naturleg nok òg tidleg vakne, så lenge før soloppgang laurdag morgon er Atle ute på tur i området rundt Sandhaug. Det har vore kaldt om natta, -3 vart det sagt, og frosten ligg ennå på borda ute. Litt kjøleg er det ennå klokka 7, då det er ein liten kald trekk. Frukost blir ikkje servert før klokka 8, så dei fleste har god tid til å strekkje på beina.
Ved Sandhaug
Dagstur til Besso
Gode løyper å fylje på Hardangervidda
Besso
Fisk vart det òg
Laurdag morgon etter frukost og nistesmurning, var det klart for dagens tur. Valet stod mellom fisking i Normannslågen, lang eller kort dagstur. Me gjekk for kort tur, til Besso, omlag 1,5 times tur frå Sandhaug.
Me gjekk alle i samla tropp til nett ovanfor Besso, der delte me lag.
Besso var stengd etter sesongen, så her var alt lukka og låst. Det er ikkje lange stunda å hente inntekter på frå 1. juli til 19 august. Me var klar over dette og hadde med oss kaffe og ei god nista. Etter å ha sete lenge nok, traska me på heimveg att.
Turfølge i samla tropp
Nordmannslågen
Kan ikkje klage på denne utsikta
Halvliteren på Sandhaug smaka lika godt i dag som i går, og er ein god aperitiff medan ein ventar på middagen. Det vart litt ekstra tid å venta i dag då det var komne endå fleire gjester, 80 til middag. Vårlauksuppa, reinsdyrsgryta og eplekaka med is gjekk ned på høgkant.
Samling med allsang vart det i kveld òg, for dei aller fleste. Middagen gjorde, som alltid, meg trøtt, så denne kvelden vart endå tidlegare avslutta for min del.
Sønda» morra blues
..gjelder heldigvis ikkje for oss som søv og er oppe før soloppgang 🙂 Fin rusletur i området og ein nydeleg soloppgang er belønninga. Hønene er oppe, det er rypene òg. Det kjem til å bli godt med ryper på dei som jaktar i år, for her var det mengder.
Store og flotte frittgåande høner
….stein-bukk…
Heimturen
Lunsj på Hellehalsen
Flott å vandra på Hardangervidda
Etter frukost og pakking var me klare til avgang halv 10. Nok ein nydeleg dag til fots på vidda, nistepausen tok me i Hellehalsen, før me tok traktorvegen fram til Tinnhylen og bussen.