Sandhaug, Hardangervidda 2018

BIL-SØRAL tur nr. 13

BIL-tur Sandhaug, Hardangervidda
Eit nydeleg skue

Hardangervidda

Dette årets Bedriftidrettslagstur gjekk til Hardangervidda, nærare bestemt Sandhaug turisthytte ved Normannslågen. Midt på Hardangervidda!BIL-tur Sandhaug, Hardangervidda

Avreise ved Hydro Husnes halv åtte fredag morgon. Med på tur i år var 35 spreke, og veldig klare, tur gåarar. Samt den alltid blide og trivelege bussjåføren vår, Magne, som jo, sjølvsagt, er med på heile turen.

Fjell-skoene er ny-impregnerte, og klare. Det er forresten alt det andre utan-på-tøyet òg, ein må vera beredt på all slags vær, sjølv om meldingane er fine. Sekken er pakka, med det mest naudsame til tre dagar(to netter) i fjellet. Ull er sjølvsagt! Sidan me er innlosjerte på Sandhaug, treng me ikkje bera med oss meir mat enn det me treng til niste på turen inn. Pluss det ein måtte ha lyst på av «kos» iløpet av helga 🙂

BIL-tur Sandhaug, Hardangervidda
Eidfjord

Morgonen er flott, og dagen ser ut til å berre verta betre og betre etterkvart som me nærmar oss Hardangervidda. Etter ein halvtimes matpause i Eidfjord, er bussturens stoppestad Tinnhylen.

 

 

 

Vi vandrar med freidig mot…BIL-tur Sandhaug, Hardangervidda

Tor, Håvard og Ståle er reiseleiarar, stor honnør til dei! Ein ting er å ha med seg born i barnehagealder på tur…..å ha vaksne med, er ikkje hakket enklare – heller verre trur eg 😀

 

 

Fjellvandring med puls under 100

BIL-tur Sandhaug, Hardangervidda

I eit flott vær, ein nydeleg natur og godt selskap, labbar me avgarde. Nesten 15 km har me framom oss, turen er berekna til å ta 4-4,5 timar. Me er trass alt ikkje aktive idrettsutøvarar, dei fleste av oss, så her er det innlagt gode pausar og lavt tempo.

Eg er til utreiing for noko hjerte-tull, så på denne turen hadde eg EKG måleutstyr på meg. Mandags morgon var eg til hjartelegen for å sjekke målingane…. Då han var komen til kl 18 på fredag, så lurte han på kva tid me byrjar å gå… Då eg kunne fortelje han at det gjorde me alt i halv 1 tida, og at me hadde vore framme ei stund kl 18, vart han øvegidd, for ingenting ved pulsen min sa at eg var på fjelltur 😀

BIL-tur Sandhaug, Hardangervidda
Folgefonna

BIL-tur Sandhaug, HardangerviddaBIL-tur Sandhaug, Hardangervidda

 

 

 

 

 

 

Sandhaug turisthytte

BIL-tur Sandhaug, Hardangervidda

Ved ankomst Sandhaug fekk me alle tildelt rom og romkamerat(ar), me som reiser saman med partnar var/er heldige og får dobbeltrom. Dei aller fleste stupte i dusjing, me andre fann ut at ei iskald ei var mykje meir fristande…å du hendelse som den smaka!BIL-tur Sandhaug, Hardangervidda

Såre musklar vart massert og smurde med spesialkrem frå mi gode venninne, og massør, i Thailand. ขอบคุณ Tree ♥

BIL-tur Sandhaug, Hardangervidda
Så svoltne var me at det einaste biletet eg har av måltidet er tomme fat 😀

Klokka 19 er det middag, den har me venta på ei stund, avdi me er skrubbsvoltne. Blomkålsuppe til forrett, lokal fjellaure med tilbehør, til hovudrett og gulrotkake til dessert. Det smakte fortreffeleg!

Etter maten var det koseleg samling i peisestova med noko godt i glaset og litt allsang. Me hadde jo eigen trubadur med oss i år, og var samde om at han var ein sjølvskriven deltakar på alle dei komande turane våre 😀

God mat og frisk fjelluft tar på, så kvelden vart avslutta tidleg for vår del, men dei sprekaste heldt ut noko lenger…

Senga var god og dyna deileg, sov som ein stein gjennom heile natta.

BIL-tur Sandhaug, Hardangervidda
Soloppgang over Sandhaug
BIL-tur Sandhaug, Hardangervidda
Sandhaug badar i morgonsola

 

 

 

 

 

 

Dei av oss som var tidleg i seng, er naturleg nok òg tidleg vakne, så lenge før soloppgang laurdag morgon er Atle ute på tur i området rundt Sandhaug. Det har vore kaldt om natta, -3 vart det sagt, og frosten ligg ennå på borda ute. Litt kjøleg er det ennå klokka 7, då det er ein liten kald trekk. Frukost blir ikkje servert før klokka 8, så dei fleste har god tid til å strekkje på beina.

BIL-tur Sandhaug, Hardangervidda
Ved Sandhaug

Dagstur til Besso

BIL-tur Sandhaug, Hardangervidda
Gode løyper å fylje på Hardangervidda
BIL-tur Sandhaug, Hardangervidda
Besso

 

 

 

 

 

 

 

BIL-tur Sandhaug, Hardangervidda
Fisk vart det òg

Laurdag morgon etter frukost og nistesmurning, var det klart for dagens tur. Valet stod mellom fisking i Normannslågen, lang eller kort dagstur. Me gjekk for kort tur, til Besso, omlag 1,5 times tur frå Sandhaug.

Me gjekk alle i samla tropp til nett ovanfor Besso, der delte me lag.

Besso var stengd etter sesongen, så her var alt lukka og låst. Det er ikkje lange stunda å hente inntekter på frå 1. juli til 19 august. Me var klar over dette og hadde med oss kaffe og ei god nista. Etter å ha sete lenge nok, traska me på heimveg att.

BIL-tur Sandhaug, Hardangervidda
Turfølge i samla tropp
BIL-tur Sandhaug, Hardangervidda
Nordmannslågen

 

 

 

 

 

 

 

 

 

BIL-tur Sandhaug, Hardangervidda
Kan ikkje klage på denne utsikta

Halvliteren på Sandhaug smaka lika godt i dag som i går, og er ein god aperitiff medan ein ventar på middagen. Det vart litt ekstra tid å venta i dag då det var komne endå fleire gjester, 80 til middag. Vårlauksuppa, reinsdyrsgryta og eplekaka med is gjekk ned på høgkant.

Samling med allsang vart det i kveld òg, for dei aller fleste. Middagen gjorde, som alltid, meg trøtt, så denne kvelden vart endå tidlegare avslutta for min del.

 

Sønda» morra blues

..gjelder heldigvis ikkje for oss som søv og er oppe før soloppgang 🙂 Fin rusletur i området og ein nydeleg soloppgang er belønninga. Hønene er oppe, det er rypene òg. Det kjem til å bli godt med ryper på dei som jaktar i år, for her var det mengder.

BIL-tur Sandhaug, Hardangervidda
Store og flotte frittgåande høner
BIL-tur Sandhaug, Hardangervidda
….stein-bukk…

 

 

 

 

 

 

 

 

Heimturen

BIL-tur Sandhaug, Hardangervidda
Lunsj på Hellehalsen
BIL-tur Sandhaug, Hardangervidda
Flott å vandra på Hardangervidda

Etter frukost og pakking var me klare til avgang halv 10. Nok ein nydeleg dag til fots på vidda, nistepausen tok me i Hellehalsen, før me tok traktorvegen fram til Tinnhylen og bussen.

 

 

                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                          Takk for turen!  Linda