Ny hobby
Etter å ha strikka ei stund, måtte eg læra meg å hekla òg, fann eg ut.. Dermed hadde eg fått meg ein ny hobby
Eg søkte opp hekling av lykter på Google og satte i gang….
Det vart uendeleg mange lykter og oppbevaringsglass…. det var ikkje eit tomt syltetøyglas utan trekk ei stund.
Utvikling
Etter kvart var det på tide å utvikle seg, så då vart det hekla litt av kvart
Som liten gjekk eg i forreining, som det vart kalla. Vi møttes heime hjå ei av medlemmene i det kristne miljøet i Omvikedalen. Der dreiv me med handarbeid. Eg hugsar eg fingerhekla veldig mykje. Det gjorde me alle, det skulle bli eit rundt golvteppe som skulle gies vekk. Vi var mange jente som gjekk i denne forreininga. Vi hadde gratis basar kvar gong, der det var premier som me hadde med oss, om me kunne. Eg hugsar eg fekk ei «Dodukke» av besto mi, som skulle vera premie ein gong.
Det er rart kva ein plutseleg hugsar, når ein sit slik å tenkjer…..
Det var forresten besto som lærte meg å strikka òg, eg kunne vel vera rundt 7 år, eg strikka labbar til dukka mi, med veeeeldig god hjelp
Men lærdommen førte til at eg strikka bamsar til jul til mine småsøstre eit par år seinare.
Det var strikking, hekling fekk eg ikkje til…. mine små forsøk vart alltid til nåke som likna på små skåler. Så eg gav heklinga opp!
No har eg stor glede av å hekle, innimellom alle dei andre hobbyane som er ein nødvendighet når kroppen ikkje fungerer til noko anna…





