Bryllupsfest i At Samat

Ying og Jan

26 november 2023, var me invitert i bryllupsfesten til Ying og Jan. Dei inviterte mange av sine venner frå Hua Hin, heim til seg i distriktet At Samat i provinsen Roi Et.

Ankomst At Samat

Dei fleste køyrte bil, me valgte buss. Avreise Hua Hin fredag ettermiddag. Etter omlag 13 timar, innlagt ein liten matpause, var me framme ved busstoppen vår. Der kom Jan å plukka dei fire gjestane sine opp.

Utan mat og drikke…

Etter å ha sjekka inn på hotellet, diska Jan opp med ein nydeleg frukost, og ein omvisning i det flotta huset han har bygga til seg og Ying. Han er ein handyman, Jan, så her er det meir sjølvgjort enn hjå dei fleste andre.

Seinare på dagen ankom dei som køyrde ôg til hotellet.

Samkoma laurdag kveld

Middagstid

Ingen fest utan karaoke

Tidleg ettermiddag var det klart for litt mat igjen. For å sei da slik! Da var ikkje sjangs å verta svoltne her.

Mat i alle variantar med god, og rikeleg drikke attåt. Her serverte Jan blant anna wienerpølser i brød.

Hela i taket og tenna i veggen


Husvelsigning

Søndagen starta tidleg med husvelsigning. 8-9 munkar var hyrt inn for å utføre seremonien, og seremoniar er det rikeleg av i Thailand.

Det var mange ting me kunne ta del i , som me vel egentleg ikkje skjøna så mykje av.

Det eine var at det var utsatt mange «urner» tiltenkt ei til kvar munk. Kvar gjest måtte gå å bryte ein bit med sticky ris å legge i kvar urne. Handa med risen måtte opp mot panna før den vart lagt ned i urna.

Dette var risen som munkane skulle eta etterpå


Munkane skal serverast dei beste rettane, og når dei er ferdige å eta, då kan gjestene få lov å eta.


Og mat det vart det, i store mengder, nydelege rettar.


Bryllups seremoni

Etter husvelsigning, var det tid for brudepar velsigning. Det innebar både ein «prest», mor og far til brura, samt barn og søsken. Me andre var med på siste del, der me skulle knyte eit band rundt armen til enten brud eller brudgom. Desse banda skulle ikkje takast av før etter ei veka, etter tradisjonen.

Då denne seremonien var over, var det litt tid til overs før middagen. Nokre tok seg ein liten pause på øyra, me tok oss ein sightseeing runde på scooter.

Atle og eg var heldige å fekk låna oss ein scooter, så me fekk sett oss litt rundom i bydn. Alltid kjekt å gjera seg kjend med nye stadar.

Her var ein koseleg liten by, mange butikkar og muligheter for å fylla magen.

Det var eit stort utsalg av handlaga møblar, som me lika spesielt godt.

Litt utpå ettermiddagen var det klart for bryllaupsfesten. På ny vart det servert mange rettar med nydeleg mat, og mykje godt å svelga ned med.

At Samat

At Samat er ein liten by på størrelse litt mindre enn Kristiansand.

Dei andre gjestene reiste heim dagen etter bryllupsfesten. Lars, Ester, Atle og eg vart verande eit og eit halvt døgn lenger.

Når me fyrst har reist så langt så vil me jo sjå oss skikkeleg om ôg. På toppen av det heile så var me jo så heldige at me fekk med oss Ying og Jan, samt søster til Ying og mannen og barna hennas, samt nevøen hennar.

I tillegg var det Loy Krathong på mandagen. Me fekk då denne feiringa med oss i At Samat, i staden for på bussen nedover til Hua Hin.

Sightseeing

For dei som ikkje har tatt seg ein tur til Roi Et, det er verdt ein tur.

Tirsdag formiddag var me klare for sightseeing. To bilar fylte med begivenhetshungrige vestlendingar og stolte thaiar, higande etter å få vist fram det flottaste attraksjonane dei har i fylket sitt. Ja, åsså Jan då, som er østlending. Etter eit stykke køyring ankom me Wat Puttha Wanaram (Wat Pa Wang Nam Yen), eit område med fleire tempel og heilage bygningar. Der nokre av bygningane var laga av trær….STORE trær…

I Thailand finnes det på tusenvis av tempel, eit google søk fortel at det er «noen 26 000 templer/wat`s» På meg virker det som det er millionar, det er eit tempel over alt, og det bygges stadig nye.

Dette tempelet var eit skue annerledes enn dei fleste andre me har sett. Alt av treverk var pussa og lakka så skinnande som mulig. Det mektigste var den enorme dimensjonen på trestammene som var brukt i reisverket.

Ellers var det fleire tempelbyggninger på området, samt eit par elefantar som stod lenka fast som attraksjonar, der turistar, nasjonale som internasjonale, kunne kjøpe litt bananer å gi dei. Slike ting er vanleg i Thailand. Me har tidlegare vore på både «monkeyschool» (som fekk tårene til å renna), holdt tigerunge(som mest sannsynleg var neddopa for vår del) Dette på våre aller første turar til Thailand.

På mange turistattraksjonar finnes utallige geitekillinger, lam og grisunger, som alle kan få mates med ei flaske melk, som ein kan få kjøpe og gi. Desse står då i små innhegninger heile dagen og kvelden i håp om at det skal komma nokon å kjøpa litt mat til dei.

Dette vart ei avsporing i forteljinga frå denne turen vår, men det er noko som riv i hjarta når ein ser slikt.

Roi Et Tower

Eit av hovudattraksjonane i Roi et, er Tårnet.

Tårnet er 101 meter høgt, 35 etasjer. Med utsiktsetasje med glassgulv, tempel i ein annan etasje og kafè. Samt suvenir utsal i nederste etasje.

Tårnet er utforma som ei thailandsk panfløyte.

Heimatt

Tirsdag ettermiddag var det klart for bussturen heimatt til Hua Hin. Så lenge ein får sova på bussen så er det absolutt ingen problem med lange bussturar, og her betalte me for VIP seter og hadde god plass med seter som kunne leggast godt ned og hadde fotkvilar.

Det einaste var litt språkproblemer, så me visste ikkje heilt kor langt bussen gjekk. Busstasjonen er eit stykke utenfor byn, men endestasjonen viste seg å vera i sentrum av Hua Hin. Då var det berre å hiva seg i ein tuk tuk for siste stykket.

Ein begivenhetsrik og flott tur!