Ho Chi Minh City (Saigon)

Vårt møte med ein spanande by og ein livsfarleg køyrekultur

Ho Chi Minh Byen

Etter å ha reist til Thailand i mange år, var det på tide å sjå oss litt om i landa rundt òg. Fyrst ut vart Vietnam.

Airbnb

Utsikten frå rommet me leigde gjennom Airbnb

Sidan me har hatt så gode erfaringar med Airbnb, fann me ut at det skulle me prøve i Saigon òg. Me vart ikkje skuffa! Her fekk me eige soverom og bad, i leiligheten til ei utruleg triveleg dame. Leiligheten var i 23 etasje, og rommet vårt hadde aldeles flott utsikt over elva og byn.

Det var så vidt me kom oss ut for å eta middag, me vart så lamslått av utsikta 😀

Sightseeing i by`n

Vietnam Ho Chi Minh City
Rådhuset
Statuen av Chu Tich Ho Chi Minh, som byen no er oppkalla etter.
Bronse statue av General Tran Hong Dao

Eit «gufs» frå krigen

Langs elva er det ein flott promenade. Her var det nett som å gå på eit våpenmuseum. Dette får ein oppleva om ein kjem seg over vegen.

Trafikken er tett, og ingen, INGEN, stoppar for fotgjengarar. Skal du over, må du berre gå…ikkje stopp, då blir du lett påkøyrd, Gå, du blir vane med det til slutt 😀

Matopplevingar

Vietnam Ho Chi Minh City

Sidan verten vår berre hadde to netter ledig, vart me nødt til å forflytte oss til hotel dei siste to nettene.

Ettermiddags kaffe og mat var inkludert i prisen, og for ei servering!!!

Fortausrestaurant

Me fann fort vår favoritt restaurant. Denne bestod i nokre lave plastbord på fortauet, med små plastkrakker til å sitte på. Dei var så lave at ein omtrent satt med knea oppunder haka.

Under bordet stod det ei bossbøtte, denne tok me for å være akkurat det. Den gang ei, den var til flasker og bokser. Bosset, altså alt «rusk» frå dei ulike rettane, som skjell og bein, samt serviettar og slikt. Det skulle hivast under bordet :O Dette vart kostet vekk etter at gjesten ved det bordet hadde avslutta måltidet og gått.

Maten her var aldeles fantastisk, og det var det fleire med oss som meinte. Her var det best å vera tidleg ute, og ikkje gå før du var sikker på at no var det ikkje plass til meir…. Og rekninga….mellom 150 000 til 200 000, heldigvis ikkje i kroner 😀

Mekong Elva

Vietnam Ho Chi Minh City
Ei av verdas største elvar
Ein overfullt lekter på veg nedover elva
Forureininga er stor
Vietnam Ho Chi Minh City
Mykje liv på elva, og overfullt på land

Mekong er ei av verdas største elver. Den er den tolvte i lengde og den tiende i vannføring. Frå Tibet renn den gjennom Kinas Yunnan-provins, Burma, Thailand, Laos, Kambodsja og Vietnam.

Nitti prosent av all plast som fraktes med elver ut i havene har kome der via ti elvar, Mekong er ei av dei.

At Mekong er forureina av både det eine og det andre, er veldig synleg.

Likevel er det eit aktivt fiske i elva.

Skitt fiske
Blant dei 10 elvane som står for 90% av plastforureininga i havet
Vietnam Ho Chi Minh City
Bilar og mopedar er det over alt, heile døgeret
Vietnam Ho Chi Minh City
Notre Dame i Saigon
Vietnam Ho Chi Minh City
Eit flott byggverk
Vietnam Ho Chi Minh City
Ho Chi Minh-byens kommunale teater, også kjent som Saigon kommunale operahus

Vietnam krigen

Reuinification Palace
Vietnam Ho Chi Minh City
Independence Palace
Vietnam Ho Chi Minh City
Info plakat

Ein av stadane me fann ut me ville besøkje var Independence Palace, òg kjend som gjenforenings (reuinification) palasset. Det er bygd på tomta til det tidlegare Norodom-palasset, og er eit landemerke i Saigon. Detta var heimen og arbeidsstaden til presidenten for Sør-Vietnam under Vietnamkrigen.

Her var det mykje flott, mindre flott, spanande og interresant å sjå.

Vietnam Ho Chi Minh City
Representasjonssalen
Vietnam Ho Chi Minh City
Info plakat

Vietnam Ho Chi Minh City
Avlyttningsrommet
Vietnam Ho Chi Minh City
Info plakat

Bygningen har 5 etasjer, i kjellaren er det tunellar, krigsrom og radiorom. I krigskommando rommet er det originale kart på veggen, og radio utstyr frå krigen er utstilt. Rommet ved sida av inneheld propaganda materiale. I 3 etasje er det eit rom for kortspeling og i 4 er det eit casino.

Vietnam Ho Chi Minh City
Helikopter klart på taket
Ein interresant tour i denne bygningen
Vietnam Ho Chi Minh City
Skytetrening i kjellaren
Vietnam Ho Chi Minh City
Amerikansk Jeep
Vietnam Ho Chi Minh City
Presidenten sin merce

Krigsmuseumet er eit must å besøkje i Ho Chi Minh byen. Alle burde hatt seg ein tur i eit eller anna krigsmuseum, eller fangeleir. Så mykje råskap som kjem fram i mennesker i ein krig, er berre heilt utruleg. Detta bør skræma folk!!

Dersom ein føl med på dagens nyhender så ser ein at dette er noko som kjem meir og meir fram i fredstid òg. Er det slik mennesket eigentleg er? Rå og blind vold, voldtekt, knivstikking og drap. Dette bør bli slått hardt ned på, eg vil vertfall ikkje ha det slik??

Krigsmusèt
Vietnam - Ho Chi Minh
A-1 Skyraider
Vietnam - Ho Chi Minh
Info plakat
Vietnam - Ho Chi Minh
Mykje amerikansk militært utstyr igjen etter krigen
Vietnam - Ho Chi Minh
Bombefly

Utandørs er der utstilla eit ekseplar av omlag kvar ein krigsmaskin som vart brukt i krigen. Her er mange amerikanske og vietnamesiske tanksar, fly og helikopter.

Vietnam - Ho Chi Minh
M.48 A3 tank
Vietnam - Ho Chi Minh
Amerikansk tanks og helikopter
Vietnam - Ho Chi Minh
Info plakat

Vietnam - Ho Chi Minh
CH-47 Chinook
Vietnam - Ho Chi Minh
Denne har nok tatt mange liv…
Vietnam - Ho Chi Minh
Info plakat
Mange typar ammunisjon, bomber og andre våpen
Vietnam - Ho Chi Minh
Ammunisjon
Vietnam - Ho Chi Minh
Bomber
Vietnam - Ho Chi Minh
Køller og slagvåpen brukt på fangar
Kjemisk krigføring
Vietnam - Ho Chi Minh
Vietnam - Ho Chi Minh

Tortur

I ein annan del av uteområdet byrjar fangehistorien, bileta her fortel meir enn det eg kan formidle med mine ord…

Vietnam - Ho Chi Minh
Ulike former for tortur
Vietnam - Ho Chi Minh
For ein råhet og umenneskeleghet
Vietnam - Ho Chi Minh
Menneske grill
Vietnam - Ho Chi Minh
Giljotinen
Vietnam - Ho Chi Minh
Guillotine
Vietnam - Ho Chi Minh
Tiger cages
Ingen dans på roser i fengsel
Vietnam - Ho Chi Minh
Fangebur
Vietnam - Ho Chi Minh
Fangemasakren i 1972
Fange fastlåst i cella si
Vietnam - Ho Chi Minh
Fanganes skjebne
Vietnam - Ho Chi Minh
Nokre overlevande
Vietnam - Ho Chi Minh
19 år i helvete
Vietnam - Ho Chi Minh
Fangenes kamp
Vietnam - Ho Chi Minh
Fengselet Phu Quoc
Vietnam - Ho Chi Minh
Overlevande
Vietnam - Ho Chi Minh
Krig har alltid mange offer
Vietnam - Ho Chi Minh