Bangkok

Bangkok
3. mai 2018 Kommentarer er skrudd av for Bangkok Bangkok,Reiser,Thailand LindaOlderkjaer

Bangkok ~ Byen som aldri søv ~

Thailand - Bangkok
Utsikten frå rommet vårt i Baiyoke Skyhotel
Bangkok info
Bangkok er hovudstaden, og den største byen i Thailand. Krung Thep Mahanakhon er det formelle namnet på provinsen Bangkok har 5 844 607 innbyggere(2004) og eit areal på 1 568,7 km², og vart gjort til hovudstad i 1782 etter at den tidligare hovudstaden Ayutthaya vart rasert av hærstyrkar frå Burma.

Hovudstaden vart grunnlagt av Rama I, som var den fyrste kongen i Chakri dynastiet. Bangkok ligg 40 km fra munningen av Chao Praya-elva. Moderniseringa av byen vart gjort for alvor frå 1950-tallet då dei fleste kanalane som gjekk gjennom byen vart tetta igjen og vestlig bebyggelse vart oppført.

«The city that never sleeps»

Me har hatt fleire turar til Bangkok, mest for shopping og litt for sightseeing. Det lengste opphaldet her var i forbindelse med min fars sjukdom og død, der han var innlagt på Bangkok Hospital i ein måned.

Her har me overnatta på mange ulike hotell, nokre veldig bra, andre ikkje heilt å anbefala. Nokre med tanke på å væra turist nokre dagar i byen, nokre bare for å overnatte for å reise vidar neste dag og andre igjen fordi ein treng ein billeg stad å bu på ubestemt tid.

At byen aldri søv er sant nok, men den blir ganske mykje roligare på nattestider likevel. Det kjem nok an på kor man er i den store byen.

 

 Shopping i Bangkok

Thailand
Mykje folk på handling i Chatuchak

Uansett om ein er ute etter billege klokker eller dyre design-klær, finn ein det her. Frå utendørsmarked som sel billige kopivarer, til enorme kjøpesenter med varer frå eksklusive merker som Louis Vuitton, Emporio, Armani, Gucci, Hugo Boss, Burberry og Prada.

I byen finn du meir enn 250 kjøpesentre og varehus, dei fleste finn ein langs Sukhumvit Road og ved Siam Square.

 

Dei mest kjende kjøpesentrene er:

Central World
 CentralWorld ligg i Prathum Wan-distriktet. Har eit gulvareal på 550 000 m² (verdens tredje største). Her finn du ein Major Cineplex kino med 6 skjermar og ein 24 baners bowlinghall i 7. og 8. etasje. SFWorld kino med 15 skjermar i 7. til 9. etasje og 500 butikkar. Har dagleg 150 000 besøkande.
Siam Paragon
Siam Paragon med 8 etasjer er bruksarealet over 300 000 m², og det huser over 270 butikker og restauranter. 30-baners bowlinghall i 4. etasje. Major Cineplex kino med 14 skjermer i 6. etasje. Konserthall med plass til 5 000 mennesker. Siam Ocean World, Sørøst-Asias største akvarium, ligg også i bygget. Målgruppa for Siam Paragon er thailands velståande samt turistar.
Siam Discovery
Siam Center
Emporium
Emporium er eit sofistikert 6. etasjers handlesenter i Sukumvit. Her finn du anerkjende designer merker, ein luksuriøs kino, galleri, eit stort supermarked og food court. Det er veldig enkelt å finne, ta Skytrain til Phrom Phong BTS Skytrain Station, då er du der.
Gaysorn
MBK
MBK  med sine 8 etasjer inneheld senteret rundt 2000 butikker, restauranter inkludert eit 4 etasjers Tokyu varehus. MBK har meir enn 100 000 besøkande kvar dag, kor halvpartenbestår av unge thaier og 1/3 turistar. Du tar Skytrain(BTS) National Stadium for å koma til MBK.
Thailand
Chinatown, Bangkok
Thailand
Skohandling i Chatuchak markedet

 

 

 

 

 

 

Utandørsmarkeder:

Pratunam market
Ein av dei fyrste turane me hadde til Bangkok budde me i Pratunam. Her kan du handle billege klær og sko. Om du har tenkt deg på shopping, så kan dette markedet anbefalast. Pratunam Market
Chatuchak helgemarked
Chatuchak helgemarked ligg litt lengre nord i Bangkok, for å koma dit tar du enten ein taxi (avtal pris eller krev taxtameter) eller Skytrain(BTS) til endestasjonen Mo Chit.
Floating Market
Blomster og Grønsaksmarked
Maeklong Railway Market
Thailand
Dream World
Thailand
Stine held tigerunge i Dream World
Thailand
Stine og bessen held slange i Dream World

 

 

 

 

 

Severdighetar som kan vera greit å få med seg i Bangkok:

Wat Phra Kaew
Wat Phra Kaew er et buddhistisk tempel i Bangkok. Det ligg ved Det store palasset i Phra Nakhon, den historiske bydelen i Bangkok.
Baiyoke Tower II
Baiyoke Tower II ein skyskraper i distriktet Ratchatewi i Bangkok. Den er 304 meter høg, noko som gjere den til Thailands høgaste bygning. Medrekna antenna strekker bygningen seg 328,4 meter over bakken.
Khao San Road
Khao San Road Thailands mest berømte backpackergate
Dream World
Maeklong Railway Market
Siam Ocean World
Ayutthaya
Nasjonalmuseet
Lumphini Park
Dusit Park
Chatuchak helgemarked
Pratunam Markedet
Chinatown

 

Norge har ambassade i Thailand, Bangkok

Suvarnabhumi (BKK) er den internasjonale flyplassen i Thailand, og den ligg i Bangkok

Don Muang er innlandsflyplassen i Bangkok, Thailand. Den var også den internasjonale flyplassen fram til Suvarnabhumi opna i 2006.

Tags
Forfatter