Tromsø ~Nordens Paris~

Nydelege Noreg

Endeleg!! Det er flaut å sei det, her reiser ein jorda rundt å opplever ulike land og kulturar. Så har ein ikkje vore lenger nord, i detta nydelega landet vårt, enn Trondheim før. Nord og nord «fru Blom», Trondheim er jo ikkje midt i landet ein gong.

Me landa på Langnes lufthamn, og skulle eigentleg ha god tid til bussen som gjekk til byn. Den gang ei, som dei siste turane me har hatt det siste året, var denne intet unntak. Ingen forsinkingar, krigar eller tette toalett denne gangen, nei no hadde dei ikkje fått med kofferten vår vidare frå Oslo.

Me var ikkje kledte for dette været, så då var det ikkje så mykje anna å gjera enn å venta til den kom med dei varme kleda våre.

Tromsø

Sightseeing i Tromsø

Mine tankar om kva eg hadde lyst å oppleva i Tromsø var mange, men fyrste mål var Fjellheisen og ein tur innover fjellet. Mitt største ønske var å gå til Tromsdalstinden. Vel…værgudane var ikkje på vår side denna helga. Laurdags morgon vakna me til tjukk skodde, og meldingane var regn og surt. Gode klede hadde me med oss, så det skulle ikkje byde på store problem, men når ein fyrst er på fjellet så er det litt kjekkare å sjå litt òg. Me kom oss ut på tur likevel, spaserte litt rundt om på kaien og i byn, før me tok turen over Tromsøbrua. På andre sida ligg Ishavskatedralen, som òg var eit av måla for turen.

Cafe Sånn
Tromsø
Ishavskatedralen

Min beste venn Kari

Gode klede kjem godt med, sjølv om det berre er i slutten av august og alt i ein seier at det ennå er litt sommar…her måtte det til med ull frå topp til tå, og noko regntett ytterst. Ull vottar og bøff kunne eg ikkje klart meg utan. Ho Kari Traa er ein nær venn å ha på kalde dagar.

Tromsø

Etter å ha ombestemt oss nok ein gong, tusla me ned og over brua att mot sentrum, med avtale om at dersom været kom seg så skulle me ta turen opp til kvelden. Kanskje var det mogeleg å få med seg litt nordlys òg! Optimist! HA!

Tromsø
Folksomt ved Sherpatrappa i dag
Tromsø
Utsikten ved Shepatrappa er upåklageleg

Etter kvart ser me at skodda lettar litt, å lurer på om me ikkje skal ta Fjellheisen opp likevel.

Men vår optimisme varte ikkje lenge…. Etter å ha funne ut at me skulle byrje med Sherpatrappa, liksom berre for å ha sett dei og…undra me oss fælt på alle som kom med nummer på brystet. Sjølvsagt var det Sherpatrappa opp denne dagen, altså ikkje den heilt store dagen for ein fredleg og avslappa tur til fjells..

Å reise rimeleg

I og med at me reiser ein heil del, må ein tenkje økonomisk.

“Følge nøye med på små utgifter; en bitte liten lekkasje kan senke selv et stort skip.” – Benjamin Franklin

Denne turen brukte me oppsparte bonuspoeng til flyturen, og me bestillte rom på hotel som har inkludert frukost og kveldsmat. Det har me gjort mange ganger og er veldig nøgde med det. I tillegg er det tilgong på kaffe og te heile dagen, samt vafler i 3 tida. (Desse steikjer du sjølv, og dei smakte heilt nydeleg.)

Tromsø Domkyrkje

Dette fører ikkje til at ein blir verande på hotellet heile dagen, slett ikkje. Når ein reiser slik, er ein alltid attende til hotellet på ettermiddagen for å stelle seg uansett. Då tar ein kanskje litt kaffe og vafler når ein kjem fram, så dusjer og steller ein seg. Før ein går til kveldsmaten, som er buffet med mykje god mat. Etter dette er ein mett og god, og klar for å ta turen ut på ny.

Denne gangen budde me på Clarion Collection Hotel With, heilt på kaien.

For ei fantastisk utvikling!!

Kva er der å oppleva i Tromsø på kveldstid?

Nordens Paris har eit uteliv dei fleste byar kan drøyma om. Aldri har eg sett fleire restauranter, barar, pubbar på rad og rekkje… Ikkje i Noreg vertfall. Kva er da med Tromsøværingar og hår??

Det er frisørar over alt, omlag på kvart eit hjørna 🙂

Vel etter å ha innsett att Fjellheisen vart utsatt til søndag, vart det vafler og kaffe på oss. Med ein påfølgande god og varm dusj.

Dagens kveldsmat var kjempegod, med både hovudrett med kylling, og suppe, samt diverse salater. Ingen grunn til ikkje å bli mett.

Ølhallen

Her var Øl i alle prisklassar, dette vetla glaset kostar 106 kroner – men godt var det 🙂
Isbjørn Lite kan anbefalast
72 tappetårn på rad og rekke

Så var det å kle godt på seg att, og ta turen på byn. Me måtte jo innom Ølhallen, og tok med oss eit par pubar til…det var nok å velja mellom vertfall.

Ølhallen har den største tappebrua i Nord-Europa! Her er 72 tappekranar med ulike norske ølsortar og sjølvklart er alle Macks produkt tilgjengelege her.

Ein annan utestad, som me var heilt nødt til å ha vore, var jo Rorbua. Me har jo sett ein og anna episode av «Du skal høre mye», som vart sendt frå denne pub`n mellom 1987 til 2003.

Det var ein koseleg stad, men det var stille og roleg. Det var ikkje før me reiste oss for å forlate staden at tromsøværingane var på veg ut.

Endå var det så surt og kaldt at det frista meir med ein hot Gluhwein enn ei kald halvliter. Så den store pub til pub runden vart avslutta etter eit besøk på Blå Rock Cafè, som ikkje heilt levde opp til namnet sitt denne kvelden.

Det var meir fristande å krypa godt under ei god og varm dyne.

Dessutan skulle me jo tidleg opp og til fjells neste morgon 🙂

Siste dag i Trømsø

Ein god kopp Capuccino er ikkje å forakta i kulden
Skansen, eit festningsverk som reknast for å vera det mest verdifulle kulturhistoriske anlegget i kommunen.

Tidleg oppe til frukost var me, men ein stad går grensa for kor lenge ein kan sitja ved frukostbordet og drikka kaffi….Tåka ville ikkje letta 🙁

Okay tenkte me…då vart da ikkje Fjellheis på oss då… så me tusla på ein sightseeing runde i byn.

Eit av dei minste, vertfall smalaste, husa eg nokon gong har sett
Desse gamle telefonkioskane er det ikkje ofte ein får sett i dag

Det er ein flott by, akkurat passe stor for meg som ikkje likar det hektiske by livet. No er jo selvfølgelig byen større enn akkurat det sentrumet som me tusla rundt i, men triveleg var det.

Alfheim Stadion

Utan mål og meining, og kart, så var me brått hamna ved Alfheim Stadion, etter å ha spasert gjennom eit ærverdig villastrøk og passert Alfheim Svømmehall.

Og ikkje nok med det, no var skodda letta, og me hadde ennå tid før flyet vårt skulle gå, så no var det berre å «springa» over brua for tredje gong.

Den som ventar…

Fjellheisen har avgang kvar heile og halve time, så her var det berre å koma seg avgarde.

Tromsø
Fjellheisen
Tromsø
Fantastisk utsikt frå toppstasjonen til Fjellheisen. For nokre fjell!! #MOTVIND
Tromsø
Tromsdalstinden i horisonten

Eg skjøna fort at me hadde gått glipp av noko om me ikkje hadde kome oss opp her. Når ein såg utsikta, alle vegar, fekk ein berre lyst til å fortsetje å spasere innover fjellet.

Tromsø September 2019
Ut på tur aldri sur (vel…. hihi)

Så var helga turen vår til Tromsø over og me kjem oss på flyet heim att. Sjølvsagt så var det forsinka…men det er jo sånt som etterkvart har blitt ein vane 🙂 me kan ikkje la sånne bagatellar øydelegga ein ellers fin tur (Y)

Flysvin

Må berre ta med ein liten ting på tampen. Eg er umåteleg glad for at så mange har slutta sitt røykfulle liv, ikkje fullt så nøgd med at så mange startar med snus.

Og når unge vaksne snusarar sit på fly og snusar, for deretter å kaste snusbleia på gulvet under setet sitt, då har dei gått glipp av ei grunnleggjande god oppdragelse! Denne karen kasta dei nesten oppi skoa til dama bak seg.

Tromsø

Badeliv Bangkok BIL tur Bløtkake Boller Delphos Drops Design Dukker Fantastiske fjell Fantastisk utsikt Ferie Festkake God mat Hardangervidda hekling Hua Hin Hurtigruta Julekaker Kaffigodt Kjeks Kremkake Kreta Kvit Dame Maeklong Marius mønster Marius strikk Mercy Noreg Norsk Fjellheim Nydeleg natur Poncho Red Velvet Reiser Shopping Singlet Sjokoladekake Sol og Varme Strikka panneband strikking Sukkerbrød Suksabai Temakaker Thailand Tog-marked UT på Tur