Skip to content

…livets gleder

Kvar du enn i verda fer – alltid du møter ein Olderkjær!

Menu
  • Blue Marraca – Hytta Vår
  • Reiser
    • Noreg
    • Hellas
    • Thailand
    • Polen
    • Island
    • Sverige
    • Nederland
    • Vietnam
    • Kambodsja
    • Estland
  • Fjellturar
  • Mine hobbyar
    • Kokkelering i alle former
    • Handarbeid
    • Interiør
    • Teikning, form og farge
    • Dikt, sitater og memes eg likar
  • Blogg

Hua Hin

Thailand - Hua Hin

Opplevelser

Feriehuset vårt i Hua Hin, Thailand

«Gamla hytto»

Hytto vår


Kongens ferieby

Hua Hin er Thailands eldste strandby. Den ligg på vestkysten av Siambukta, 170 kilometer frå hovudstaden Bangkok. Hua Hin er ein populær turistby, både for (kvite-) utlendinger(falang) og thaiar. Allereie på 1920-tallet fekk Thailands konge sin faste sommarstad her, og oppretta jernbanelinje direkte frå Bangkok. Palasset, Klaikangwon, oversatt til Langt Fra Bekymringene-palasset, vart brukt av Thailands avdøde konge, den høgt elska kong Bhumibol. Dette har kome Hua Hin til gode, blant anna med ein ypperlig infrastruktur. Thailands elite har også brukt, og brukar dette som sin ferieby.

I Hua Hin finn du nokon av Thailands mest moderne fasilitetar utanfor Bangkok. Dei siste åra har myndighetene jobba hardt for å ordne stranda, og badevatnet har blitt klart forbetra. Det er òg laga fleire sykkelvegar no, og fleire og fleire har byrja å sykla. Dette skal nok Dronninga ha æra for, Bike for Mom vart starta som ein hyllest til hennar 83 årsdag 16 august 2015. Deretter fylgde Kongen på med Bike for Dad.

Hua Hin er i rask ekspansjon, det foregår stadige utbyggingar både av hus, hotel og condominiums. Dei siste åra har det poppa opp nye byggefelt, nye golfbanar bygges, eit enormt kjøpesenter(«BluePort») er opna, og små bedrifter opnar omtrent kvar dag(kafeer, restauranter, «streetfood» sjapper, spa, barer osv). Det er opna ein stor ny stadion, «True Arena», og eit stort badeland, «Vananava».

Les meir om Hua Hin historie »

Fiskelandsby

Hua Hin sett med mine auger

Attraksjonar:

Big Buddha/ «Wat Huay Mongkol

Hin Lek Fai

Takiap Mountain

Kongepallasset

Klai Kang Won Palace

Ratchapak Parken (7  konger av Thailand statuer)

Aktivitetar:

Golf

Badeland

Aktivitetsparker

Go-cart

Sykling

Kiting

Badestrender:

Bystranda

Takiap Beach

Soan Soan

Khao Thao

Sai Noi

Khao Kalok

Shopping:

Kjøpesenter:

  • Market Village
  • Villa Market
  • Hua Hin Mall
  • Blue Port

Marknader:

  • Night Market
  • Tirsdagsmarkedet
  • Cicada
  • Tambmarin

Uteliv:

Binta Baht

Soi 88

Soi 94

Korleis komma seg frå Bangkok til Hua Hin?

Det finnest ulike måter å koma seg frå Thailands internasjonale flyplass, Suvarnabhumi, i Bangkok til Hua Hin på:
Taxi
  • Ein kan ta taxi direkte frå flyplassen, det er bare å ta seg til 1 etasjen og utanfor der står det nokon som jobbar med å henvise taxier. Avtal pris på forhånd! Ha addressa til destinasjonen din klar, helst på thai, då dei fleste sjåførane ikkje er kjende i Hua Hin.
  • Ein kan bestille minibuss på samme vis, denne er noko dyrare, men tar fleire passasjerer og meir bagasje. Dei fleste minibussane er flotte, med gode seter som du kan legge ned.
BTS og Minibuss

Ein kan ta Skytrain(BTS), tog eller taxi til sentrum av Bangkok, til Victory monument, her går det minibusser frå, kontinuerlig. Spør deg fram til rett minibuss, for her er det mange å velge i, til ulike destinasjoner. Turen til Hua Hin koster 180 Baht per person, har du koffert må du mest sannsynleg betale for ein passasjer ekstra, då desse bilane ikkje har mykje baggasjerom. Desse stopper på faste stader undervegs, siste stoppestad er midt i Hua Hin sentrum. Er du heldig er det siste turen til denne sjåføren, eller han har ein pause, så kan det vera mogeleg å betale han for å køyre deg der du skal, ellers må du finne deg ein TukTuk eller taxi vidare.

Tog

Ta Skytrain, tog eller taxi til togstasjonen, og tog til Hua Hin togstasjon.

VIP buss

Direkte buss. Dette er flotte bussar med veldig gode seter. Denne stopper i Cha Am og Hua Hin og bruker 3-4 timar. Dette er ein veldig trygg og behageleg måte å reise på, og koster 269 THB + 50 THB per person for onlinebooking, inkl. ein liten handbaggasje og ein normal koffert (20kg). Du finn skranken: “Pattaya – Hua Hin” på 1 etasje nær utgang 8. Bussen stoppar på 2 stadar; 1. utanfor Bangkok Bank ved Cha-Am avkjørselen.   2.  Hua Hin FlyBusstasjon , dette er endestasjon. Avgangane frå Hua Hin går herifrå. Det kan no bare kjøpes billetter via internett!!

Fly
Andre turistinformasjons lenkjer:
  • Attraksjoner
  • Reiseplaneten
  • Thailands offisielle turistinformasjon
  • Hua Hin Turistinfo

Nyleg lagt ut

  • Bulgaria eit nytt land for oss 6. juni 2025
  • Amigurumi – heklede kose-dyr 29. mai 2025
  • Gdansk – Polen 28. mai 2025
Rhodos
«å leve er ikkje akkurat det lettaste som finst
ikkje alltid vakre roser og fin musikk
men sidan no dette orgelet likevel står her kan vi vel spele litt på det» 
- Arne Ruset-
 

Arkiv

  • juni 2025
  • mai 2025
  • juli 2024
  • juni 2024
  • april 2024
  • mars 2024
  • april 2023
  • mai 2020
  • november 2019
  • oktober 2019
  • september 2019
  • september 2018
  • mai 2018

Merkelappar

Badeliv Bangkok BIL tur Bløtkake Boller Delphos Drops Design Dukker Fantastiske fjell Fantastisk utsikt Ferie Festkake Gjærbakst God mat Hardangervidda Hua Hin Hurtigruta Julekaker Kaffigodt Kanelbollar Kjeks Kremkake Kreta Kvit Dame Maeklong Marius strikk Mercy Noreg Norsk Fjellheim Nydeleg natur Poncho Red Velvet Reiser Rundstykker Shopping Sjokoladekake Sol og Varme strikking Sukkerbrød Suksabai Tebrød Temakaker Tog-marked UT på Tur Zaros

Kategoriar

2025 | …livets gleder

…livets gleder

Powered by WordPress