Ei lito jenta entrar 50-åra
Etter å ha disponert den nya hytto vår i over tre år, var da endeleg på tide med besøk av familie heimante.
Av mine tre søstre, var da no Kari Anne sin tur til å tre inn i dei glade femtiåra. I den anledning rotta ungar og kjæresten seg saman og fekk mammo (med kjærast) avgårde på langtur til Thailand.
Det passa jo veldig bra, sidan me allerede var der, og hadde plass til å ta imot dei.
Da har gått mange år sidan Kari Anne var i Thailand sist, kjærasten, Kenneth, var førstereisgut. Så her var da berre å setja i gong å oppleva….
Veit ikkje heilt om shoppingsenter er ein av Thailands største turistattraksjonar, men….
«Stakkaren» har blitt dratt med på alle dei shoppingsentera og markedene som er, omtrent…..eller er da han som har dratt med ho…er litt usikker på kem som har handla mest, eller vore mest ådnige på å få shoppa.
Etter mange sløve år, har me òg, på ny, måtta ta runden på turistmagnetane som er i Hua Hin og omegn.
Takiap – Monkey Mountain
Khao Tao
Khao Tao er ein liten koseleg fiskelandsby, med eit tempel, sjølvsagt.
Ein stor kunstig innsjø er her, der det er laga til ein veg rundt for fotgjengarar. Mange tar turen her , tidleg morgon, eller sein ettermiddag, for å trimma litt.
Ein kan òg gå frå Hua Hin til Khao Tao på stranda.
Walking street på Piren:
På dagtid skjer det ikkje mykje her. Mange prøver fiskelukka. På kvelden er det matboder her.
Sai Noi:
Ein svipptur innom Sai Noi stranda ved Khao Tao
Ao Nang, Prachuap Kiri Khan og Ao Manao
Plutseleg tikka da inn ei melding frå Marie og Eivind, Vil de bli med på tur??
Etter ein liten diskusjon, var me einige om at…. ja da vil me!
Atle og Kenneth på Forza`n, og Kari Anne og meg på PCX`n. Totalt vart me 6 motorsyklar på tur denna gongen. And off we went.
Avreise Orchid Palm Home kl 9 om morgonen med retning sør.
Det var nok mange fleire dei første gangane me tok denne turen, så gjestene våre gjekk nok glipp av pittelitt.
Må jo spara noko til neste gong.
Bamboo Sea and Sand
Vi hadde bestilt kvar ei hytte til kvart par på Bamboo Sea and Sand. Hyttene var koselege, utan den høge standarden.
Men me såg for oss ei sjøutsikt frå hyttene, og da var da ikkje ….

Men Jimmys bar ved sidan av, var både koseleg og avslappande.
Her fekk ein raskt karibien stemning, med reggae musikk og eimen av «tulletobakk».
No har eg aldri vore i karibien, men da er slik eg forestiller meg at da må vera…. 555






Prachuap Kiri Khan
Vi var innom ein hage som skulle vera sommarfuglpark. Men den var nok nedlagt for fleire år sidan.
Me såg eit par sommarfuglar, men her mangla all vedlikehald og stell.
50-årsdagen
Å laga til ein fin bursdagsfeiring brukar vera enkelt. Lag til eit stort party, god mat og drikke!
So enkel er ikkje Kari Anne! Kva skal ein finna på til ei som ikkje er SÅ glad i ein fest?
Då må me satse på noko som bygger opp kropp og helse, skinn og sinn, i staden. Me landa på Spa dag hjå Tree!!
Her vart da Sauna med bodyscrub, massasje og ansikstsbehandling. Ho var skeptisk når ho for og kokt då ho kom att. Men eg trur kroppen hennar satte pris på da.
Hutsadin
Men før da er tid for massasje, tar me ein tur til Hutsadin Elephant`s foundation for å sjå elefantar.
Her har dei fira elefantar. Den eldste er ein hann på 80 år.
Dei tre andre er jenter på 17, 40 og 60 år.
Alle født rundt om i Thailand.

Vi hadde fleire valg i aktivitet her, men sidan Kari Anne hadde avtale kl ett, vart det berre tid til å mata elefantane.
I kveldinga tok me turen til Ku-Rong for ein litt betre middag
Tamarind og Cicada marked
Elvebåtcruise i Pak Nam Pran
Til å vera nasjonalpark, er da utruleg mykje plast og anna boss nedover elvo. Deriblant desse gamle vraka, som nok blir liggande ….
Detta var den tredje turen me hadde på elva, og jaggu fekk me sjå Varan på denna turen òg til slutt
154 Moo Mata Buffet i 112
Dette er ein veldig sosial måte å eta middag på. Her er alle i arbeid. Sjømat i store mengder, kjøtt, urter, salat og grønsaker. Ferdigrettar og desserter.
Litt varmt blir da når ein sit med både grill og Korean BBQ på bordet, i tillegg til at tempen er nærmare 30 grader….
Hua Na Markedet
Hua Na Markedet er da lokala ettermiddagsmarkedet. Her finn du allslags mat, frukt, drikker, klær og ellers ting mellom himmel og jord.
Da er første gongen me har sett rotter til salgs her, til mat….
Kvardagen ellers med besøk
Da er ikkje bare dei store begivenhetene livet består seg av, da er kvardagar da er flest av. Til og med på ferie. Men noko hender jo kvar dag.
Desse to globetrottarane vart tatt med på dei, for oss, beste restaurantane i nærleiken. Fekk handla både på Nattmarkedet, Market Village, Blue Port og Samvirkelaget, berre for å nemna nokre få.
I tillegg fekk Kari Anne vera med på vår ny-oppstarta Line Dance gruppa, og på Damenes Lørdags Lunsj, mens Kenneth vart inkludert i Guttas lørdags lunsj.
Dei fekk nesten ikkje tid til sol og bading ….






































