Skip to content

…livets gleder

Kvar du enn i verda fer – alltid du møter ein Olderkjær!

Menu
  • Blue Marraca – Hytta Vår
  • Reiser
    • Noreg
    • Hellas
    • Thailand
    • Polen
    • Island
    • Sverige
    • Nederland
    • Vietnam
    • Kambodsja
    • Estland
  • Fjellturar
  • Mine hobbyar
    • Kokkelering i alle former
    • Handarbeid
    • Interiør
    • Teikning, form og farge
    • Dikt, sitater og memes eg likar
  • Blogg

Amsterdam

Amsterdam

Tulipanbløming

I mange år har eg hatt eit stort ønske om å få med meg tulipanbløminga i Amsterdam, den offisielle hovedstaden i Nederland, landets største by, og ligg i provinsen Noord-Holland.

Endeleg kom dagen då me tok turen. Ein fire dagers tur til Amsterdam, inkludert ein dag i Keukenhof. Ei oppleving!

Keukenhof kan anbefalast på da sterkaste

Amsterdam i seg sjølv vart ein liten skuffelse, det var ein idyllisk og flott stad, men eimen av hasj, som låg som eit teppe over store delar av byn, vart kvalmande. Eg skjønar at dei som likar dette finn sitt paradis her, men for meg vart det for mykje. Som ikkje-røykar med eit ønske om å sitje ned ein stad og nyte eit glas vin eller øl, utan røyk eller hasjrøyk, var ikkje enkelt.

Shopping

Coffee shops, sex shops og suvernirbutikker låg på rekker og rader. Suvernirbutikk var vel kanskje ikkje rette fortegnelsen for desse butikkane. For suvernirer, sexleketøy og hasjkaker/slikkepinner ol. fekk du verkelig kjøpt i ein og samme butikk, over alt i sentrum.

Samstundes er det å sjå utstillingsvindaugo med lettkledde damer til salgs, noko som gjer ein ille til mote.

Men det er jo dette Amsterdam er kjendt for, så kan man like det eller la være. Eg kan no krysse av for å ha vert her…

Anne Frank

Me hadde tenkt oss på besøk i Anne Frank Huset, ein av Amsterdams mest kjende attraksjonar/museum. Hadde lest at her var det lurt å koma tidleg på morgonen, for pågongen var stor og køen lang. Som  sagt så gjort, me var tidleg ute, men ikkje tidleg nok…..køen var allereie uendeleg lang, og sidan det i tillegg småregna, droppa me det heile. Var litt for mange timar i kø….

Starten på køen inn i Anne Franks Huset
Starten på køen inn i Anne Franks Huset, ein skimtar inngangen
"Alle" vil inn å sjå i Anne Frank Huset
Særdeles mange har eit ønske om å sjå Anne Frank Huset frå innsida
Inngangen er i enden på gata, og vidare nedover til høgre....laaang.....
Inngangen er i enden på gata, og vidare nedover til høgre….laaang…..
Kanal med Armbrug i forkant og Church of St Nicholas i bakgrunn
Kanal med Armbrug bru i forkant og Church of St Nicholas i bakgrunn, bilete tatt frå Korte Niezel bru
Trafikk på kanalen
Trafikk på kanalen
Trafikk i kanalen, tatt frå Sint Olofssteeg
Trafikk i kanalen, tatt frå Sint Olofssteeg
Kanal med Oudezijds Vorburgwal på begge sider, tatt frå Korte Niezel bru
Kanal med Oudezijds Vorburgwal på begge sider, tatt frå Korte Niezel bru
Sentral Stasjonen
Central Station
Reir-bygges-av-vad-man-haver
Man tager vad man haver… og reir blir det, på eigen «lekter» i kanalen.
Nieuwe Kerk
Nieuwe Kerk
Church of St Nicholas
Church of St Nicholas
Amsterdam
Amsterdam

Dårleg service

Vi hadde vel vår eklaste matoppleving her. Den med dårlegaste sevice. So pass at eg vil fortelje om den.

Mexicansk mat midt i byn – aldri meir!

Mexicansk mat er me veldig glade i, og fann ein i ei av Amsterdams gater. Vi fekk oss eit bord, etter litt tid. Ein meny etter enda lengre tid. Byrja lure på om me berre skulle gå. Til slutt fekk me bestillt. Atle sin rett og eg min, to forskjellige. Langt om lenge fekk dama på bordet ved sida av oss mat, ho kom etter oss. Så eg kommenterte til Atle at eg trur ho har fått hans mat. Dama byrjar å eta…

Så får eg min mat, og Atle sin… Feil mat! Vi gir beskjed om at den er feil. Og det gjer dama også… Då tar servitøren å bytter tallerker! Eg gir klar beskjed om at dama har jo ete av maten. NEI seier kelneren, JO!! utbryter både eg og dama. Kelneren tar deretter maten med seg, dritsur! og kjem om ei stund tilbake med maten. Den dag i dag angrer eg på at vi ikkje berre gjekk!!


Turistinformasjon:

  • Amsterdam
  • Keukenhof

Nyleg lagt ut

  • Bulgaria eit nytt land for oss 6. juni 2025
  • Amigurumi – hekla kose-dyr 29. mai 2025
  • Gdansk – Polen 28. mai 2025
Rhodos
«å leve er ikkje akkurat det lettaste som finst
ikkje alltid vakre roser og fin musikk
men sidan no dette orgelet likevel står her kan vi vel spele litt på det» 
- Arne Ruset-
 

Arkiv

  • juni 2025
  • mai 2025
  • juli 2024
  • juni 2024
  • april 2024
  • mars 2024
  • april 2023
  • mai 2020
  • november 2019
  • oktober 2019
  • september 2019
  • september 2018
  • mai 2018

Merkelappar

Badeliv Bangkok BIL tur Bløtkake Boller Delphos Drops Design Dukker Fantastiske fjell Fantastisk utsikt Ferie Festkake Gjærbakst God mat Hardangervidda Hua Hin Hurtigruta Julekaker Kaffigodt Kanelbollar Kjeks Kremkake Kreta Kvit Dame Maeklong Marius strikk Mercy Noreg Norsk Fjellheim Nydeleg natur Poncho Red Velvet Reiser Rundstykker Shopping Sjokoladekake Sol og Varme strikking Sukkerbrød Suksabai Tebrød Temakaker Tog-marked UT på Tur Zaros

Kategoriar

2026 | …livets gleder

…livets gleder

Powered by WordPress