Skip to content

…livets gleder

Kvar du enn i verda fer – alltid du møter ein Olderkjær!

Menu
  • Blue Marraca – Hytta Vår
  • Reiser
    • Noreg
    • Hellas
    • Thailand
    • Polen
    • Island
    • Sverige
    • Nederland
    • Vietnam
    • Kambodsja
    • Estland
  • Fjellturar
  • Mine hobbyar
    • Kokkelering i alle former
    • Handarbeid
    • Interiør
    • Teikning, form og farge
    • Dikt, sitater og memes eg likar
  • Blogg

Rhodos

Rhodos

Ei veka ferie og valgets kvaler

Rhodos – sol og varme. Sunnhordlandsbassenget – helst regn og kaldt.

Med ei veka ferie å sjå fram imot, stod valet mellom den vestlandske øygarden med båt, eller sydlegare strøk og meir stabilt sommarvær. Sjølv om ei veka på båttur verkeleg freista… vann sol og varme.

Det er lenge sidan me har vore på båtferie no… 😉

Rhodos – tilnærma garantert regnfritt, (sidan det normalt sett ikkje er mange regndråpar i august) etter ein lang sommar med vintertemperaturar og regn…. Kreta eller Rhodos?

Rhodos, nærare bestemt Rhodos by, heilt i nord, og på vestsida. Hotellet me valde var La Vita og er eit hotell i Mitsis konsernet.

Ut på tur, aldri sur…med niste på lur

Me reiste charter denne turen, avreise Stavanger lufthamn, Sola. Sidan flyet vårt gjekk så tidleg søndag morgon, reiste me til Stavanger laurdag. Me hadde bestillt rom på Quality Airport Hotel, som, sidan me reiste med Ving, hadde gratis parkering den tida me var på tur. Vinn/Vinn!

Reiste heimante på formiddagen, med heimasmurt, god niste og kaffe på kanna …ein er jo på tur allereie når ein køyrer frå heimen. Difor ankom me jo også hotellet rimeleg tidleg, fekk sjekka inn og kunne ta oss ein god spasertur i området, før me køyrte for å få oss middag.

Rommet var fint og reint, og senga god, men mykje sømn vart det ikkje. Når ein har klokka(mobilen) på vekking i fire tida på natta for å koma seg til flyplassen tidsnok for innsjekk , ja då ligg ein på otte heile natta…me vil jo ikkje forsova oss.

Opp å hopp!

Frukostpakke fekk me i resepsjonen idet me sjekka ut. Den åt me mens me venta på boarding. Me såg verkeleg fram mot å få hiva kragen i nakken og sova oss fram til Rhodos.

Rhodos

Taxfree posane våre stod klare til oss i seta då me kom inn i flyet, Atle hadde gått litt amok i nettbutikken. Med berre 3 posar på veg til Hellas, var det mykje verre på veg heim att…

Offentleg transport eller taxi

Me landa i halv tolv tida, på Diagoras Rhodes international airport, ein heller liten flyplass. Fekk bagasjen relativt fort og minibanken gav oss velvillig ein liten bunke Euro.

Me er tilhengarar av offentleg transport, difor var det sjølvsagt å ta bussen inn til Rhodos by. Å nytte slikt transportmiddel når ein er ute å reise kan sterkt anbefalast, ein får sett mykje meir av omgjevnadane, i tillegg er det også mykje billegare. Denne bussen kostar 5.20€ for to, om du handlar hjå sjåføren, 5€ om du handlar i billettkontor.

Rhodos
Taxiprisar på Rhodos

Taxi derimot kostar 25€. Etter ein grei busstur, var me framme til byn. Me visste sånn nokonlunde kvar me skulle gå av, etter ankomst hadde me bare eit lite stykke å gå til hotellet. Det er ein fordel å ha koffertar med fire doble hjul når ein reiser sånn (bare eit tips 🙂 ).

Rhodos by

Rhodos
Rhodos
Ved innseilinga til «Mandraki Port» i gamlebyen og «Kolossen på Rhodos»

Hotellet vårt ligg tett ved stranda, sentralt i byn, og har det meste i gåavstand, strand, lang strandpromenade, butikkar, restaurantar, barar, gamlebyen, motorsykkelutleige mm..

Rhodos
Bymuren i hamna med Naillac Tower
Rhodos
Google bilde over gamlebyen
Rhodos
Rhodos
Motiv frå bymuren rundt gamlebyen

Vår fyrste vesle raude

Det vart mange skritt på skrittelljaren dei fyrste dagane, og mange gode «vannhull» å kvile beina i.

Etter nokre dagar hadde me sett det meste me hadde lyst til å sjå i gåavstand, då kasta me inn handklede og leigde oss motorsykkel.

Rhodos
Wiatraki Rhodos – Rhodes Windmills
Rhodos
Fort of St. Nicholas og St. Nicholas Lighthouse

Ein liten raud sak med 150 cc og topboks, og brått hadde me heile Rhodos for våre føter. Og ja, nettopp våre føter, for sjølv med den vesle raude, så vart ikkje skritta ferre. Berre «vannhulla».

Rhodos
Om du skulle vera interessert i ein ny leilighet, her er ein til sals

Å reise på tur med ein som er glad i fotball, fører ofte med seg nokre kveldstimar på ein fotballpub. Rhodos har mange…. dei har gratis nett og god vin, men 90 minuttar er rikeleg tid å kaste vekk der 😉

Rhodos
Litt vedlikehald må til i gamlebyen….

Rhodos
Palace of the Grand Master of the Knights of Rhodes
Rhodos
Church of the Virgin of the Burgh i gamlebyen
Rhodos
Palace of the Grand Master of the Knights of Rhodes med Mandraki i front

Mat og drikke

Rhodos
Gresk salat med kylling
Rhodos
Gresk salat med kylling i wrap
Rhodos
Mixed Grill
Rhodos
Tunfisksalat

Nydelege friske salatar, mykje fetaost og oliven. Godt og kaldt øl, vin i alle variantar. Meze og Raki, om enn ikkje så utbredt på Rhodos som på Kreta, slik me har opplevd det.

Gyros får ein over alt, men den beste fekk me hjå Augoustinos Restaurant.

Rhodos
Nysteikte rundstykker med patè og oliven
Rhodos
Gyros tallerken
Rhodos
Karamellpudding
Rhodos
Mythos
Rhodos
Bestill aldri ei stor øl i den tru at det berre er ein halv liter…… her var det to liter

Rhodos for våre hjul og føter

No fekk me med oss attraksjonar lengre vekke som blant anna:

Kamiros strand

Antikke Kamiros, vèl 30 km frå Rhodos by, ligg ein stor ruinby konstruert ein gong på 500-talet f.Kr, dette var ein av dei tre store byane på Rhodos i det 5. og 6. århundre før Kristus. Her tok me diverre ikkje turen, det får me gjera neste gang.

Kamiros strand, derimot, den ligg  7-900m frå Akropolis, har både ein sandstrand og ein steinstrand del. Området her er drive av eit par restaurantar, det er gratis solsenger med parasollar, og parkering. Restaurantane har stort utval i sjømat.

Rhodos
Ein blom på Kamiros strand 
Rhodos
Kamiros strand
Rhodos
Rhodos
Rhodos

The Valley of the Butterflies

Rhodos
Rhodos
Kart over Sommarfugldalen

Etter å ha tatt ein tur på stranda, snudde me nasen mot «heim» att. Sidan ingenting hastar når ein er på ferie, fann me ut at ein tur i Sommarfugldalen var heilt på sin plass. Denne ligg omlag 24 km frå Rhodos Old town.

Rhodos
Slik såg sommarfuglane ut når dei ikkje fauk, når dei opna vingene var dei raud/rosa.
Rhodos
To som er veldig nøgde med ferien 🙂

Tusenvis av sommarfuglar (og turistar)

Me parkerte på ein av dei tre parkeringsplassane, betalte billetten på 5 € pr pers og spaserte på smale stiar, bruer og trapper gjennom dalen. Me var heldigvis på reis i slutten av august, etter at skulane har starta etter sommarferien (i Noreg), så høgsesongen var på hell. Likevel vart det mykje køgåing. Vil ikkje tenkje på korleis det er her midt i høgsesongen. Men staden var flott, og turen gjorde godt.

Rhodos
Idyllisk undervegs i Sommarfugl dalen
Rhodos
Sommarfuglar i Sommarfuggel dalen
Rhodos
Ein fin spasertur

The Monastery of Panagia Kalopetra

Rhodos
Rhodos
300m lang trapp kan bli tungt …

Når ein kjem ut av sommarfugldalen i enden, så kan man gå vidare opp til The Monastery of Panagia Kalopetra (Virgin Mary of Kalopetra).

Det gjorde me…

Det var ei fantastisk utsikt ved klosteret, her fekk me kjøpe drikke frå automat, det var naudsamt etter fleire kilometer gjennom dalen, og me skulle same vegen attende.

Fjelltur med fantastisk utsyn

Rhodos
Frå utsida av Kalopetras kloster
Rhodos
Utsikten over Valley of the Butterflies og havet

Då me atter kunne sette oss tilrette på den vesle raude var me klare for byn og middag, eigentleg. Men sidan vegen gjekk denna vegen, og her såg spanandes ut, vel då fekk middagen venta. Og det var det verdt. Fantastisk svingete stigning opp til Philérēmos eller Filerimos. Dette ligg omlag 20 km frå Rhodos by.

Denne høgda ligg 267 meter over havet, med godt utsyn over den vesle byen Lalyssos, men også heilt til nordspissen på øya på vestsida. Og mot blant anna Kallithea på austsida. Her oppe finn ein:

Monastery of Filerimos, Panagia Filerimos, Athena Tempel, Filerimos Cross og Filerimos Bysantiske Slott/Festning.

Rhodos
Utsiktend frå Filerimos mot nordvest

Monastery of Filerimos

Rhodos
Ein av dei mange Fasanane på Filerimos høgda
Rhodos
Inngangsentreen til klosterområdet

Me parkerte den vesle raude atter ein gong.  Like ved parkeringsplassen var det ein restaurant og suvernirbutikk, her var også Athena Tempel. Det tok me ikkje med oss. Men ein av hovudattraksjonane her Klosteret, ville me sjå.

Ein av dei fyrste tinga me la merke til var alle Fasanane som gjekk fritt omkring.

Inngangen til klosterområdet var inn ein port og opp ei lang trapp. Betalinga ville dei ha i ei lita bu i trappa, 5€ her òg. Det fyrste me sjekka ut, då me var komne opp trappa, var utsikten mot nordvest, den var heilt rå. For å koma til utsiktspunktet måtte me gå gjennom ein allèe frå klosteret.

Klosteret vart bygd i det 15, århundre av Ridderane av St. John, på grunnmurene av ei tidlegare katolsk kyrkje.

Klosteret var under renovering då me var der.  Det var den einaste bygningen som vart full-restaurert av briter og grekere etter den andre verdenskrig. Me var ikkje inne i bygningane.

Rhodos
Allèen mot utsiktspunktet på vestsida

Filerimos Bysantiske slott/festning

Rhodos
Monastery of Filerimos
Rhodos
Korset sett frå Klostertrappa
Rhodos
Monastery of Filerimos

Bak klosteret går det ein ny allèe, denne mot det bysantiske slottet. Dette var bygd av bysantinerne i det 11. århunder, uheldigvis var det ein kultur blant alle forfedrene på øya å øydelegge eksisterande gamle og hellenistiske byggverk for å få bygd det dei ønska. Så også med dette slottet, som store delar av byggematerialet er henta frå det antikke tempelet Athena. Slottet var brukt som sommarhus for aristokratane og eliten i den bysantiske epoken.

Rhodos
Entreen til Slottet/Fortet, sett innante og ut
Rhodos
Det store hamskiftet….
Rhodos
The Byzantine Castle/Fortess of Filerimos
Rhodos
Fordums storhet

Filerimos Kross

Rhodos
The Road To Calvary
Rhodos
The cross of Filerimos

I overgangen mellom Klosterhøgda og Krossen,(Golgata) er det ein veg, på kvar side av denne er det trær og 14 steintavler med utskjeringar frå scenar frå Jesu veg opp Golgata. Her finn du òg uendeleg mange fasanar.

Denne vegen leiar opp til den 18 meter høge krossen, som vart reist av Italienarane for å erstatta den gamle 30 meter høge steinkrossen. Det er mogeleg å gå opp spiraltrappa i krossen for å ta inn det utrulege utsynet frå toppen.

Rhodos
Mating og biletetaking av fasanane
Rhodos
Filerimos Kross
Dagar med nedbør på Rhodos i gjennomsnitt:

  Jan       Febr       Mar      Apr     Mai     Jun      Jul       Aug      Sep       Okt       Nov      Des

      12          9            7          3         2          1         0          0          1           5           6          11     

Vår andre vesle raude

Dagen etter bestemte me oss òg for å leige ein motorsykkel, var grei den me hadde sist, men den var utleigt. Så me fekk tilbod om å leige ein litt større. Om detta var eit salstriks eller ikkje var ikkje så nøye for oss då denna var mykje betre å sitje på for meg med dårleg hofta og bekken. I tillegg var det større topboks, me tenkte då fekk me plass til begge hjelmane når me parkerte. Altså, me slapp å vera redd dei vart stolne. Men DA trong me ikkje vera redd for her, sa utleigaren. Grekarar stel ikkje hjelmar, dei har ingen ynskje om å bruke hjelm, så kvifor skal dei stjele dei?

Rhodos
Vår andre vesle raude, var ein 250cc

Så var me komne i salen att. Denne gangen ville me ta for oss austsida av øya, men sidan dette var siste dagen vår hadde me ikkje lika god tid i dag. Ein får verkeleg sett mykje når ein køyrer slik på måfå rundt omkring. Til slutt enda me i Lindos.

Lindos

55 km sør for Rhodos. Byen vart grunnlagt ein gong på 900-talet f.Kr. Overfor dagens moderne by, ligg Lindos akropolis. Lindos beach er eit populært turistmål, ein kan bl.a. ta dagscruise frå Rhodos by til Lindos.

Rhodos
Lindos
Rhodos
Lindos strand
Mange båtar kjem til Lindos med dagsturistar
Rhodos
Lindos Akropolis sett frå stranda
Rhodos
Eit lite paradis

Frå hovudvegen, og ein stor parkeringsplass, og ned til stranda går det ein smal veg. Fylt med uendeleg mengder turistar, som var komne med buss, spaserande ned mot stranda. Skjønar at staden har mange turistar, men slike mengder er ikkje noko for oss…

Rhodos
Akropolis
Rhodos
Ein litt koselegare «taxi» i Lindos

Lunsjtid

Etter å ha rasta med ei flaske vatn og tatt litt bileter på Lindos strand, heiv me oss på sykkelen att for å finne oss ein liten roleg stad for å eta lunsj. Den staden fann me, då me tilfeldigvis køyrde feil. Me hamna i Lardos, og åt lunsj beståande av Gresk salat, vatn til sjåføren og øl til passasjeren, på Memories Cafè.

Gode og mette køyrde me vidare på heimveg. No køyrde me langs, og litt innom Kalathos Park

Kalathos Park

Rhodos
Kalathos Park
Rhodos
Rhodos
Limni Fragmatos Gadoura
Rhodos
Epar Od Pastidas Mesanagrou

Rhodos – sol og varme

Ei veka på farten går veldig fort, når ein skal på ferie så startar ferien allereie når ein går ut døra heime. Og uansett kor langt det er til destinasjonen, så går den turen relativt fort, men heimturen derimot, den er lang den…..

Rhodos
Rhodos - sol og varme
Rhodos
Ein rett så spesiell stein i stranda

Tilbake til Rhodos?

Ja, men ikkje nødvendigvis heilt med da fyrsta…

Rhodos
Sola på veg ned i havet 
Rhodos
Solnedgang i havet

Nyleg lagt ut

  • Rundstykker 5. mai 2025
  • Vinter i Thailand – tidvis sykkel-enka 4. mai 2025
  • Frøystul 10. juli 2024
Rhodos
«å leve er ikkje akkurat det lettaste som finst
ikkje alltid vakre roser og fin musikk
men sidan no dette orgelet likevel står her kan vi vel spele litt på det» 
- Arne Ruset-
 

Arkiv

  • mai 2025
  • juli 2024
  • juni 2024
  • april 2024
  • mars 2024
  • oktober 2023
  • april 2023
  • mai 2020
  • november 2019
  • oktober 2019
  • september 2019
  • september 2018
  • mai 2018

Merkelappar

Bangkok BIL tur Bløtkake Boller Delphos Drops Design Dukker Fantastiske fjell Fantastisk utsikt Ferie Festkake God mat Hardangervidda Hua Hin Hurtigruta Julekaker Kaffigodt Kanelbollar Kjeks Kremkake Kreta Kvit Dame Maeklong Marius mønster Marius strikk Mercy Noreg Norsk Fjellheim Nydeleg natur Poncho Red Velvet Reiser Shopping Singlet Sjokoladekake Sol og Varme strikking Sukkerbrød Suksabai Tebrød Temakaker Thailand Tog-marked UT på Tur Zaros

Kategoriar

2025 | …livets gleder

…livets gleder

Powered by WordPress