Skip to content

…livets gleder

Kvar du enn i verda fer – alltid du møter ein Olderkjær!

Menu
  • Blue Marraca – Hytta Vår
  • Reiser
    • Noreg
    • Hellas
    • Thailand
    • Polen
    • Island
    • Sverige
    • Nederland
    • Vietnam
    • Kambodsja
    • Estland
  • Fjellturar
  • Mine hobbyar
    • Kokkelering i alle former
    • Handarbeid
    • Interiør
    • Teikning, form og farge
    • Dikt, sitater og memes eg likar
  • Blogg

Fjellrypene på tur

Mandagstur Damene sine opplevingar

Fyrst YTE så NYTE!

Mandagstur

For mange år sidan byrja Karina, Merete, Ingunn og eg, å gå tur kvar mandag ettermiddag. Dette har ført til mange mil til fots i skog og mark etter kvart. Ettermiddagsturane våre brukar å vera i lokalområdet. Småturar slik som til «Benken» i Onarheimslia, Kaldestadåsen, Bogsnesåsen, Postvegen og liknande. Andre ganger litt lengre turar som til Varhaugselet eller Bremstølen. Eller me køyrer litt lengre før me går, som til Halsnøy, Sandvoll eller Rosendal.

Mandagsturar og andre ettermiddagsturar i lokalområdet

Ingahogg

Hjortatråkket

Fjellryper på tur

Om vinteren hender det me går på ski, og nokre av oss luffar på trugeturar. Eg har ikkje investert i truger ennå, så den aktiviteten har ikkje eg fått prøvt ennå.

Skarvarennet 2015

Haukelirennet 2017

Me har òg vore på fleire overnatting- og helgeturar, som til Hardangervidda og hytteturar med innlagt trim og kos. For mottoet vårt er «Fyrst Yte, så Nyte». Og me er lika flinke til begge deler!

Hardangervidda

Fonnabu

Nyastøl

Hyttejentetur til Strandvik

Mandagsturen er fast kvar veke, men det hender ofte at det vert fleire, og det hender at me opnar opp for at andre får vera med.

Me har vore på sopp-plukke-turar, kongle-og-anna-dekorasjonsmateriell -plukketurar, få-ut-frustrasjons-turar, motivasjons-turar, juhu-turar, skeise-på-vatn turar……. Ei stund var me på Sumba i Uskedalen, no utforskar me Yoga på Halsnøy, samt at eit par av oss driv med jogge-opptrening til KK mila – ein gong….

Åsså lagar me gourmet mat innimellom, og sjølvsagt høyrer det god drikke med til god mat – og av og til berre god drikke 😀

I januar i år(2018) laga me oss eit julabord, då fekk «mannane» våre vera med òg

Nyleg lagt ut

  • Norgesferie 2025 11. april 2026
  • Vårt første familiebesøk frå Noreg i ny hytte 7. april 2026
  • Kald vinter i Noreg – Kald vinter i Thailand 24. mars 2026
Rhodos
«å leve er ikkje akkurat det lettaste som finst
ikkje alltid vakre roser og fin musikk
men sidan no dette orgelet likevel står her kan vi vel spele litt på det» 
- Arne Ruset-
 

Arkiv

  • april 2026
  • mars 2026
  • februar 2026
  • juni 2025
  • mai 2025
  • juli 2024
  • juni 2024
  • april 2024
  • mars 2024
  • april 2023
  • mai 2020
  • november 2019
  • oktober 2019
  • september 2019
  • september 2018
  • mai 2018

Merkelappar

Bangkok BIL tur Bløtkake Boller Delphos Drops Design Dukker Fantastisk utsikt Ferie Festkake Gjærbakst Handarbeid Hardangervidda Hua Hin Hurtigruta Hyttetur Julekaker Kaeng Krachan Kaffigodt Kanelbollar Kjeks Kremkake Kreta Kvit Dame Maeklong Marius strikk Mercy Noreg Norge Norsk Fjellheim Nydeleg natur Poncho Red Velvet Rundstykker Shopping Sightseeing Sjokoladekake Sol og Varme strikking Sukkerbrød Suksabai Tebrød Tog-marked UT på Tur Zaros

Kategoriar

2026 | …livets gleder

…livets gleder

Powered by WordPress