Kategori: Kjeks

 

Dagny Kaker

150 gr.      Margarin

3 koppar  Kveitemjøl

1,5 kopp   Sukker

2 ts.          Sirup

1,5 ts.       Natron

1,5 ts.       Vaniljesukker

25 gr.       Mandlar

 

Rør smør og sukker kremaktig, tilsett sirup, vaniljesukker og mjøl(som er blanda med natron)

Lag tre stenger, trykk dei flate, pensle med egg og strø hakka mandlar og grovt sukker på.

Skjær dei opp i snittar mens dei er varme

180 grader

Cookies

120 gr.    Smør

60 gr.     Sukker

60 gr.     Brunt Sukker

1             Eggeplomme

1            Egg

290 gr.    Kveitemjøl (310 gr. viss ein steiker med ein gang)

1 ts.       Vaniljesukker/ekstrakt

1/4  ts.      Salt

1/2 ts.       Natron/Baking soda

150 gr.      Hakka sjokolade

 

Bland alt det tørre, del smøret i mindre bitar og ha i – Smuldre godt opp.

Visp egga lett med ein gaffel. Bland i og elt saman til deigen akkurat har samla seg.

Bland i sjokoladen så vidt.

Pakk deigen i folie og ha i kjøleskapet i intil 24 timar.

Lag deigklumpar på størrelse med golfballar.

Steikes i nedre del av omnen, til kjeksa har fått ein lus kant nederst. 180 grader, ca 15 minutt.

Mørke Pepperkaker

Kakebaking

1,5  dl.     smelta Margarin

1,5  dl.     mørk Sirup

1,5  dl.     brunt Sukker

1,5  dl.      Sukker

1,5  dl.      Fløyte

3  ts.       Kanel

2  ts.       Kardemomme

2  ts.       Nellik

2  ts.       Ingefær

1  ts.        Natron

9-10 dl.     Kveitemjøl

 

Bland alt godt saman. Pakk inn i folie og la ligge i kjøleskapet over natta.

Steikes på 180 grader i 6-8 minutter.