Skip to content

…livets gleder

Kvar du enn i verda fer – alltid du møter ein Olderkjær!

Menu
  • Blue Marraca – Hytta Vår
  • Reiser
    • Noreg
    • Hellas
    • Thailand
    • Polen
    • Island
    • Sverige
    • Nederland
    • Vietnam
    • Kambodsja
    • Estland
  • Fjellturar
  • Mine hobbyar
    • Kokkelering i alle former
    • Handarbeid
    • Interiør
    • Teikning, form og farge
    • Dikt, sitater og memes eg likar
  • Blogg

Gdansk og Sopot

Etter mange diskusjonar om kvar me skulle reisa, tok me endeleg turen til Gdansk.

Då hadde me allereie vert i både Krakow, Warszawa og Katowice, men hadde ennå ikkje fått nok av Polen. Denne turen skulle vise seg å ikkje bli den siste til denne flotte byen, og område.

På våre to fyrste turar budde me i Oliwa, ein bydel på grensa til Sopot. Her likte me oss utruleg godt. Hotellet me overnatta på hadde ein utruleg sjarm og atmosfere, og servicen upåklageleg.

Utan aircon

Den fyrste turen var me likevel uheldige og fekk rom ut mot gata, noko som gjorde det vanskeleg å sova, då det var sommar og rommet ikkje hadde aircon. Derfor vart ein tvungen til å ha vindauga ope, og med taxihaldeplass og lysregulering som spelar kvar gang det er grøn mann, rett under vindauga, vart det lange netter.

Likevel var ikkje dette grunn god nok til ikkje å benytta det same hotellet att neste tur, vi fekk rom vekk frå gata, og hadde ein fantastisk tur dag som natt.

po-6
Oliwa Park har lang histori. Den var, sannsynlegvis, laga i middelalderen, men det flotte arkitekt bygde utførelsen var designa i tida mellom 18 og 19 hundretalet. Dei siste tre Abbedane i Oliwa – Jacek Rybiński, Karl and Josef Hohenzollern – var opphavet til parken, som i hovudsak ser lik ut i dag.

På andre sida av gata ligg Oliwa park med Oliwa katedralen.

oliwa-kyrkja
Oliwa Katedralen

Denne parken anbefaler me å ta ein tur i, samt også katedralen. Me var heldige å få med oss ein fantastisk orgelkonsert her.

orgelpipene
Orgelpipene i Oliwa katedralen

Vakker arkitektur og rik historie

op-8
parken-oliwa-5
parken-oliwa4
parken-oliwa
op9
Gdansk
Store kranar

Gdansk ligg i nordlege Polen, ved Det baltiske hav, og byen har ca 460.000 innbyggarar, dermed er Gdansk Polens fjerde største by, etter innbyggartall.

Sjølv om Gdansk er ein travel havmneby, har byen og regionen rundt utruleg mykje å tilby turistar. Til og med etter tre turar, med mykje sightseeing, vil me ta turen attende.

”The Royal Way”

Den flottaste arkitekturen i Gdansk finn ein i den historiske delen av Hovudbyen.

Her kan du oppleva ”The Royal Way” som er den historiske hovudgata i Gdansk. Dette har vært paradegata til dei polske kongelege, og den går gjennom eit av dei aller vakraste områda i Gdansk. Her kan du vandra langs vakre fasadar malt i flotte fargar.

1
King Arthurs Court
Paradegata i Gamlebyn
Om du likar å tusla rundt i fine omgivnader, er Gdansk ein by du anbefalast å ta ein tur til. Byen vart hardt råka i den andre verdskrigen (det var faktisk her den starta, i Westerplatte), har den blitt gjenskapt til ein sjarmerandes gamal by.

Hamneby

Som ein sentral havneby har Gdansk har aldri slutta å være utadvendt, slik ein ekte havneby gjerne skal være. Hamneområdet er framleis livleg og verdt eit besøk. Her kan du nyta god mat på ein av dei mange fortauskafeane eller i flotte restaurantar.

Havna
Hamna i Gamlebyen

Gdansk er i dag ein ung og levande by; den perfekte stad for deg som vil kombinera urbane opplevingar med sol og bading på flotte kvite strender. Som ein del av Pomerania, er området utanfor Gdansk heile Polens ferieparadis.

great-crane
Great Crane (Zuraw) – dette er Gdansks varemerke, før vart kranen brukt til å losse varer, no er den ein del av det maritime museet
4
Green Gate. Long Street og Long Market går frå Upland Gate til Green Gate, og er eit av dei flottaste områda i Gdansk.
Utsikt frå Rådhustårnet
St. Mary’s Church seiast å vera verdas største mursteinskyrkje. Gå dei 405 trinna opp i det 78 meter høge tårnet.
Baater
Ei av dei to skutene som har base i hamna

Historie

parken-oliwa-3

Dei fyrste busetnadane i Gdanskområdet dukka opp allereie på 600-talet, men år 997 reknast som året då byen vart grunnlagt. I 1361 vart Gdansk ein av hanseateranes handelshamner, noko som førte til vekst i både økonomi og folketal. På 1500-tallet hadde Gdansk sin gullalder, og etablerte seg som eit handelssentrum og den viktigaste hamna ved Det baltiske hav.

Då nasjonen Polen på slutten av 1700-tallet midlertidig slutta å eksistere som sjølvstendig nasjon og vart delt mellom Preussen, Russland og Østerrike, hamna Gdansk under preussisk styre. I 1871 vart byen ein del av det tyske riket.

Etter 1.verdskrig gjenoppstod nasjonen Polen, men sidan fleirtalet av Gdansks innbyggarar var tyskarar, vart byen istaden Fristaden Danzig, med eige parlament og eigen valuta. Dette varte fram til 2.verdskrig som starta med angrepet på Westerplatte i Gdansk, og byen vart nærast jevna med jorda i 1945.

Etter krigens slutt vart Danzig igjen Gdansk, og ein del av Polen. Byens mange tyske innbyggarar vart forvist og erstatta med polakkar som igjen var forvist frå dei delane av det østlige Polen som no var kome under sovjetisk kontroll.

Gdansk spelte òg ei viktig rolle under kommunismens fall i øst-Europa. Les meir her

Lenkjer:

reiseplaneten.no
www.sas.no

pomorskie.travel

Nyleg lagt ut

  • Bulgaria eit nytt land for oss 6. juni 2025
  • Amigurumi – heklede kose-dyr 29. mai 2025
  • Gdansk – Polen 28. mai 2025
Rhodos
«å leve er ikkje akkurat det lettaste som finst
ikkje alltid vakre roser og fin musikk
men sidan no dette orgelet likevel står her kan vi vel spele litt på det» 
- Arne Ruset-
 

Arkiv

  • juni 2025
  • mai 2025
  • juli 2024
  • juni 2024
  • april 2024
  • mars 2024
  • april 2023
  • mai 2020
  • november 2019
  • oktober 2019
  • september 2019
  • september 2018
  • mai 2018

Merkelappar

Badeliv Bangkok BIL tur Bløtkake Boller Delphos Drops Design Dukker Fantastiske fjell Fantastisk utsikt Ferie Festkake Gjærbakst God mat Hardangervidda Hua Hin Hurtigruta Julekaker Kaffigodt Kanelbollar Kjeks Kremkake Kreta Kvit Dame Maeklong Marius strikk Mercy Noreg Norsk Fjellheim Nydeleg natur Poncho Red Velvet Reiser Rundstykker Shopping Sjokoladekake Sol og Varme strikking Sukkerbrød Suksabai Tebrød Temakaker Tog-marked UT på Tur Zaros

Kategoriar

2025 | …livets gleder

…livets gleder

Powered by WordPress