Skip to content

…livets gleder

Kvar du enn i verda fer – alltid du møter ein Olderkjær!

Menu
  • Blue Marraca – Hytta Vår
  • Reiser
    • Noreg
    • Hellas
    • Thailand
    • Polen
    • Island
    • Sverige
    • Nederland
    • Vietnam
    • Kambodsja
    • Estland
  • Fjellturar
  • Mine hobbyar
    • Kokkelering i alle former
    • Handarbeid
    • Interiør
    • Teikning, form og farge
    • Dikt, sitater og memes eg likar
  • Blogg

Ta Prohm

TA PROHM

Møtet vårt med desse ruinane frå eit fordums rike var mektig, fasinerande, uverkeleg og ikkje minst fekk da igong fantasien. Tenk å vore floga på veggen i den tida det var ein kvardag i desse omgivnadane. Me er heldige i dag som kan dokumentera for framtida med levande bilder. Frå desse bygninganes storhetstid finnes ikkje bileter ein gong…

Det er ikkje så mykje å fortjelje om vårt møte med desse ruinane, anna enn bileta våre. Derfor legg eg til litt frå Det store norske leksikon og Wikipedia:

Etter at Jayavarman VII overtok trona i Kambodsja i 1181 satte han i gang eit massivt program for bygging og offentlege arbeider. Rajavihara («kongelig tempel»), i dag kalt Ta Prohm («stamfar Brahma»), var ein av dei første templene som vart bygget i henhold til programmet. Stelen til minne om grunnleggingen angir datoen til 1186.

Jayavarman VII konstruerte Rajavihara til ære for sin familie. Tempelets hovudbilete representerer Prajnaparamita, personifiseringa av visdom, vart modellert etter kongens mor. Dei nordlige og sørlige templene i den tredje innhegninga vart dedikert til henholdsvis kongens guru og hans eldre bror. Dermed danna Ta Prohm eit utfyllande par saman med templet Preah Khan bygget i 1191, der hovudbiletet som representerte bodhisattva Lokesvarav vart modellert etter kongens far.

Ta Prohms tempel dekkjer eit hektar av heile byområdet på seksti hektar. Tempelets stele fortel at området var heim for meir enn 12 500 personar (kor av 18 yppersteprestar og 615 tempeldansarar, apsaraer.).  Stelen fortel også om templets store rikdom, som inkluderte gull, perler og silke(35 diamantar og 40 000 perler). Rikdomen vart tilført av dei over tre tusen landsbyane som klosteret eigde. Landsbyanes 80 000 innbyggjara hadde til oppgåve å forsyne klosteret med alt det trengte av tjenester, produkt og vedlikehald. På den måten kunne Ta Prohm og skaffa forsyningar og medisinar til dei over eit hundra sjukehusa som Jayavarman 7 bygde opp rundt om i sitt kongerike. Utvidelsar og tillegg til Ta Prohm fortsatte så seint som til for Srindravarmans regjeringstid på slutten av det 13. århundre.

Ta Prohm er i dag mest kjent for dei forvridde giganttrea som har fått voksa fritt i den forlatte klosterbyen opp gjennom århundrene, og som med sine digre røter har velta ein stor del av dei enorme steinblokkene. Med det resultat at Ta Prohm liknar ein spøkelsesby. Den er og populær som innspelingsarena for spaningsfilmar. Ta Prohm hadde 39 tårn, men ingen av dei er bevart i sin heilhet.

Etter Khmerrikets fall i det 15. århundre, vart Ta Prohm forlatt og neglisjert i århundrar. Treas røter hadde gjennom århundrene gravd seg under og mellom steinblokkane som murane og bygningane var bygd opp av, og velta dei hulter til bulter. Då arkeologane frå den franske kolonimakta fann fram til staden på slutten av 1800-talet, fann dei ein by som såg ut til å vera herja av ein framand hær med kraftige våpen. Arkeologane fann ut at det ville vera ein uoverkomeleg oppgåve å restaurere staden til dens opprinnelege prakt. Dei sørga i staden for å bevara den som den stod etter ei begrensa restaurering, som bl.a. bestod i å fjerna noko av den tette jungelen som skjulte mykje av Ta Prohm. Ifølge den framståande Angkoreksperten Maurice Glaize vart Ta Prohm plukka ut fordi det var «eit av dei mest imponerande [templene] og det som hadde best fusjonert med jungelen, men ikkje i så stor grad at det hadde blitt ein del av den».

I dag er det tidligare buddhistklosteret ein av Angkors store turistattraksjonar, der naturens utemma vekst og dens dramatiske følgjer for tempelet imponerar like mykje som sjølve ruinane, der ein og finn både bileter av Buddha og veggrelieff som visar tempeldansarane i virksomhet.

Kartet over kor ein skulle gå for å finna fram, var nyttigt. Her var lett å gå seg vill

Kjelder:

Wikipedia

Store Norske Leksikon

Nyleg lagt ut

  • Rundstykker 5. mai 2025
  • Vinter i Thailand – tidvis sykkel-enka 4. mai 2025
  • Frøystul 10. juli 2024
Rhodos
«å leve er ikkje akkurat det lettaste som finst
ikkje alltid vakre roser og fin musikk
men sidan no dette orgelet likevel står her kan vi vel spele litt på det» 
- Arne Ruset-
 

Arkiv

  • mai 2025
  • juli 2024
  • juni 2024
  • april 2024
  • mars 2024
  • oktober 2023
  • april 2023
  • mai 2020
  • november 2019
  • oktober 2019
  • september 2019
  • september 2018
  • mai 2018

Merkelappar

Bangkok BIL tur Bløtkake Boller Delphos Drops Design Dukker Fantastiske fjell Fantastisk utsikt Ferie Festkake God mat Hardangervidda Hua Hin Hurtigruta Julekaker Kaffigodt Kanelbollar Kjeks Kremkake Kreta Kvit Dame Maeklong Marius mønster Marius strikk Mercy Noreg Norsk Fjellheim Nydeleg natur Poncho Red Velvet Reiser Shopping Singlet Sjokoladekake Sol og Varme strikking Sukkerbrød Suksabai Tebrød Temakaker Thailand Tog-marked UT på Tur Zaros

Kategoriar

2025 | …livets gleder

…livets gleder

Powered by WordPress