Skip to content

…livets gleder

Kvar du enn i verda fer – alltid du møter ein Olderkjær!

Menu
  • Blue Marraca – Hytta Vår
  • Reiser
    • Noreg
    • Hellas
    • Thailand
    • Polen
    • Island
    • Sverige
    • Nederland
    • Vietnam
    • Kambodsja
    • Estland
  • Fjellturar
  • Mine hobbyar
    • Kokkelering i alle former
    • Handarbeid
    • Interiør
    • Teikning, form og farge
    • Dikt, sitater og memes eg likar
  • Blogg

Angkor Thom

Storbyen Angkor Thom, Khmer-rikets hovudstad i dets storhetstid, vart bygd opp over flere århundre og nådde toppen av si prakt på 1100-tallet. Den er på nærare eit tusen hektar og omgitt av ein mur som er åtte meter høg. I vollgravene rundt låg krokodiller og vokta byen mot inntrengjarar.

Byen vart restaurert, bygd ut og ferdigstilt av kong Jayavarman 7 etter at Cham-folket hadde plyndra den i 1177. Byen og næraste omegn kan ha hatt nærare ein million innbyggjarar, noko som ville ha gjort den til verden største i si tid. Vertfall meinar ekspertar at Angkor Thom kunne ha brødfødd ein så stor befolkning.

Victory Gate

Dei fem portane inn til byen er på over tjue meter, og alle er pryda med fira gigantiske ansikt hogd ut i stein. Teoriar om at ansikta skal forestilla Buddha sjølv eller buddhistkongen kong Jayavarman 7, er ikkje blitt bekrefta, men dei kan ha likhetstrekk med samtidige statuar av kongen.

 

 

 

 

The Terrace of Elephant

Ein  steinelefant med tre hovud er identifisert som hindu-guden Indras transportdyr. Indra var himmelens gud og gudenes konge. Dette tydar på at hinduismen og buddhismen levde side om side i Khmer-samfunnet på denne tida.

 

 

 

 

The Terrace of Elephants

The Terrace of Elephant

er ein del av ruinbyen Angkor Thom. Terrassen vart brukt av kongen Jayavarman VII som ei plattform for å inspisera sin seirande hær når den returnerte til byen. Den hang saman med palasset Phimeanakas, som det i dag bare står igjen nokre få ruiner av. Mesteparten av den opprinnelige strukturen vart laga av organisk materiale, og har forlengst gått tapt. Terrassen har fått sitt navn etter utskjæringane av elefantar på den østlige sida.

 

The Terrace of Elephant

Den 350 meter lange Elefantterrassen vart brukt som ei gigantisk utsiktsplatform for offentlege seremoniar og fungerte også som inngang til kongens store audienshall. Den midtre delen av veggane er dekorert med garudaer og løver; mot kvar ende er den berømte paraden av elefanter komplett med sine kambodsjanske mahouter.

The Terrace of Elephant

 

 

The Terrace of the Leper King 

ligg i det nordvestlige hjørna av den kongelige plassen i Angkor Thom. Den vart bygget i Bayonstil under Khmerrikets kong Jayavarman VII, men det moderne navnet kjem frå ein skulptur frå det 15. århundre funnet på staden. Statuen viser den hinduistiske guden Yama, guden for død. Han vart kalt den spedalske konge fordi misfarging og mose som vokste på den opprinnelige statuen kunne minna om ein person med spedalskhet, og også fordi det passar inn med ein kambodsjansk legende om ein angkoriansk konge som var spedalsk. Navnet kambodsjanerne kjenner ham under er imidlertid Dharmaraja, då dette var det som var hogga inn i botnen av den opprinnelege statuen.

Terrassens U-formede struktur gjer at enkelte trur den kan ha vært brukt som eit kongeleg kremasjonsområde.

 

 

Bayon

er ei tempelruin i ruinbyen Angkor. Det vart bygd i byrjinga av 1200-tallet av kong Jayavarman VII som dennes statstempel, og ligg i midten av det mur- og vollgravsomkransede Angkor Thom.

Bayon er kvadratisk og bygget etter religiøse og geometriske former i austleg retning. Dets mest framtredande særtrekk er dei store steinansikta som prydar dei mange tårna. I det sentrale, høyre tårnet fantes opprinneleg det største buddhabildet i Angkor Thom, men dette vart øydelagt av Jayavarman VIII (det har seinare blitt restaurert). Templet har også to oppsetningar av steinrelieffer, som avbilder ein uvanleg kombinasjon av mytologiske, historiske og verdslege hendingar.

 

 

 

Baphuon

Toppen av tempelet 19 februar 2017

er eit tempel i ruinbyen Angkor. Det ligg i Angkor Thom, nordvest for Bayon. Tempelet vart bygget på midten av 1200-tallet som statstempelet til Udayadityavarman II, dedikert til den hinduistiske guden Shiva. Tempelet, som ligger ved det kongelege palasset, måler 120 meter øst-vest og 100 meter nord-sør. Høgda utan tårnet er på 34 meter, med dette tårnet ville det nådd omtrent 50 meter til vers.

 

 

Seint i det 15. århundre vart tempelet gjort om til eit buddhistisk tempel. Ein 9 meter høg og 70 meter lang statue av Buddha vart reist på vestsida, noko som sannsynligvis medførte riving av eit 8 meter høgt tårn ovanfor, noko som forklarar fråværet av dette. Tempelet vart bygget på sandgrunn, og på grunn av den enorme størrelsen har det vært ustabilt. Store delar av det hadde sannsynligvis allereie kollapsa då buddhaen vart reist.

I det 20. århundre hadde det meste av tempelet kollapsa, og restaurasjonsarbeidet har i ettertid vist seg å være svært vanskeleg. Eit fyrste forsøk vart gjort i 1960, men dette vart avbrutt av Røde Khmers regime og arkiva med steinanes posisjonar gjekk tapt. Eit nytt forsøk vart påbyrja i 1995 med eit franskleda arkeologisk team, dette arbeidet var fortsatt i gang pr 2008. Dette arbeidet legg begrensningar på turistbesøka, men i 2006 vart det gitt adgang til litt større områder. Arbeidet er forventa å vare endå eit par år.

 

Phimeanakas

Prasat Phimean Akas «himmelske tempel» eller Vimeanakas, er eit hindutempel i Khleangstil, bygget på slutten av det 10. århundre i Rajendravarmans regjeringstid i Khmerriket (941-968), deretter gjenreist av Suryavarman II i form av en trelags pyramide i lateritt med grunnflate på 35 x 28 meter. På toppen av pyramiden var det eit tårn.

Ifølge legenden tilbrakte kongen dei fyrste timane av kvar kveld med ei Nagajente i tårnet, og i den tida hadde sjølv ikkje dronninga tillatelse til å koma opp. Bare etter desse timane kom kongen tilbake til sitt palass med dronninga. Om Nagaen som var den øverste landeier ikkje dukka opp ei natt ville kongens dagar væra talde, hvis kongen ikkje møtte opp ville katastrofe ramma landet hans.

 

Prasat Suor Prat

er ein serie på tolv tårn, spredt frå nord til sør på austsida av Røyal Square  i Angkor Thom. Tårna er laga av robust lateritt og sandstein. Tårna er plasert rett i front av Terrace of the Elephant og Tessace of the Leper King, og flankerer symetrisk på kvar side av vegen som leiar aust til Sigersporten, Victory Gate. Kva funksjon dei har er ukjend.

Namna til tårna på Khmer tyder «tårnene av line dansere». Eit romantisk namn som stammar frå lokal tru, om at det under dei kongelige festivalane var spent opp ei stram line mellom tårna, for akrobatiske formål. 

Zhou Daguan beskriver i sine notater om tårna, at dei er brukt til å avgjera tvistar mellom mennesker frå Angkor.

 

 

Viktory Gate – Sigersporten

 

 

 

 

 

 

 

Kjelder:

Wikipedia

Store Norske Leksikon

Nyleg lagt ut

  • Bulgaria eit nytt land for oss 6. juni 2025
  • Amigurumi – heklede kose-dyr 29. mai 2025
  • Gdansk – Polen 28. mai 2025
Rhodos
«å leve er ikkje akkurat det lettaste som finst
ikkje alltid vakre roser og fin musikk
men sidan no dette orgelet likevel står her kan vi vel spele litt på det» 
- Arne Ruset-
 

Arkiv

  • juni 2025
  • mai 2025
  • juli 2024
  • juni 2024
  • april 2024
  • mars 2024
  • april 2023
  • mai 2020
  • november 2019
  • oktober 2019
  • september 2019
  • september 2018
  • mai 2018

Merkelappar

Badeliv Bangkok BIL tur Bløtkake Boller Delphos Drops Design Dukker Fantastiske fjell Fantastisk utsikt Ferie Festkake Gjærbakst God mat Hardangervidda Hua Hin Hurtigruta Julekaker Kaffigodt Kanelbollar Kjeks Kremkake Kreta Kvit Dame Maeklong Marius strikk Mercy Noreg Norsk Fjellheim Nydeleg natur Poncho Red Velvet Reiser Rundstykker Shopping Sjokoladekake Sol og Varme strikking Sukkerbrød Suksabai Tebrød Temakaker Tog-marked UT på Tur Zaros

Kategoriar

2025 | …livets gleder

…livets gleder

Powered by WordPress