Siem Reap

Etter lang tenkjetid fann me ut at årets «tur» skulle gå til Kambodsja og Siem Reap. Ikkje lange reisetida frå Hua Hin, Thailand, ein kan faktisk køyre dit på nokre timar. Men sidan me «slo to floger i ein smekk», tok me fly tur/retur Suvarnabhumi flyplass, så fekk me nye 30 dagars turistvisum ved ankomst Thailand att.

Me bestilte flybillett med xxxx , og hotel via Hotels.com. I tillegg bestilte me henting på flyplassen via hotellet, ein enkel måte å gjera det på når ein landar litt utpå kvelden.

At det vart Siem Reap og ikkje Phnom Penh, var ganske tilfeldig, men det som avgjorde det var vel Angkor Wat.

 

Ankomst

Ved ankomst Siem Reap internasjonale lufthamn må man søkje om visum for å koma inn i landet. Det er mange papir som må fyllast ut, desse fekk me utlevert på flyet. Kart-over-Siem-ReapIkkje alle er for visumet, nokre er for toll og slikt. Anyway, det var ein stor jobb som skulle gjerast på flyet.

 

Visum

Siem Reap internasjonale flyplass er ein veldig liten flyplass, her spaserer me frå flyet til ankomsthallen. Vel innenfor blir ein møtt med mange skranker for passkontroll, så me stilte oss i ein kø for dette, slik ein gjer når ein kjem til Thailand…. Det var bare det at me skulle ha vore innom skranken for å søkje visum før passkontrollen. I Thailand, som me er vane med, får du dette i passkontrollen. Den skranken hadde me oversett, og der var det no sjølvsagt stor kø.

Her må ein i tillegg til søknadspapira ha to pass-bileter og 30$ per person med, kun kontanter (dollar). Etter køen for å få levert inn søknadene, passet, bileta og betalt, måtte ein stilla seg i køen for utlevering. Når ein er på reis i Asia kan det vera ein fordel med eit internasjonalt namn som Linda, det kan alle lesa og uttala. Her var det ein fordel, me fekk papira våre med ein gong. (Er ikkje fordel på restaurantar og barar…rekninga vert alltid skrive på Linda 😉 )

 

Passkontroll

Då kunne me på ny stilla oss i passkontrollkøen. Kambodsja er oppdatert, her vart det tatt både bilete og elektronisk fingerprint av alle fingrane før me kunne spasere inn i Kongerike Kambodsja og møte taxi sjåføren vår frå hotellet.

Ein blid og triveleg kar, med eit ark med Atle Boe skrive på, stod og venta på oss då me endeleg kom ut. Bare vent eit øyeblikk her så hentar eg Tuk Tuk´en, sa han og for som vinden. Åja, dei har tuk tuk`ar her og tenkte me….    og klarte ikkje slutta å flira då han kom attende:Tuk Tuk i Kambodsja

 

Vel framme på hotellet

Men me kom oss velberga til hotellet, både me og all bagasjen vår, i den vetla vogna. Atle var noko nervøs dei fyrste 10 minuttane, men så klara han å slappa litt av. Sjåføren var dyktig, det var bare usikkerheten OM vogna heldt. I Kambosja er det høgre køyring, så sånn sett følte me oss heime. Her var i tillegg eigne vegar for Tuk Tuk, moped og sykkelistar. Me såg ikkje så mange slike køyretøy på flyplassen, men det skal seias…. tuk tuk er det over alt! Så pass at det er laga t-skjorter med påskrifta: Nei, eg vil ikkje ha tuk tuk!

Bassenget på hotelletEtter ein triveleg køyretur, gjennom sentrum av Siem Reap, kom me fram til hotellet.Rommet vårt

Eit lite, triveleg familiedrevet hotell, uten heis, men så lenge bagasjen vert levert på rommet, så er ikkje det eit problem. Me fekk rom i 3 etasje, eit stort flott rom, reint og fint.

 

 

 

Etter ein liten pause på rommet var det klart for ein tur ut å eta middag.

Deilig grilla red Snapper      Nasjonalretten Amok     Litt av kvart på menyen    

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Klimaet her var betre enn i Thailand, mindre luftfuktighet men eit par gradar varmare. Her var òg mykje mindre turistar, som me synest var bra. Maten var veldig god, mykje sjømat, men ikkje så sterk som i Thailand. Dessutan var det veldig billeg her.

nattmat      restaurantbesok

 

 

 

 

 

 

 

Eit "Vrak"

Kva kan ein ikkje få ut av eit gammalt vrak!?

Salg

Kanskje det skulle vera ein utstoppa alligator, eller berre eit belte eller veska…..

Kanalen

Kanal gjennom byen

Streetfood

Sånn lages mat på ein enkel måte…

Rundkjøring

Ein aldri så liten rundkøyring

Marked

Dag marked i Old market

På eigahand

Den fyrste dagen tusla me rundt i sentrum av Siem Reap å kikka, på eigahand.

Her er mange restaurantar, barar, butikkar, marked og kafèer.

Massasje kan du òg få over alt.

Når me kom litt meir i sentrum av byen, vart det tydeleg meir turistar også, me var ikkje nesten heilt aleina, som me fekk inntrykk av før. Her var store mengder backpackere.Ei av sentrumsgatene i Siem Reap

 

Fiskebutikken

Fiskehandlaren, også litt pølser då

Godt Øl

Cambodia, veldig godt nasjonalt øl

Bensinstasjon

Den lokale bensinstasjonen

Hard Rock Cafe

Hard Rock Cafe Siem Reap, kan anbefales!

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Sightseeing i Siem Reap

Den andre dagen hyrte me inn tuk tuk sjåføren til hotellet for å køyre oss rundt på sightseeing.

I løpet av dagen fekk me sjå både pagodaer, kongelig park med trær fulle av flaggermus og krigsmuseum.

 

Wat Preah Prom Rath:

Wat Preah Prom Rath Wat Preah Prom Rath Wat Preah Prom Rath

Wat Preah Prom Rath

 

 

 

 

 

 

Krigsmuseumet:

Krigsmuseet i Siem Reap Krigsmuseet i Siem Reap Krigsmuseet i Siem Reap

 

 

 

 

 

 

Artisans Angkor:

Artisans Angkor Artisans Angkor Artisans Angkor Artisans Angkor Artisans Angkor

 

 

 

 

 

 

 

Tempelene i Angkor

Dagen før heimreise hadde me satt av til ein tempelrundtur:

Kart-over-Tempel-i-Siem-ReapMe hyrte nok ein gong ein Tuk Tuk for turen, den henta oss på hotellet så køyrte me for å kjøpe billettar. Denna gangen vart me køyrt rundt av ein eldre, triveleg kar, som verkeleg køyrte fint og forsiktig.

Me vart anbefalte å starte tidleg, og det skjøna me godt då me kom fram til den einaste staden for å kjøpa billettar.

Veldig lang billettkø til Tempelsightseeing

Billettar

Kvar billett er personleg, med bilete av deg på. Så her måtte alle vera med inn for å få billett. Vi kjøpte dagsbillett (37 $ per stk)

billettar

Kleskode

Så var me på veg…hadde jo ikkje tenkt på at me skulle i «tempel» og som kvinne så har man jo restriksjonar (her gjeld det for menn også). Det er ikkje lov å ha bare skuldre eller knær. Så her måtte det handlast litt.

Det skulle jo visa seg at desse restriksjonane er heilt og haldent opp til auge som ser. Nokre fekk koma inn med korte bukser til over midt på låret, andre med singletter…nokre med begge delar,  Mens andre igjen vart pålagde å dekke seg til, samstundes som det gjekk mindre tildekka forbi. Eg gjekk no i langbukser og erme laus bluse, med t-skjorte i veska, og vart stoppa ved eit tempel, der dama som kom etter meg hadde veldig kort bukse, som ikkje var noko problem akkurat då.

 

TempelRunden vår :

  1. Angkor Wat
  2. Angkor Thom
  3. Bayon
  4. Baphuon
  5. Phimeanakas
  6. Ta Prohm
  7. Bantary Kdei
  8. Preah Khan
  9. Ta Som
  10. Prae Roup
  11. Tommanon
  12. Ta Keo
  13. Prasat Kravan