Skip to content

…livets gleder

Kvar du enn i verda fer – alltid du møter ein Olderkjær!

Menu
  • Blue Marraca – Hytta Vår
  • Reiser
    • Noreg
    • Hellas
    • Thailand
    • Polen
    • Island
    • Sverige
    • Nederland
    • Vietnam
    • Kambodsja
    • Estland
  • Fjellturar
  • Mine hobbyar
    • Kokkelering i alle former
    • Handarbeid
    • Interiør
    • Teikning, form og farge
    • Dikt, sitater og memes eg likar
  • Blogg

Preikestolen, Flørli og Fjordcruise i Lysefjorden 2017

Ut på tur aldri sur

Avreise SØRAL, eller Hydro Husnes, som det heiter no…. 34 personar med buss, same trivelege sjåfør som alltid, på veg ut i den norske fjellheimen. Denne gangen tidlegare avgang enn førre år, av di me skulle koma oss til Preikestolen allereie same dag, og deretter inn til Flørli.

Meldingane var gode, været skulle bli flott når me skulle gå….så feil desse meterologane tar.

Våte som kråker

Turen opp til Preikestolen var grei , mykje folk, så det vart litt kø gåing og venting for å sleppe dei som var på veg nedover forbi. Opp kom me, og våte som kråker var me. Utsikta, som jo er/skal vera fantastisk, låg skjult i skodda og tunge regnskyer. Me må nok tilbake her ein solfylt sommardag òg!

Fjellturar - BIL tur 17
Lang lang rekke….
Preikestolen
Fjellturar - BIL tur 17
Magisk er det jo i den norske fjellheimen uansett vær
Fjellturar - BIL tur 17
Store krefter har vore i sving her ein gang i tida
Fjellturar - BIL tur 17
Vi vandrer (ned att) med freidig mot…

Flørli

Etter endt tur til Preikestolen, og alle var komne velberga ned til bussen att, gjekk turen til Lysefjordsenteret. Her vart bussen parkert og me gjekk ombord i M/S Rygerprins som skulle ta oss inn til  Flørli. Dette er ei grend langs sørsida av Lysefjorden med 13 bolighus. Dei som tidligare budde her var kraftverksarbeidarar i Flørli kraftverk.

Fjellturar - BIL tur 17

No klarna sjølvsagt været opp 🙂

Me var nøgde med turen so langt. Då me kjekk på land på Flørli vart me godt tatt imot av vertskapet og innkvarterte i våre boliger. Standarden på innkvarteringa var vel ikkje den heilt store, men det var reint og selskapet godt. Bygningsmassen treng omfattande vedlikehald.

Det er laga ein «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» episode om Flørli og dei som driv dette i dag.

Området her er ganske så bratt, så berre å gå til og frå restauranten i kraftverket på kaien, var god trim. Fekk jo over 1000 skritt på Fitbit`n før frukost 😀

Etter ein god frukost, og smørjing av niste, var me klar til avgang laurdag morgon.

BIL tur 17

 

BIL tur 17
Flørli kraftstasjon

Flørlitrappene

Å vakna til nydeleg sol -sjølv om me var på skuggesida-  og blå himmel, var fantastisk. Dette gav lovnadar om ein flott dag.

Målet for denne turen var sjølvsagt trappene, Flørlitrappene, 4444 trappetrinn til topps! Bratt! Brattare! Brattast! Flott! Flottare! Flottast! 

Fjellturar - BIL tur 17
Skræmande åtvaringar før turen
Fjellturar - BIL tur 17
Ein smule bratt….

Denne trappa er Noregs lengste trapp, truleg verdas lengste tretrapp, den går langs røyrgata frå Flørli kraftstasjon til Ternevatn og er 740 meter lang. På det meste er det 45 grader bratt.

Den vart laga i 1918 då røyrgata vart bygga, og opna for allmennheita i 2003. Midtveis i trappa er det laga ei lita kvilebu.

Trappa er så smal at ein berre kan gå ein (1) i bredda, og så bratt at litt avstand mellom er lurt, om ein ikkje vil sparke borti einannan.

Eg skjønar veldig godt at det berre er lov å gå opp (og ikkje ned) her!

Turen gjekk overraskande greit, til og med med mine, til tider, veldig dårlige hofter og bekken. Ein må berre halde tunga rett i munnen, vil ikkje snofle her. Så starter ein på teljinga, og finn tempoet sitt. 1 – 2 – 3 – ……2587 – 2588 -….. 4444!

Vikingar

Fjellturar - BIL tur 17
Litt opp-psyking før start

Sola fekk me ikkje smaka noko på før me kom til topps, men ingen kan vel sei at me ikkje vart varme på vegen likevel.

Fjellturar - BIL tur 17
Då har me fått smakt litt på kva den næraste framtida har å by på
Fjellturar - BIL tur 17
Tusen trinn unnagjort, berre 3444 att
Fjellturar - BIL tur 17
…367, 368, 369, 370 …..
Fjellturar - BIL tur 17
Blir da brattare no så går me loddrett
Fjellturar - BIL tur 17
Kvilebua kjem til syne
Fjellturar - BIL tur 17
Berre 1444 trappetrinn att!
Fjellturar - BIL tur 17
Alle heng på
Fjellturar - BIL tur 17
Need I say more…
Fjellturar - BIL tur 17
Der er det 4444 trinnet!!

Vel oppe ved røyrgatas ende kunne me nyta litt påfyll av energi i sola. Me var heller ikkje den einaste gruppa som hadde vald denne morgonen til trappegange. Me var ganske mange på toppen etter kvart. Nokre valde til og med å ta ein dukkert i det iskalde vatnet, Vikingar!

Fjellturar - BIL tur 17
Fyrste pulja ferdig med trappene, no er det berre «barneskirenn» resten 😀

 Alderen tar på, eller er det fusk i det digitale apparatet…

Fjellturar - BIL tur 17
Ein fortjener noko ekstra godt no

Etter timar med leiting på pc og eksterne harddisker i frustrasjon, finn eg ikkje att alle bileta mine frå turen vidare. Om eg brått skulle vera så heldig å komma over bileta, blir eg glad. Om ikkje, så har eg enn så lenge, minna.

Fjellturar - BIL tur 17
Vakkert ved røyrgatas ende
Fjellturar - BIL tur 17
Vart ikkje Kjerag denna gongen, kanskje neste

Så kor flott bl.a. Skulestovepub`n, kraftstasjonen, turen ned frå fjellet, utsikta og solnedgangen var, det kan du berre tenkje deg.

Fjellturar - BIL tur 17
Fint i den norske fjellheimen

Eller ta turen inn til Flørli, gå trappene og ta ei øl på pubben, å opplev sjølv. Det kan anbefalast!!

Om du ikkje har så god fantasi, eller likar sånne fysiske utskeiingar, kan du ta ein tur inn her eller her å sjå.

Etter at me slitne og nøgde var vel «heimkomne» att, var det tid for dusj og litt avslapping før middag på Kraftstasjonen. Skulepubben vart opna for kvelden, og dei som hadde ynskje om det kunne ta seg ein dukkert i stampen på kaien.

Heile opphaldet var som å, tidvis, gå tilbake i tid. Husa/leilighetane me budde i var «endå» frå den tida dei vart ført opp.

Det var ikkje berre me som overnatta her denne helga, det låg båtar til kai og nokre hadde slått opp telt.

Fjellturar - BIL tur 17
Nedturen er bratt den òg

 

 

Fjordcruise i Lysefjorden

Fjellturar - BIL tur 17
Sightseeing i Lysefjorden
BIL tur 17

Søndag morgon vakna me til eit aldeles nydeleg vær. Etter frukost og utsjekk på formiddag, gjekk me på ny ombord i båten. No for å få ein triveleg omvising i Lysefjorden.

Magisk

Preikestolen
Der oppe på tuppen, var me i går….
Preikestolen
Preikestolen sett frå fjorden

Når himmelen er blå, fjorden er tilnærma blank og me er på båttur i ein av våre utruleg vakre fjordar…..då kjenner ein det i heile kroppen. På slike dagar finnes det ingen vakrare stadar enn Noreg og vestlandet. Det er berre heilt magisk!!

BIL tur 17
Neste stopp Hengjanefossen

Her ved Hengjanefossen gjekk båten heilt innunder fossefallet for å henta reint vatn i ei bøtte. Dette vatnet fekk me ein smaksprøve på.

BIL tur 17
Hengjanefossen
BIL tur 17
Jettegryta
BIL tur 17
Hjartet i fjellveggen

Om du ser godt etter så ser du eit lysare hjarte markert i fjellveggen, eg kan ikkje minnast historia som vart fortald rundt dette, men det hadde noko med eit troll og kjærleik å gjera.

Me var òg innom Fantahålå, og me mata Geitene, men bileta her ligg på same stad som dei andre som er forsvunne i ein annan dimensjon……..

Etter endt Fjordcruise vart me satt av på Oanes, der bussen vart forlatt fredag i kveldinga. Heimturen byrjar….. lurar allereie på kvar turen går til neste år..??

Historie

Allereie på 1600-talet var det fast busetnad i Flørli. Bygda var truleg grunnlagt rundt saga og sagbruket som gjekk i Flørliåna. Bygda vart lagt aude i nesten 100 år etter eit steinras som gjekk i 1708. Rundt 1800 var det liv igjen i Flørli og i 1802 vart Flørli skilt ut fra Kallali som eigen gard. Garden vart dreven til 1915-1920.

Den seinare bebygginga i Flørli vart etablert samstundes med bygginga av Flørli kraftstasjon, rundt 1913 til 1918, og tok over for gården. 119 arbeidarar, 28 kvinner og 37 barn var registrert i Flørli i 1916. I 1929 kjøpte Stavanger kommune opp eigedommen og dreiv kraftverket fram til Lyse kraft tok over i 1992.

På det meste var det 30 barn på Flørli skule, og bygda hadde post og butikk. Skulen vart stengd i 1970 og butikken i 1981. Flørli vart fråflytta i 1999 på grunn av automatisering av kraftverks drifta.

I dag er ein del av husa solgt som fritidshus, og det er rift om byggningane som ligg midt i ei turistperla. Maskinistboligen, som vart reist i 1949, var det aller fyrste huset som vart solgt til private. Det er tre fastbuande på Flørli.

I tillegg til eigedommane som vart solgt til private, disponerer Ryfylke Friluftsråd, Stavanger Turistforening og Stavanger kommune kvar sine. Nokre bygg er også ein del av drifta som er på den gamle kraftstasjonen (konsertscene, kafé og utstilling om bygdas historie).

Fjellturar - BIL tur 17

Flørlistølen ligg over Flørli og er tidligare drevet som ein støl. Flørli turiststasjon er et tidligare skulehus i Flørli. Begge er i dag turistforeningshytter som eiges og drives av Stavanger Turistforening.

Stølen ligg rundt ein times gange, bratt opp frå fjorden. Den har seks senger og er ubetjent heile året. Flørli turiststasjon ligg rundt 100 meter over havet i toppen av bebygginga i Flørli. Turiststasjonen er ubetjent om sommaren og ikkje til bruk om vinteren. Huset som blir brukt er det eldste i Flørli.

Overnatting tilbys òg av Flørli 4444, som disponerer leiligheter og har ein vandreheim i grenda. (Wikipedia)

Nyleg lagt ut

  • Rundstykker 5. mai 2025
  • Vinter i Thailand – tidvis sykkel-enka 4. mai 2025
  • Frøystul 10. juli 2024
Rhodos
«å leve er ikkje akkurat det lettaste som finst
ikkje alltid vakre roser og fin musikk
men sidan no dette orgelet likevel står her kan vi vel spele litt på det» 
- Arne Ruset-
 

Arkiv

  • mai 2025
  • juli 2024
  • juni 2024
  • april 2024
  • mars 2024
  • oktober 2023
  • april 2023
  • mai 2020
  • november 2019
  • oktober 2019
  • september 2019
  • september 2018
  • mai 2018

Merkelappar

Bangkok BIL tur Bløtkake Boller Delphos Drops Design Dukker Fantastiske fjell Fantastisk utsikt Ferie Festkake God mat Hardangervidda Hua Hin Hurtigruta Julekaker Kaffigodt Kanelbollar Kjeks Kremkake Kreta Kvit Dame Maeklong Marius mønster Marius strikk Mercy Noreg Norsk Fjellheim Nydeleg natur Poncho Red Velvet Reiser Shopping Singlet Sjokoladekake Sol og Varme strikking Sukkerbrød Suksabai Tebrød Temakaker Thailand Tog-marked UT på Tur Zaros

Kategoriar

2025 | …livets gleder

…livets gleder

Powered by WordPress