Skip to content

…livets gleder

Kvar du enn i verda fer – alltid du møter ein Olderkjær!

Menu
  • Blue Marraca – Hytta Vår
  • Reiser
    • Noreg
    • Hellas
    • Thailand
    • Polen
    • Island
    • Sverige
    • Nederland
    • Vietnam
    • Kambodsja
    • Estland
  • Fjellturar
  • Mine hobbyar
    • Kokkelering i alle former
    • Handarbeid
    • Interiør
    • Teikning, form og farge
    • Dikt, sitater og memes eg likar
  • Blogg

La Marina, vårt «første» feriehus

Me reiser alle på hytto eller nyttar eit feriehus

Bassenget i Suksabai 1

Nokon har hytte, eller feriehus, på fjellet, andre ved sjøen. Me hadde hytto vår i Thailand. La Marina er eit lite hus i eit byggefelt i Hua Hin, i soi 102. I byggefeltet, som heiter Suksabai 1 og er eit av dei eldste byggefelta i byen, er det i overkant av 90 hus. Her er stort fellesområde med basseng, leikeplass for born, vèlforreiningshus med toalett/dusj anlegg. Utandørs trim område har me òg fått. I tillegg finnes det restaurant, vaskeri og ein liten butikk i feltet.

Gjestene samla til fest
Gatefest i nabolaget

Naboane våre var heimehøyrande rundt omkring i verda, svenskar, nordmenn, engelskmenn, finnar, tyskarar, franskmenn, hollendere og ein god del thaiar. Me var faktisk ein god del vestlendingar her, det har kanskje å gjer med alt det gode været me er så heldige å ha på vestlandet.

Sentrumsnært men likevel fredeleg

Byggefeltet er eit lukka felt med automatport og er eit roleg og hyggeleg område. Det er omlag 3-4 km til sentrum og 2 km til stranda. Då me fyrst kom her i 2008, var me langt unna sentrum….no kryp sentrum nærare og nærare. Det har òg kome mange andre byggefelt med påfylgjande fleire restaurantar og butikkar. I 102 er det no(mars 2018) komen to 7/11 og ein Tesco butikk, og eg blir ikkje øvegidd om det er endå ein neste gang me kjem ned. I tillegg er det under 2 km til det nye enorme shoppingsenteret, Blúport, som har det meste av det ein kjøpelysten skulle trenge. Her er ingen dum stad å ha eit feriehus!

Sykling

Sykling er ikkje berre blitt populært i Noreg, det tar av i Thailand òg. Etter kvart har det no kome flotte sykkelvegar i alle retningar. Ein annan ting som òg er ein likhet til Noreg er at billistane i Thailand er like glade i sykkelistar som norske billistar. Skilnaden er at mopedistane i Thailand meinar dei har rett til å køyre på  sykkelvegen, noko som kan skape farlige situasjonar. Ha, ha….som om DET var noko nytt.

Aktivitetar for alle interesser og aldrar

Innan ein radius på 2 til 5 km har me det meste. Badestrender, Gokart, Bowling, Treningssenter, Yoga, Kino, Badeland, Golf, True Arena, Siam Milsim, ridning på hest osv…

Det finnes òg Hash House Harriers gruppe i Hua Hin, med turar kvar laurdag.

Spa

Massasje får du tatt over alt, her er salongar på kvart hjørne, og på rad og rekke. Det samme gjeld apotek, vaskeri, frisør og 7/11.

Me har vår faste massør, som me er veldig nøgde med. Prøv deg fram, så finn du din. Eg kan ikkje anbefale, det fører kun til at det vert vanskeleg for meg å få time. Det har eg brent meg på før 🙂

Tannlege er det også mange som går til her, istaden for heime. Prisen er omtrent det samme i Baht som i kroner, altså om du betalar 1000 kroner heime, blir det omtrent 1000 Baht her. Tannlegekontor finn du òg over alt i Hua Hin.

Feriehus – Utleige

Mange spør om me leiger ut…. Det gjer me kun til familie og vener, eller vener av vener.

Vårt feriehus
Slik ser Hytto vår ut- fare for høg trivselsfaktor!

Nyleg lagt ut

  • Amigurumi – heklede kose-dyr 29. mai 2025
  • Gdansk – Polen 28. mai 2025
  • Rundstykker 5. mai 2025
Rhodos
«å leve er ikkje akkurat det lettaste som finst
ikkje alltid vakre roser og fin musikk
men sidan no dette orgelet likevel står her kan vi vel spele litt på det» 
- Arne Ruset-
 

Arkiv

  • mai 2025
  • juli 2024
  • juni 2024
  • april 2024
  • mars 2024
  • april 2023
  • mai 2020
  • november 2019
  • oktober 2019
  • september 2019
  • september 2018
  • mai 2018

Merkelappar

Badeliv Bangkok BIL tur Bløtkake Boller Drops Design Dukker Fantastiske fjell Fantastisk utsikt Ferie Festkake Gjærbakst God mat Handarbeid Hardangervidda Hua Hin Hurtigruta Julekaker Kaffigodt Kanelbollar Kjeks Kremkake Kreta Kvit Dame Maeklong Marius mønster Marius strikk Mercy Noreg Norsk Fjellheim Nydeleg natur Poncho Red Velvet Rundstykker Shopping Sjokoladekake Sol og Varme strikking Sukkerbrød Suksabai Tebrød Thailand Tog-marked UT på Tur Zaros

Kategoriar

2025 | …livets gleder

…livets gleder

Powered by WordPress