Kakebaking og pynting
Kakebaking og pynting har blitt ein fin og smakfull hobby for meg. Etter at eg skada handa har det blitt noko mindre, men eg håpar det skal endre seg etter kvart som handa blir betre.

Bakar
Eg har alltid lika å bake, men har aldri drive med den heilt store pyntinga. Det var meir barnekaker pynta med krem i ulike farger, som Ole Brum og 101 Dalmatinere. Samt småkaker, kjeks og gjærbakst. Det heile tok litt av i det eg ønska å laga, og dekorera, konfirmasjonskaka til Stine, dotter mi, sjølv. Og dermed fann eg oppskrifter på MMF (marshmellowfondant) og framgangsmåtar på å laga Calla liljer.