Stikkord: Fjordferie

 

Hua Hin sett med mine auger vinteren 2019

Utvikling på godt og vondt

Hua Hin har endra seg stort sidan fyrste gong eg kom til byen februar 2008. Sentrum har utvida seg i alle retningar, nesten då…sjøen er der den alltid har vore 😉  Dette framsteget er jo på både godt og vondt, men ein kan ikkje stanse utviklinga. Smaken på maten er heldigvis den same, luktene, blomane, klimaet og reisetida likeså.

Pranburi Dam
Ein laushund ved Pranburi Dam
Nok ein gatehund

Hundane har det vorte mindre av, den delen som er forsvunnet er på god veg til å verta erstatta av kattar. Kattar har det eksplodert med dei siste par åra, og vert det ikkje gjort noko med, kjem katteproblemet til å verta større enn gatehundane nokon gong har vore.

Ein oppsøkjer det ein ynskjer

Tilhaldsstaden vår ligg eit lite stykke forbi sentrum av byn, i gate 102. Det var langt til det travle bylivet då me kom hit. Partylivet måtte ein med tuktuk til Binta bath og i området rundt Hilton for å ta del i, no har vi fått bargater både i soi 88 og 94, samt fleire restaurantar, massasjer og folkeliv. Det er tilbod og etterspørsel som gjeld.

Lukkar ein augene for det ein ikkie ynskjer å sjå eller ta del i, så har Hua Hin mykje fint å oppleva 🙂

Prachuap Khiri Khan

..som provinsen heiter er stor. Den har faktisk ei lang grensa mot Myanmar i vest. I 2000 var folketalet i denne provinsen 163 494 mennesker, i 2014 var dette talet steget til 539 534 mennesker. Hua Hin er ein by og eit distrikt(amphoe) i provinsen. Det er i alt åtte distrikt i denne provinsen, der Prachuap Khiri Khan er provinshovudstad.

Smertelindring
Min Painkiller 🙂

For min del gjeld Hua Hin fyrst og fremst, sol og varme, yoga, massasje og å senka pulsen på heile livet. Desse faktorane til saman minskar mine smerter og aukar min livskvalitet. Etter ein månad eller to her, kan eg nyta fruktene av turen lenge etter at eg er komen heim att, dei aller fleste gongane.

Det var uheldigvis ikkje det som hendte etter denne siste turen. Etter to fantastiske månader utan ein regndråpe (utan værforandring, er kroppen min meir stabil òg) med jevn aktivitet, sunn og næringsrik mat, masse D vitaminer, fisk, frukt og grønsaker. Og med dei tre fyrste veken aleina, fekk eg verkeleg senkja skuldrene til hoftenivå 😉 Heilt til heimreisa…..

«Jeg reiser alene»
Fredeleg kveldsstund
Kjersti og meg på veg ut av landet….(Foto: Kurt)

Må ein, så må ein… mine to månader på vinteren, i varme stressfrie Thailand er gull verdt for resten av våren min. Sidan Atle ikkje fekk meir enn fem veker fri, vart eg nødt til å reisa åleina. Vel, reisefølje hadde eg, og veldig kjekt sådan, Kjersti og Kurt Henriksen frå Halsnøy (www.fjordferie.net) har sin årlige Thailand tur på denne tida, så billett vart handla på same flyet som dei. Finnair. Eg uttala etter min forrige tur med dei, at eg ALDRI meir skulle fly med dei. At eg aldri lærer!! Atle overbeviste meg om at det var ein fantastisk kort flyreise, direkte frå Helsinki, ikkje var den heilt svindyr heller.

HMPFR!!!! Fyrste båten frå Sunde, «før fuglane har fese». Mange timar venting på Flesland, flyavgang til Helsinki 11.55. Flyet er forsinka pga tekniske problem…20 min…..20 min til….osv…. Kan ikkje bruke flyet, må få eit nytt…Ventar på det nye flyet som skal komma…. Det nye flyet har tekniske problem….forsøker å utbetre…bruke deler frå det andre flyet….ikkje mulig fordi dette flyet har samme skade som det forrige flyet…….Må «kapre» fly frå innlandsterminalen, enklare å flytte på alle passasjerane enn flyet…..ENDELEG AVGANG! 6 timar forsinka.

Kurt og meg (Foto: Kjersti)
Eplesider

Flyet frå Helsinki til Bangkok er jo gått når me kjem til flyplassen, så me får nye billettar, omdirigert via Hongkong, avgang 23.45…6 nye ventetimar!

17 € voutcher på ein flyplass i 6 timar rekk ikkje lenge, me skulle jo allerede vore på veg med mat og drikke inkludert. Snarrådig Halsnøybu(innflytta 😉 ) Kurten ordna oss inn på Finnair Lounge`n, der redda ein av dei beste eplesiderane me har smakt, heile dagen/kvelden/turen 😀

13 timar etter at me egentleg skulle, landa me på Suvarnabhumi internasjonale flyplass i Bangkok.

Sovande taxisjåførar synder ikkje, men ein kan ikkje stola på dei likevel

Eg bestillte taxi som skulle komma å henta meg i tide til at me kunne køyra frå Suksabai klokka 3 på natta, flyet mitt hadde avgang 09.05. Ferdig pakka og klar til avreise gjekk eg å la meg i ti tida, fekk sova ein times tid før eg stod opp og gjorde meg klar. Sjekker eposten min, der er det ei melding frå Finnair….flyet forsinka ein time! Då er det vertfall god køyretid til Suvarnabhumi, tenkjer eg, men betre med god enn dårleg tid

Klokka nærmar seg 3 og…..INGEN taxi kom, ti over fortsatt ingen taxi….midt på natta er gode råd dyre…ALLE sover, INGEN svarar telefonen….Ein time går, har fått vekka eit par taxisjåførar men ingen har bil ledig sånn på rappen, du kan jo byrja å gå avslutta den eine med….HAHAHA, det var ein veldig morrosam kommentar midt på natta med eit fly som ikkje ventar ….

Min reddande engel!
Fighting Kamala

KAMALA!! Ho kan eg prøve å få tak i! Ringer… ingen svar….køyrer bort og ropar inn døra ….etter 5 minutter snublar ei søvndrukken  dame ut gjennom soveromsdøra, heilt i tåka og lurer på kva som skjer???  «Kan du køyre meg til Bangkok!?» «JA! klart det, gi meg 10 minutter…» For ei dame! ♥

Vel…. enden på visa var at vi rakk både ei lita omvising i barndomsområdet til Kamala, i nærleiken av Suvarnabhumi, og frukost på hotell før eg måtte vera på flyplassen 🙂 Hell i uhell, for ein gongs skuld var eg glad for flyforsinkelsar.

Men STRESS! Det kan eg lova det vart, og det er det verste for kroppen min. Det fekk eg kjenne på heile vegen heim, og i skrivande stund har det ennå ikkje roa seg. Så effekten av dei to månadane i Thailand som eg skulle nyta godt av utover våren kan eg skyta ei lang pil etter, på grunn av ein sovande taxisjåfør. Brukar ikkje det selskapet oppatt!

(Innlegget skrive i april -19)