Vinter i Thailand – tidvis sykkel-enka

Hjem » Vinter i Thailand – tidvis sykkel-enka

Vinter tur

Vinter i Thailand – tidvis sykkel-enka, koseleg likevel.

Når du har ein sykkelfrelst samboer, som deltar i eit årleg samkome med likesinna… Dette samkome er av ein varighet på 7-8 dagar, der dei syklar for det meste meir enn 100 km kvar dag. Då kan du rekna deg som «sykkel-enka»

Denne vinteren reiste me nedover tidleg i oktober.

Atle er blitt pensjonist no og hadde egentleg lyst til å reisa lenge før, men sidan me er blitt besteforeldre òg, og Birk vart født 2 oktober, fekk han ikkje reisa før etter bursdagsfeiringa.

2013

Oktober er ein regnfylt månad i Hua Hin, det er vel den månaden me har oppleva flest oversvømmelsar her. Sjølv med store utbetringar i dreneringssystemet, er det endo oversvømmelse i nedre delar av 102.

2018

Solskjerming og utedo

Atle driv mykje å syklar her, dei er ein god internasjonal gjeng som syklar kvar tirsdag og torsdag, samt har ein årleg langtur.

Ved siden av carporten vår var det eit 2 meter bredt bedd, her stod sola på heile dagen. Det er ikkje bra for verken syklar eller motorsyklar. Så det var ikkje anna å gjera enn å hyra inn folk til å tetta igjen. Då vart det ein etterlengta «ute-do» i same slengen

Ute-do er ein kjekk sak å ha når ein er i bassenget eller har selskap.

Me er veldig fornøgde med resultatet, og ufatteleg glade for å sleppa fleire arbeidarar !!

Arbeidet skulle ta 14 dagar, veeel…. me var litt bekymra for at dei ikkje skulle bli ferdige til me skulle reisa heim på julaferie. Skal bli veeeeeeldig lenge til neste prosjekt. T T T !!!

Bursdagsfeiring og Bolt

Åges 81 årsdag

Musiker Åge Haugan fylte 81 år i desember og feira dagen sin med mange inviterte venner og bekjente.

Han bur litt utpå landet, og me var invitert på innvielsesfest til Bergfinn og Nang i tillegg. Så me starta kvelden hjå Åge og tenkte å ta ein Bolt til neste fest….det var berre eit stort problem…

Det finnes ikkje Bolt så langt ute i «ødemarka». Ein kan sei at det vart langt på kvelden før me endeleg kom oss avgårde til Nang og Bergfinn.

Jula 2024

Den beste jula sidan Stine var liten!

Å få feire jul og nyttår saman med dotter og barnebarn er ei stor lukka. Dette har eg sett fram til i eit heilt år.

Rett heim i pynting, baking og masse kosing.

Hua Hin Bike Tour de Phuket 2025 – Sykkel-enka

Denne vinteren i Thailand er andre året på rad der eg er forlatt i Hua Hin til fordel for eit hardt sykkelsete på ein holete landeveg i Thailand.

I fjor på denne tida la dei ut på ein rundtur rundt i Pratchuap Khiri Khan.

Menn over 60

Så rart å sjå at godt vaksne menn, 60 +, blir som barnehage born når dei får sjå ein flott sykkel 😀 ,og eg som trudde det berre gjaldt når dei la auga på damer….(Eg reknar med at det same gjeld for dei som har forkjærlighet for bilar, båtar og anna òg.)

Ai bilete av sykkel og dame, for å illustrere sykkel aktivitet i Hua Hin, Thailand
Ai bilete
Ai bilete av mann og båthengar, for å illustrere
Ai bilete

Eg kan jo legga til at min samboer nok er litt annaleis…. når me kjøpte oss ny båthengar…så måtte han kommentera «å der er ein båthengar»….kvar gong han såg ein, når me var ute å farta. Me har Volvo XC40….kor me enn er så legg han merke til alle Volvoar han møter. Sånn er det med trøsyklar òg, sjølvsagt berre om det sit ein trikotkledt menneskeskikkelse oppå, ikkje dei med korg frampå 😀

Hua Hin til Phuket på sykkel setet i Thailand, dei påstår det var ein fin tur.

Dette året, og akkurat for øyeblikket (14/1-25), er dei på veg frå Hua Hin til Phuket, i dag er sykkeldag nummer 7, dei starta onsdag 8. januar og eg ventar ein sleten gubbe heim på torsdag den 16.

Sprøyte spenna gærn

Eg synes no at han er både tøff, vågal OG gal som vart med i år, med tanke på oppkøyringa han har hatt. Med knust hæl vart det 3 månadar grodd fast i sofaen heime. Så 10 veker i Thailand med litt meir bevegelse. Jula tilbragte han på sofaen heime i Noreg, med konstant klaging på været. Så tilbake til Thailand den 4. januar og nesten rett i Hua Hin bike Tour de Phuket 2025.

Røntgen av hælen til Atle, Dette var ingen heft på sykkel tur frå Hua Hin til Phuket, Thailand

Veeel… han seier det har gått heilt fint, foten fungerer fint, kroppen det samme, ikkje gnagsår i rævva… då kan ikkje eg tru nåko anna.

Einsam or not

Det er ikkje lika koseleg å vera aleine heima, i lengden. På dagtid er alt som vanleg, rikeleg å henga fingrane i, men det å gå ut å eta aleina er ikkje det heilt store. Skjønar ikkje dei som reiser på ferie aleina, heile vitsen er jo å dela opplevingane, små og store.

Strikkajakke til bruk på kalde kveldar i Hua Hin i Thailand.
Strikking er ein kjekk hobby over heile verda
Hekling av Ole Brum i Hua Hin, Thailand.
Det er hekling òg
Idyll ved bassengkanten om kvelden i Hua Hin, Thailand.
Mange timar går med til rekreasjon
Strikkajakka til Birk

Missforstå meg rett, det er fantastisk med litt aleinetid òg. I tillegg har eg mange vener her nede, både norske, utanlandske og lokale, men det er nå koselegast å gå ut å eta saman med Atle, NO OFFENCE to anyone

Lystige Damers Lørdagslunsj

Det nye av denne vinteren er at vi er nokre norske damer som samlar oss til lunsj kvar lørdag. Ideen har vi stole frå mannane 😉

Dette har vi tenkt å fortsetje med i åra framover, oppmøte varierer med reiselysta til damene.

Lørdagslunsj med Venke og Esther på bakeriet ved vatnet i Thailand. Her er og ein nudle restaurant, it tilleg til at dei bakar kaker og kjeks

Levande musikk på Ssshhh om onsdagskvelden

Ingen onsdag utan Ssshhh, den er låst. Her kan du få utfolde deg på scenen saman med andre proffesjonelle eller hobby artistar, som eigentleg har lagt opp eller berre er på ferie. Dei som stort sett er faste innslag er Åge Haugan (N), Kjell Åke Ring (S), Eskil Traneberg (DK), Dave Ward og Bill Page. Ellers har det vore mange andre dyktige musikarar og sangarar innom i vinter. Deriblant hadde me gleda av både Ottar «Big Hand» Johannsen og Casino Steel, samt Lasse frå Sverige.

Bill Page
Fullsatt kveld
Big Hand
Kjell og Åge
Lasse

Late night cusine… new clothes

Maten er fortsatt god i Hua Hin. Nåko som kjennes på etter kvart særs stramme klær.

Bakar rundstykker i Hua Hin, Thailand. God mat ril frukosten

Vel eg bakar vel ikkje berre rundstykker, da har blitt både Kanelbollar, Fastelavns bollar og litt Mjelkekaker denna turen.

Eg bakar rundstykker som me har til frukost, ellers så eter me stort sett alle måltida ute.

Bakar Kanelboller i Hua Hin, Thailand. Her står dei til heving. Gode å ha med seg på tur

Dei faste restaurantane våre har fortsatt god mat, eit par har vi mista, enten fordi dei er nedlagt eller fordi dei har tapt seg.

Larb Phla på Crua Chaina, Hua Hin Thailand. Ein restaurant som har veldig god mat.

Men Crua Chaina (aner ikkje om det skrives sånn) har lika god mat i dag som for 15 år sidan. For tida er me hekta på Larb Phla og Panaeng Gong, dei har alltid hatt den beste Panaeng Gong`n i bydn.

Her er me minst ein gong i veka

Larb Phla på Crua Chaina, Hua Hin Thailand. Ein restaurant som har veldig god mat.

Jalapeno meksikansk restaurant er og å anbefala, den er ny av vinteren.

Jalapeno mexican restaurant soi 102, Hua Hin, Thailand., har veldig god mat.
Jalapeno Mexican Restaurant

Ja Phung er òg ein restaurant me besøker ofte. Dei har ein stor meny, med noko for alle ganer.

Moo Manao og Tom Kha Gai er to favorittar

Hot Pot (Jim Jum) eter me hjå Mon, saman med Nuea deet diao

Hot Pot på restaurant i Hua Hin, Thailand. Veldig god mat.
Jim Jum
Nydeleg mat på restaurant Khao Soi 102, Hua Hin, Thailand
Khao Soi

Det samme er Khao Soi, nydeleg mat.

Mat på restaurant Pa Phung i Hua Hin, Thailand.
Moo Manao og Tom Kha Gai hjå Pa Phung

Irene er ein restaurant i 102 som vi ikkje har vore så mange ganger på. Her har maten vore veldig god, god og dårleg. Så egentleg ikkje ein stad me anbefaler, men det er nesten alltid fullt der.

Spagetti med reker på restaurant Irene, Hua Hin, Thailand. Passeleg god mat
Pasta me reker (Irenes)

Motorsykkeltur til Kaeng Krachan

Is-pause ved Charoen Noodles på veg til Kaeng Krachan i Thailand. På motor sykkel tur
Is-pause ved Charoen Noodles på veg til Kaeng Krachan

Det er mange nordmenn i Hua Hin i høgsesongen. I år var det nokre som inviterte oss med til Kaeng Krachan Nasjonalpark på motorsykkeltur, med overnatting og rafting.

The long and winding road på veg til Kaeng Krachan

Med avreise kl 9 om morgonen var me 9 motorsyklar og 18 mennesker på tur.

Sightseeing på The Sky Airfield på motor sykkel tur til Kaeng Krachan, Thailand. Her kan du også overnatte i flyet

The Sky Airfield Thailand

Me tok det med ro, med mange stopp for mat og drikke og litt sightseeing. Deriblant var me innom The Sky Airfield der det er fleire flykroppar på «eit jorde». Her er ingen flystripe, dei er frakta der på anna vis.

I det største flyet kan ein overnatte. Her er det laga til to soverom med bad og aircon.

På området er det òg restaurant og kafe. Så her fekk me oss ein kopp kaffe før turen gjekk vidare

Sightseeing på The Sky Airfield på motor sykkel tur til Kaeng Krachan, Thailand. Her kan du også overnatte i flyet
Sightseeing på The Sky Airfield på motor sykkel tur til Kaeng Krachan, Thailand

Me hadde ein liten stopp på Tourist Service Center Kaeng Krachan, så lunsj på Kaeng Petch Restaurant, før me sjekka inn på Baan Lung Yot Resort.

Liten mat pause på Kaeng Petch Restaurant, Thailand, etter lang tur på sykkel

Etter ein liten drikkepause og innsjekk på hyttene, var det opp på lasteplanet på ein Pick Up for å komma seg til utgangaspunktet for raftinga.

Dei som tenker Voss når dei høyre rafting…..ikkje heilt det samme. Her er det meir ein søndagstur på vatnet. Redningsvestar var påbudt og gummibåtar var da, men eg trur ikkje det hadde vore tillatt med ølflasker i båtane på Voss.

Men ein fantastisk flott tur hadde me, fredeleg, roleg …rett og slett ein fin opplevelse.

Ved resorten, som og var endestasjon, var det mange som bada. Nokre hadde til og med konkurranse i å springa på flytematter uti elva.

God avslapping etter lang tur på sykkel. Bading i elva i Kaeng Krachan, Thailand, etter Rafting

Mens tøffingane heiv seg i det, sat me andre trygt på land og beskua sprekingane, og var kanskje pittelitt missunnelege….

God avslapping etter lang tur på sykkel. Bading i elva i Kaeng Krachan, Thailand, etter Rafting

Her var ikkje dei heilt store stryka , men straumen var sterk så det var lurt å halde seg innanfor mattene. Ellers kunne det fort bli ein lang tur tilbake.

Kvelden vart avslutta med fellesmåltid, musikk og morro, ingen bilete eller video, så her må de berre ta meg på mitt ord om at me hadde ein knall festleg kveld.

Etter ein god frukost var det tid for heimturen. Vi stakk ein liten tur innom Sixties Town på vegen heim.

Takk for turen til Ni og Roy, Yuwa og Bjørn, Kjersti og Kurt, Marta Kjersti og Leif, Anita og Terje, Katt og Mikkel, Yaya og Arne Kjell, Gunn og John, og Atle.

Langtur til Nong Sala, Isaan

Johan har i mange år invitert oss med opp til Isaan, i år meldte anledningen seg endeleg.

Fly frå Bangkok til Udon Thani. Taxi frå Hua Hin, rakk da akkurat. Det var ei ulukke i november, som ennå skapte utfordninger i trafikken, i tillegg til anna vegarbeid, ulukker osv. Vel me slapp å venta på flyet då 😀

På flyplassen i Udon Thani venta leigebil på oss, men fyrst måtte me ha oss ein kopp kaffe og noko søtt å bita i.

Vèl ein times køyretur etter var me framme til «Det lille huset på prærien» som Johan likar å kalle det.

Solnedgang i Nong Sala, Isaan, Thailand, der me var på tur.
Mat må man ha når ein er på tur. På restaurant på flyplassen i Udon Thani, Thailand

Det ligg i ein lita bygd som heiter Nong Sala. Du kan verkeleg sei vi var på landsbygda. For ein fred og ro, her senkes skuldre og alt hastverk kan du legge att heime, klokka like så.

Rekreasjon!

Meows restaurant. Meow laga nydeleg mat til oss i Nong Sala, Thailand, der me er på tur
Meows restaurant. Atle og Ken ventar på mat i Nong Sala, Thailand der me er på tur

Skogbrann i Soi 102 Hua Hin Thailand

Under siste lørdagslunsjen ringer telefonen min, Ni fortel at det brenn på tomta ved sidan av feltet vårt. Då var det berre å betala i ein fart og komma seg heim.

Det var heldigvis ikkje fare for huset vårt, og det gjekk bra med dei andre husa i området. Men det var mykje røyk.

Dyrehagen vår utvidar seg

Etter brannen på tomta ved siden av feltet vårt, var det nok mange forskremte kryp som rømte for livet.

Det var nok difor me fekk besøk av ein livredd Water Monitor dagen etter.

Levande Værhane på taket i Hua Hin Thailasnd
Levande Værhane
Water Monitor i Hua Hin Thailand
Water Monitor
Rolf Iguanen vår i Hua Hin Thailand

Norsk Krabbe og Reker i Thailand

Det er ein nordmann som driv ein sjømatrestaurant i Hua Hin, Siam Viking. Han hadde fått inn nokre tonn med norsk krabbe og reker. Då frista det med godt gammaldags rekebord.

Krabbe og reker blir ikkje ete på same vis i Thailand som i Noreg, det thailandske viset smakar godt det òg, men på norsk vis heilt fortreffeleg.

Vi var ganske mange som fekk oss eit herremåltid, krabben var nydeleg og rekene like så. Et så mykje du vil for 490 Baht, ikkje verst.

Storbytur til Pratchuap Khiri Khan

Me har lenge snakka om å få tatt oss ein overnattings tur saman med Marta Kjersti og Leif, og endeleg baud sjansen seg.

Denne gangen ville køyre sørover, målet var Pratchuap Kiri Khan området.

Me køyrte avgårde i 8 tida om morgonen og holdt oss mest mogeleg vekke frå hovudvegen. Så ruta gjekk via Pak Nam Pram, Dolphin Bay, Kui Buri, Pratchuap Kiri Khan, Ao Manao, Huay Yang og tilbake til Pratchuap Kiri Khan.

Måneskinn over sjøen i Prachuap Kirikhan Thailand utanfor Hua Hin, på motor sykkel
Måneskinn over Prachuap Beach
Blømande tre på tempellunden i Thailand utanfor Hua Hin, på motor sykkel
Tabebuia rosea
Strandbar på Infinity Beach i Huay Yang Thailand utanfor Hua Hin, på motor sykkel
Infiniti Beach

Der overnatta me på Grand Hotel Pratchuap, eit veldig greit hotell med ein veldig flott frukost.

Me tusla oss nedover mot strandpromenaden for å finna oss ein stad å eta. Der havna me på Ploen Samut og fekk oss eit godt måltid, etterpå spaserte me vidare til Timber Hut Cafe for ein night cap.

Der fekk me servert den beste Jordbær Daquiri eg har smakt, det resulterte i ein til….

Den beste Strawberry Daquirien eg nåkon gong har smakt i Thailand utanfor Hua Hin, på motor sykkel
Verdens beste Strawberry Daquiri
Gammelt tempel i Thailand utanfor Hua Hin, på motor sykkel
Bo Nok Tempelet

Vi hadde ein veldig flott tur sørover, neste gang reiser vi ennå lenger sør.

Gravlund i Thailand utanfor Hua Hin, på motor sykkel
Bo Nok Tempelet

Heim til våren

Borte bra men heima best. Og den beste tida å koma heim att til er våren. No er det striskjorta og havrelefsa…. blir litt av ein jobb å trimma av aller desse gode tidene….