Torunns grove rundstykker
Torunns grove rundstykker er oppskrifta eg har landa på når det gjelder rundstykker.
Oppskrift
250 gr. Kveite mjøl
350 gr. Samalt kveite grov
1 ts. Salt
2 ts. Sukker
3,5 dl. Vatn
3 ss. Nøytral olja
1 pk. Gjær
Egg til pensling, men trengs ikkje
Toppes med f.eks. linfrø, sesamfrø, solsikkekjerner, gresskar kjerner eller knuste nøtter. Er veldig gode uten topping òg.
Bland det tørre, ha i det våte i kjøkkenmaskin og elt i 20 minutter.
Hev, rull ut og etterhev.
Steikes midt i ovnen på 220 grader i 15 minutter, over og undervarme.
Eg varierer typen mjøl og topping, men følger vekt anvisning.
Etter kvart har eg tilført ein god del havregryn, linfrø, solsikkekjerner, chiafrø og gresskarkjerner. Og litt meir vatn. Dette blir veldig gode rundstykker, etter min smak
Mindre matsvinn
Sidan frukosten varierer mellom gryn og yoghurt, knekkebrød, havregraut og anna. Blir det alltid halve brød som må kastast.
Byrja med å dele brødet i to, for å fyse den eine delen. Likevel vart det kasta for mykje brød.
Så byrja eg å bake rundstykker i staden. Ved å fryse ned rundstykka og så ta opp berre så mykje ein vil ha til kvart måltid, vart matsvinnet tilnærma null. I tillegg smakar rundstykka som nysteikte kvar gong.

