Kanelbollar og slikt

Tebrød og kanelbollar er fantastisk god «kosemat», 10 sekundar i microen så er dei som nysteikte att.

Lettvinte Wienerbrød
Tebrød med kanel og sukker

Denne oppskrifta har eg etter mi besta, ho fann den i eit ukeblad ein gong i nitten-pil-og-bue. Kjempegode og ikkje for søt oppskrift.

Oppskrift:

150-175 gr. Smør

1 dl. Sukker

1/2 ts Salt

1 Egg

50 gr. Gjær

5 dl. Mjølk

2 ts. Malt Kardemomme

13-15 dl. Kveitemjøl

Fyll:

Mjukt smør, sukker og kanel

Framgongsmåte:

Smelt smøret og bland saman med mjølka slik at det blir lunka.

Rør gjæren ut i væska.

Tilsett egg, sukker, salt, kardemomme og det meste av mjølet.

Elt deigen til den slepp bollen, gjerne rundt 20 minutter.

Hev til dobbel størrelse.

Del deigen i tre deler. Kjevl kvar del ut til ein avlang firkant.

Ha på fyllet og brett deigen tre ganger, kjevle lett.

Del lengden i 14-15 biter. Skjær eit snitt langsetter midten, trekk den eine kortenden gjennom snittet.

Hev godt, 30-40 min. Pensles med egg og strø på strøsukker.

Steikes midt i omnen på 225-250 grader i ca 8 min.

Kanelbollar