Haugesund – Karmøy, Aurora og sightseeing

Tur, konsert og hotell helg

Denne helga var me til Haugesund ein tur. Hovudmålet for turen var konsert med Aurora.

Me booka oss inn på Hotel Amanda, og konserten var på Maritim, berre nokre meter lenger borte på kaien.

Haugesund er ein fin liten by, som regel er ein der berre fordi ein har timar på eit eller anna kontor i forbindelse med helso. Då er det berre litt handling på Raglamyr før ein køyrer heimover att. Så det å «sjå» Haugesund er liksom aldri prioritert.

Det var det me gjorde denne helga, tusla rundt i byn og berre kikka, liksom…

Konserten var på fredag kveld, me kunne sjølvsagt reist heim att på laurdag, men tok like så godt heile helga. Som så mange gongar før, la me oss inn på hotel med frukost og kveldsmat inkludert. Og fredag var det Taco, før konsert. Heilt topp!

Aurora konsert

Aurora konsert i Haugesund

Me tutla oss bortover til konserten skulle byrje, kl 20. Litt forsenka kom ei dame på scenen, som me ikkje hadde sett før. Me, og dei rundt oss, lurte fælt på kven dette var…Ho hadde liknande fakter, og musikk, men dama såg heilt annerledes ut. Ho snakka bergensdialekt, men ikkje som Aurora. Det skal jo noko til!!

Iris

Etter at nokon spurte nokre vakter fekk me svaret: Iris

Musikken var bra den, men det var ikkje heilt Aurora.

Aurora

Den som ventar på noko godt… til slutt kom Aurora på scenen.

Konserten var flott, berre forstyrra av nokre «palestinakomitè- tullingar» som ville demonstrere sine meiningar på Aurora.

Når nokon meinar noko anna, tenkjer annerledes enn deg, er det då din fulle rett til å pålegge dei å ha dine meiningar?

Har me då fri vilje til å tenkje sjølv? Ytringsfrihet?

I tillegg synest du at det er heilt greit å forstyrre for dei mange som har eit ønske om å få lytte, og sjå, på det dei kom for, det skulle berre mangle!

Veit ikkje kva eg skal kalle slikt, eg…

Laurdags-sightseeing til Karmøy

Laurdag morgon vakna me til ein nydeleg dag, litt kaldt men skyfri himmel og sol, sol, sol 🙂

Etter ein lang frukost og ein liten spasertur i byn, heiv me oss i bilen med Karmøy som mål.

Fyrste stopp var Visnes, og gruveområdet.

Visnes

Kart over området
Karmøy og Visnes har eiga Frihetsgudinne
Nydelege haustfargar
Ulike vegar å gå på tur
Lysthuset

Kobber fra Visnes ble benyttet i byggingen av den berømte Frihetsstatuen i New York. Derav står en liten Frihetsstatue som minnesmerke også her på Visnes.

Visitkarmøy.no

Statue utanfor museet
Museum og kafè
Informasjon om Fransehagen

Smeltehytta

Info om smeltehytta
Smeltehytta på Visnes på Karmøy
Smeltehytta er restaurert
Inni smeltehytta
Flotte turstiar i området
Utsikt frå Lysthuset
Visnes på Karmøy
Visnes
Utsikt frå Lysthuset

Ønsker du å lese litt meir om Visnes Kobbergruve og historien rundt

Søndagstur til Haraldshaug før heimreise

Etter ei god natt stod me opp til nok ein nydeleg dag, litt kaldare enn gårsdagen, men så lenge Kari er med 😉

Mette og gode sjekkar me ut og tar turen til Haraldshaugen. Tenkja seg til at ein aldri har vore der før…

Harald Hårfagre

Riksmonumentet på Haraldshaug i Haugesund
Riksmonumentet
Harald Hårfagre
Kyrkjetufta
Snorre

Denne staden har eg høyrt om «heile livet», men aldri vore her. Etter X antall ganger til Haugesund var det vel på tide med eit besøk.


Veldig sur nordavind, men sola skin og dagen er flott. Etter å kome seg til Krossen og ser utover havet, så kan ein ikkje unngå å legge merke til dei to ufysne skikkelsane, som blant mykje som ikkje høyre heime i naturen, er så framtredande skjemmande og skadeleg for fugleliv og natur, at eg har ikkje ord.

Lite fin utsikt frå Krosshaugen : Vindturbiner
Utsikta frå Krosshaugen

Skremmande kor mykje som blir «snikinnført» i landet, at der kjem og har allerede komme mange vindkraft parkar, er heil utruleg. Er meste så ein kan tru at nokre ting vert blæse fælt opp, slik at det me veit folk vil vera imot kan lurast inn, utan motstand, før det nærast er for seint. #Motvind

Krossen på Krosshaugen i Haugesund
Krosshaugen
Informasjonsskilt om Krosshaugen
Info om Krosshaugen