Vekedagstur til Gdansk
Ein måned etter heimkomsten frå Thailand, var Mr. Atle klar for ein ny tur. Sånn er da med lopper i blodet og sterk utfartstrang…
Gdansk vart destinasjonen. Her har me vore mange gangar, har faktisk kome utav teljingo. Men Gdansk er ein flott by, så det kan anbefalast å ta ein tur.
Me fann dei billegaste fly billettane, og heiv oss rundt. Leigte oss ein leilighet nesten midt i byn og var klar for 4 netter i Polen.
For å gjera turen mindre stressfull reiste me til Flesland søndag ettermiddag og overnatta på hotell der. Alltid godt å kunne ha ein roleg hotellfrukost før ein skal ut å reisa.
Regna godt i Bergen, landa i Polen til nydeleg sol og varme.
Leiligheten me leigde var inkludert henting på flyplassen, så her venta det bil på oss.

Leiligheten var liten, men stor nok. Moderne og med balkong. Absolutt verdt pengane.
Me har aldri budd så sentralt i Gdansk før, og sidan dette skulle vera ein roleg, koseleg bytur, reiste me ikkje rundt med trikken eller sykkel slik som me har bruka. Denne gangen spaserte me rundt om kring, stoppa å tok oss noko godt å drikka og/eller eta og berre slappa av i det nydelege været.
Me passa på å få med oss ei mengde gode Polske pølser og litt oster. Det er eit heilt anna utvalg her enn heime, eit heilt anna prisnivå òg.