Hytto vår

Hytto vår

Me reiser alle på hytto

Thailand - SuksabaiNokon har hytte på fjellet, andre ei ved sjøen. Me har hytto vår i Thailand. Hytto vår er eit lite hus i eit byggefelt i Hua Hin, i soi 102. I byggefeltet, som heiter Suksabai 1 og er eit av dei eldste byggefelta i byen, er det i overkant av 90 hus. Her er stort fellesområde med basseng, leikeplass for born, vèlforreiningshus med trimrom og toalett/dusj anlegg. Me har òg restaurant, vaskeri og ein liten butikk i feltet.Thailand - Suksabai

Naboane våre er heimehøyrande rundt omkring i verda, svenskar, nordmenn, engelskmenn, finnar, tyskarar, franskmenn, hollendere og ein god del thaiar. Me er faktisk ein god del vestlendingar her, det har kanskje å gjer med alt det gode været me er så heldige å ha på vestlandet.
Thailand - Suksabai

 

Sentrumsnært men likevel fredeleg

Byggefeltet er eit lukka felt med automatport og er eit roleg og hyggeleg område. Me har omlag 3-4 km til sentrum og 2 km til stranda. Då me fyrst kom her i 2008, var me langt unna sentrum….no kryp sentrum nærare og nærare. Det har òg kome mange andre byggefelt med påfylgjande fleire restaurantar og butikkar. I 102 er det no(mars 2018) komen to 7/11 og ein Tesco butikk, og eg blir ikkje øvegidd om det er endå ein neste gang me kjem ned. I tillegg er det under 2 km til det nye enorme shoppingsenteret, Blúport, som har det meste av det ein kjøpelysten skulle trenge.

Sykling

Sykling er ikkje berre blitt populært i Noreg, det tar av i Thailand òg. Etter kvart har det no kome flotte sykkelvegar i alle retningar. Ein annan ting som òg er ein likhet til Noreg er at billistane i Thailand er like glade i sykkelistar som norske billistar. Skilnaden er at mopedistane i Thailand meinar dei har rett til å køyre på  sykkelvegen, noko som kan skape farlige situasjonar. Ha, ha….som om DET var noko nytt.

Aktivitetar for alle interesser og aldrar

Innan ein radius på 2 til 5 km har me det meste. Gokart, Bowling, Kino, Badeland, Golf, True Arena, Siam Milsim, ridning på hest osv…

Spa

apotek, vaskeri, frisørar, massasjer

Slik ser Hytto vår ut- fare for høg trivselsfaktor!

Badeliv Bangkok BIL tur Bløtkake Bryllaupskaker Cookies Dagnykaker Delphos Drops Design Dukker Ferie Festkake Fjellturar God mat Hardangervidda Hellas Hua Hin Julekaker Kaffigodt Kjeks Kremkake Kreta Kvit Dame Maeklong Marius mønster Marius strikk Mercy Noreg Norsk Fjellheim Nydeleg natur Pepperkaker Poncho Red Velvet Reiser Shopping Sjokolade Sjokoladekake Sol og Varme strikking Sukkerbrød Suksabai Temakaker Thailand Tog-marked UT på Tur