Hekla Kose-dyr
For fleire år sidan satt eg i Thailand og lurte på kva eg skulle finna på. Var nettopp ferdig med eit strikkeprosjekt og var litt lei av å teikna. Då var det på tide å læra seg noko nytt… Hekling!
Søkte på YouTube å starta med lykter
Dukker
Så ville eg laga kose-dukker, tenkte eg…. å lesa oppskrifter var litt bale så eg prøvde meg fram på eigahand. Det var ikkje heilt vellykka 😀 😀
Det vart no to dukker av det, den eine litt hekla og litt strikka, den andre berre hekla. Dei var begge meir til å skremma ungar med, enn til glede for dei.
Så…Oppskrifter er kjekt å ha…
Kose-kanin
Svigerinna til Nang, og favoritt servitrisa vår på 102 restauranten, var gravid og då var det kjekt å kunne hekle noko til dette barnet.
Inni hovudet til kanina er det ei rangle
Oppskrifta fann eg på Hobbii.no
Etter det vart det litt andre saker, noko gav eg vekk før eg tenkte på å ta bilete av det i det heile tatt, men eit par ting fekk eg «på film»
Amigurumi
Amigurumi heiter det så fint, hekla kose-dyr, figurer mm.
Bæ
Når eg vart bestemor var det på tide å laga kosebamser til Gullklompen min. Det fyrsta eg laga til Birk var ein kose-sau
Ole Brumm og Nasse Nøff
Deretter måtte det bli Ole Brum. Tenkte eg måtte laga ein Ole Brum med caps og skjerf òg, men den ville ikkje han ha… 😀
Så fekk han bok i Go Boken om Ole Brum og Nasse Nøff, beste venner. Dermed måtte eg sjølvsagt laga ein Nasse Nøff til han òg.
Mummitrollet
Etter å hatt Fantus som den store favoritten i eit år, har han skifta til Mummitrollet..
..og vips så hadde Besto fiksa ein Mummi.
Fritt etter denne oppskrifta som utgangspunkt
And
Birk hadde seg ein tur i garnlageret mitt, fann seg eit gult nøste bomullsgarn. «Ka skal me laga av da då» spurte eg…. «And» var svaret… Og så blei da sånn!
Oppskrift som eg likte fann eg ikkje, så då vart da litt improvisjon. Fin langt ifra, men langt ifra fin 😀
Tussi
Å reisa på ferie å ikkje ha nåko i hendene da går ikkje an.
Då hiv ein nokre garnnøster i ein pose, tar med nåler og pinner, og da som trengs, og håpar på at ein har alt. Vertfall er da sånn eg brukar å gjera da. Detta har eg fått angra på mange ganger, så òg denna gongen.
Då tussi berrre mangla fira føter og ein hale, var det slutt på garnet mitt…. problemet var berre at det var heilt slutt, hadde ikkje meir i den fargen heime heller. Tråla lokale butikkar etter nåko som kunne gå, men fann ingen.
Då var det berre å starte på nytt, med nytt garn, og nok denna gongen. Ferdig vart han vertfall.
Denne Tussien er hekla på frihånd.
Tigergutt
Når ein er komen så godt i gong, så prøver ein seg på neste medlem av Hundremeterskogen.
Denna gongen òg på frihand, det går no an å sjå at da skal vera Tigergutt då, og Birk er nøgd. Da er det viktigaste <3
























