Bursdagsfeiring og andre selskap
Det er alltid ein grunn til å feire noko, bursdagar er ein sjølvsagthet. Ellers kan grunnen vera så enkel at ein har lyst å eta god mat med gode venner.
Fest hjå Maeow og Johan
Me var så heldige å bli invitert til selskap hjå Maeow og Johan. «Me held maten, ta med det du vil drikke», stod det å lesa i invitasjonen.
Og for ei oppdekking! Her var mat opp og i mente, og alt var like velsmakande…
Gjestelista passerte 30, og nokre av gjestene underholdt oss med sang og musikk.
Det var rett og slett ein særdeles vellykka kveld.
3-retters på Siam Viking
Det har vore så mange tilstelte kveldar på Siam Viking, som me ikkje har kunna vore med på.
Så no klarte me å få pressa inn tid til det.
Rett frå tur til Kaeng Krachan til massasje, 1000m i bassenget, rask dusj og avgårekåre…

Crab Au Gratin & Cod Caviar served with Bread til forrett. Retten var aldeles nydeleg.
Etter alt dette, var me så stinne som på julafta. Berre å hive seg i ein Bolt og heim på sofaen.











