Hua Hin

Kongens ferieby

Hua Hin
Hua Hin er Thailands eldste strandby. Den ligg på vestkysten av Siambukta, 170 kilometer frå hovudstaden Bangkok. Hua Hin er ein populær turistby, både for (kvite-) utlendinger(falang) og thaiar. Allereie på 1920-tallet fekk Thailands konge sin faste sommarstad her, og oppretta jernbanelinje direkte frå Bangkok. Palasset, Klaikangwon, oversatt til Langt Fra Bekymringene-palasset, vart brukt av Thailands avdøde konge, den høgt elska kong Bhumibol. Dette har kome Hua Hin til gode, blant anna med ein ypperlig infrastruktur. Thailands elite har også brukt, og brukar dette som sin ferieby.

I Hua Hin finn du nokon av Thailands mest moderne fasilitetar utanfor Bangkok. Dei siste åra har myndighetene jobba hardt for å ordne stranda, og badevatnet har blitt klart forbetra. Det er òg laga fleire sykkelvegar no, og fleire og fleire har byrja å sykla. Dette skal nok Dronninga ha æra for, Bike for Mom vart starta som ein hyllest til hennar 83 årsdag 16 august 2015. Deretter fylgde Kongen på med Bike for Dad.

Hua Hin er i rask ekspansjon, det foregår stadige utbyggingar både av hus, hotel og condominiums. Dei siste åra har det poppa opp nye byggefelt, nye golfbanar bygges, eit enormt kjøpesenter(«Blúport«) er opna, og små bedrifter opnar omtrent kvar dag(kafeer, restauranter, «streetfood» sjapper, spa, barer osv). Det er opna ein stor ny stadion, «True Arena», og eit stort badeland, «Vananava».

Les meir om Hua Hin historie »Fiskelandsby

 

 

 

 

 

Hua Hin – vår hytte i varmen

Me har hatt Hua Hin som base sidan januar 2008. Her disponerar me eit hus i Suksabai 1, soi 102. Og her stortrives me.

Når me er her er me som heime, bare med litt andre gjeremål. Dei største skilnadane for meg er å kunne ta eit par timar massasje annan kvar dag, eller når det enn måtte trengast. Med mine muskel plagar er det gull verdt, og ikkje kostar det skjorta heller. Og å sleppe det å laga mat og ta oppvasken kvar dag, eller for å sei det annerledes: sleppe slike daglegdagse sysler som ein gjer heime kvar dag. Det er min ferie.

Etter kvart som nye restaurantar «poppar» fram, finn me oss nye favorittar stadig vekk. Me har vendt oss til den sterkt kryddra maten, så restaurantar som helst lagar mat til turistar held me oss unna. Me vil ha maten vår «thaistyle». Me klagar ikkje på maten på dei turistvenlege restaurantane, dei lagar veldig god mat, tilpassa europeiske ganar.

Våre favorittar i augneblinken er:

Chai Na, Miang Phla Restaurant 102, Ban Khun Por, Zabjungway, Aim Suk, Tambmarind markedet og S & S Indian Restaurant. Blir jo svolten her eg sit å tastar…..

Restaurantar med god mat, som me likar oss på, men ikkje et så ofte er: Sabai Sabai, Jaruwan Kitchen, Coconut

Ellers skal det vel eigentleg mykje til for å finne ein restaurant med direkte dårleg mat, ikkje er det ofte ein vert dårleg av maten heller. Så det er berre å hive innpå, er stort sett berre vekta det går ut over….

 

Kino på regnværsdagar, eller om ein berre treng litt avveksling

Me var ikkje flinke til å gå på kino, heilt til for eit par år sidan. Då drog eit vennepar frå Norge, Kjersti og Kurt, oss med på kino på Market Village i Hua Hin. Etter ein gang med VIP seter, var me solgt. Det er tilogmed betre å sjå ein dårleg film her….når stresslessen din kan leggast bakover, fotskammelen kjem ut og du legg teppe over deg….er det ingen problem å sove seg gjennom filmen. Kino er det òg på BluPort senteret, med enda flottare VIP seter, om ein skulle behøve det.

 

 

 

På eit anna vis er det mange andre sysler som ein gjer her òg, som strikking, hekling, teikning og hagearbeid.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Korleis koma seg frå Bangkok til Hua Hin

Det finnest ulike måter å koma seg frå Thailands internasjonale flyplass, Suvarnabhumi, i Bangkok til Hua Hin på:

Taxi :

Ein kan ta taxi direkte frå flyplassen, det er bare å ta seg til 1 etasjen og utanfor der står det nokon som jobbar med å henvise taxier. Avtal pris på forhånd! Ha addressa til destinasjonen din klar, helst på thai, då dei fleste sjåførane ikkje er kjende i Hua Hin. Ein kan bestille minibuss på samme vis, denne er noko dyrare, men tar fleire passasjerer og meir bagasje. Dei fleste minibussane er flotte, med gode seter som du kan legge ned.

BTS og Minibuss:

Ein kan ta Skytrain(BTS), tog eller taxi til sentrum av Bangkok, til Victory monument, her går det minibusser frå, kontinuerlig. Spør deg fram til rett minibuss, for her er det mange å velge i, til ulike destinasjoner. Turen til Hua Hin koster 180 Baht per person, har du koffert må du mest sannsynleg betale for ein passasjer ekstra, då desse bilane ikkje har mykje baggasjerom. Desse stopper på faste stader undervegs, siste stoppestad er midt i Hua Hin sentrum. Er du heldig er det siste turen til denne sjåføren, eller han har ein pause, så kan det vera mogeleg å betale han for å køyre deg der du skal, ellers må du finne deg ein TukTuk eller taxi vidare.

Tog:

Ta Skytrain, tog eller taxi til togstasjonen, og tog til Hua Hin togstasjon.

VIP buss:

Direkte buss. Dette er flotte bussar med veldig gode seter. Denne stopper i Cha Am og Hua Hin og bruker 3-4 timar. Dette er ein veldig trygg og behageleg måte å reise på, og koster 269 THB + 50 THB per person for onlinebooking, inkl. ein liten handbaggasje og ein normal koffert (20kg). Du finn skranken: “Pattaya – Hua Hin” på 1 etasje nær utgang 8. Bussen stoppar på 2 stadar; 1. utanfor Bangkok Bank ved Cha-Am avkjørselen.   2.  Hua Hin FlyBusstasjon , dette er endestasjon. Avgangane frå Hua Hin går herifrå. Det kan no bare kjøpes billetter via internett!!

Fly

 

Eksterne lekjer: