Hellas

Hellas

Den hellenske republikk, også kalt Grekenlander, er ein republikk i Sørøst-Europa på den sørlige enden av Balkan som strekk seg over 132 000 kvadratkilometer fra fastlandet og ut i Middelhavet. Forutan fastlandsdelen omfattar Hellas, De joniske øyer, Kreta og dei fleste øyane i Egeerhavet. Landet grensar i nordvest til Albania, i nord til Makedonia og Bulgaria og i øst til Tyrkia.

Fakta
Hovudstad: Athen   Landskode: +30   Valuta: Euro   Befolkning: 11,03 millioner (2013)

Hellas - Kreta
Zaros

Av alle Greske øyar har me bare vore heldig å besøke Kreta og Rhodos, enn så lenge.

Turane til Kreta har vore  så flotte, og Kreta har så mykje å by på at me har vore der tre gangar.  Kvar gang har me leigd bil og vore «våre eigne herrar», det kan anbefalast om ein ikkje berre vil liggja å slikkja sol på stranda. Me likar å få med oss kultur, historie, mat og natur, i tillegg til sol og varme og litt strandliv. Me kjem garantert til å reisa attende, men håpar òg på å få sjansen til å besøke nokre av dei andre greske øyane.

Her kan du lesa meir om våre turar til Kreta og turen vår til Rhodos

Hellas Kreta
Heraklion
Hellas Kreta
Solnedgang over Platanias

Info
Landet pregast av fjell og svært variert geologi. Landområdet har sunket slik at kystlandet delvis er satt under vatn og øygrupper har oppstått på tvers av Egeerhavet. Heile området er strukturelt ustabilt, og jordskjelv er svært vanleg.
Fjell og øyar
Hellas er eit fjelland med ein svært variert geologi, og har mellom 600 og 1400 øyar (avhengig av definisjonen), kor omlag 200 er bebudde.  I vest langs fastlandet ligg De joniske øyer med blant anna Kerkyra (Korfu), Kefalonia og Zakynthos. Sør for Attika ligger Kykladene, med blant anna Mykonos, Paros, Naxos og Santorini. I øst ligg dei nordlege egeiske øyer med bl.a. Lesvos (Mytilini), Chios og Samos, og sør for desse langs tyrkiakysten ligg øygruppa Dodekanesene, med Rhodos som viktigaste øy. Helt i sør ligg Kreta (8260 km2) som den største av dei greske øyane, og den femte største øy i Middelhavet.

Hellas ligg dels i den tempererte, dels i den subtropiske klimasona. Kystområda, samt dei lavareliggande delane av innlandet har middelhavsklima med milde, fuktige vintrer og varme, tørre somrar.

Skogbrannar
Middelhavsregionen er sterkt berørt av skogbrannar, Hellas er intet unntak. Sommaren 2007 førte ekstrem tørke og rekordhøge temperaturar til at landet opplevde den verste skogbrannen på 150 år. Denne etterlot seg store skadar i økosystema. Dette har ført til jorderosjon, vassmangel og tap av biologisk mangfold.
Flyktningar
Fleire greske øyar ligg nærme Tyrkia. Til dømes Øya Lesvos ligg omlag ei mil ifrå den tyrkiske kysten, og har derfor blitt ei flyktningeruta til Europa med småbåtar.
Religion
98 % av befolkninga bekjenner seg til den ortodokse kyrkje, 1,3 % er tyrkiske muslimar (dei fleste i Thrakia) og 0,7 % tilhøyrer andre religionar. Den greske stat anerkjenner den ortodokse kyrjke som ”dominerande” religion i landet, men garanterar religionsfrihet. Hellas’ kyrjke (Ekklisia tis Ellados) er sjølvstendig (autokefal) og leiast av erkebiskopen av Athen.
Antikkens Hellas
Det gresktalande folks historie går tilbake til ca. 1600 f.Kr. Den greske antikken strekker seg frå 800 f.Kr. til 395 e.Kr. og var ein periode med politiske, filosofiske, kunstneriske og vitenskapelege nyvinningar som utgjer ei kulturarv som har utøvd grunnleggande innflytelse på vestleg sivilisasjon. Minnesmerker frå denne tida utgjer Hellas’ viktigaste turistattraksjonar.

Dei greske områda vart etter kvart innlemma i Det bysantinske riket, der gresk språk og kultur blomstra i ein kristen kontekst. Gradvis vart desse områda erobra av ottomanerane, med Konstantinopels fall i 1453 som milepæl. Gjennom omlag 400 år under Det osmanske rikets herredøme vart grekarane isolert fra Vest-Europa og opplevde kulturelle nedgangstider. Etter ein frihetskrig mot Det osmanske riket vart Hellas i 1832 anerkjent som sjølvstendig stat.

Landets sjølvstendiske historie kjennetegnes av vanskeleghetar såvel i innenriks- som i utenrikspolitiske saker. Ei rekke emigrasjonsbølger har skapt ein stor gresk diaspora rundt om i verden. Frigjeringa frå den tyske okkupasjon i 1944 vart etterfulgt av uroligheter og borgarkrig som varte til 1949. Ein militærjunta greip makta i landet i 1967 og beholdt den til 1974. Etter gjeninnføringa av demokratiet vart Hellas ved folkeavstemning erklært republikk.

Hellas har i seinare år opplevd økonomisk vekst og politisk stabilitet med integrering i EU. Finanskrisa som brøyt ut i 2009 har imidlertid satt landet tilbake og ført til ei alvorlig gjeldskrise, og radikalisert politisk liv. Etter omveltningane på Balkan har Hellas fått ei større rolle i denne regionen, spesielt økonomisk. Les mer om Antikkens Hellas, Hellas» historie og Hellas» samtidshistorie.

Dagens Hellas
Gresk økonomi dreier seg hovudsakeleg om servicesektoren, som står for rundt 80 % av landets bruttonasjonalprodukt, mens industri står for 16 % og jordbruk for 4 %. Viktige næringar er turisme, der Hellas er rangert som det 16. mest besøkte landet i verda, og shipping, der den greske handelsflåten er verdas største. I tillegg er landet ein betydelig eksportør av jordbruksprodukter.
Kunnskap og kultur
Skulen i Hellas er obligatorisk i 9 år frå barna er 6 til 15 år. Så godt som all utdanning er offentlig og gratis for alle. Barneskulen er 6-årig, deretter går barna vidare til 3-årig ungdomsskule.

I Hellas finn man i alt 17 minnesmerker oppført på UNESCOs liste over verdens kulturarv. Dei fleste av desse stammer fråantikken, som templa på Akropolis og agoraen i Athen, Epidavros-teateret, Mykene-borga og Olympia-anlegga på Peloponnes, Delfi-helligdommen i Parnassos-fjellet, palasset i Knossos på Kreta og øya Delos. Andre arkitektoniske minnesmerker stammar frå den bysantinske perioden, som Johannes-klosteret på Patmos og byen Mystrás på Peloponnes. Tusenvis av kunstobjekt frå desse epokane er å finna i greske museer og i utlandet.

Innan billedkunst er Hellas særlig kjent for ikonmaling. Kjente greske kunstnere er malerne El Greco og Giannis Tsarouchis. Hellas har eit rikt musikkliv, med levande folkemusikktradisjonar. Den urbane rebetiko-sjangeren fra 1930-talet introduserte bouzouki-instrumentet og gjorde dette til eit gresk kjennemerke.

Hellas og Noreg
Hellas er representert i Norge ved sin ambassade i Oslo, mens Norge er representert i Hellas ved sin ambassade i Athen, og konsulat i Pireus og sju andre byar.

Norge har forplikta seg gjennom EØS-avtalen til å bidra til sosial og økonomisk utvikling i Hellas gjennom støtte til prosjekt innan miljø, immigrasjon og kulturarv. Blant anna støtter Norge utgravingsprosjekter ulike stedar i Hellas, og bidrar til den internasjonale styrken Frontex som skal kontrollera illegal innvandring ved den gresk-tyrkiske grensa.

Norge og Hellas har også kontakt i skipsfarts- og miljøvernspørsmål. Norsk eksport til Hellas består hovudsakeleg av skip og utstyr til shippingindustrien, fisk og kjemikaliar. Frå Hellas importerer Norge tekstiler, farmasøytiske produkter, frukt og grønnsaker. Norsk turisme i Hellas bidrar med store beløp til den greske tjenestesektoren.