Kvar du enn i verda fer - alltid du møter ein Olderkjær!

Haukelirennet 2017 – Årets skirenn

Frå sol og varme til snø og høgfjell

Haukelirennet 2017

Etter å ha tilbragt eit par månadar i Thailand, så var det heimatt å gå skirenn. Nærare bestemt Haukelirennet. Ski hadde eg ikkje hatt på beina sidan Skarvarennet for to år sidan. Litt skeptisk,  sidan både den fysiske og psykiske formen min ikkje har vore så bra dei siste åra. Og no slo angsten skikkeleg til, ikkje for å gå på ski, eller skirenn, men for skitrekket! :O

Vel…å leggje inn årane var ikkje eit alternativ, sa eg til meg sjølv…ikkje heilt overtydande.

Fredag i middagstida samla me troppane ved arbeidsstaden til Karina, og lasta i bilen. Me var så heldige at Karina hadde fått låna stor bil på jobben, så alle fem fjellrypene fekk køyra samla, med alt pikk og pakk, i same bil. Med ein liten handle stopp i Odda var me klare for ei storarta helg på uteleige hytta på Haukeli. Rom og sengefordelinga var unnagjort på førehand, Ingunn med eige rom, Merete og Elisabeth i dobbelsenga, Karina og underteikna i køysenga. Sidan ingen av oss er i 20 åra lengre, ikkje så langt over, har me jo alle våre vondter og særegenheter. Enn så lenge klarar me oss på enkle hyttemadrasser 🙂

Haukelirennet 2017

Hytta me hadde leigt var ei koseleg Hydro-hytta, heilt enkel men mangla ingenting, me var jo her for å gå skirenn…og å kosa oss med god mat og drykk i fantastisk selskap med kvarandre. Me veit faktisk å kosa oss!!

Haukelirennet 2017

Haukelirennet 2017

Fredag kvelden var me særdeles heldige å fekk servert «sjølvfiska» fjellaure av Ingunn.

Aldeles nydeleg!

 

 

Angst

Etter ein god og triveleg frukost laurdag morgon, pakka me nista og det me ellers måtte trenge for eit, i utgangspunktet, 32 km langt skirenn. Men sidan det no var auka på med vind, vart skirennet korta inn til 18 km. Ei natt med lite søvn hadde ikkje roa nervane mine når det gjaldt skitrekket, tvert imot, Du Hendelse!!

Å gå på ski er vel noko du aldri gløymer, men å koma seg på eit skitrekk og klare å halda seg der heilt til toppen… Vel, det var over 20 år sidan eg hadde tatt eit skitrekk sist, og då med slalomski. I tillegg til at, då eg gjekk Skarvarennet i 2015, hadde eg berre hatt ski på beina rundt 3-4 gonger dei siste 20 åra. Gjekk bra den gongen òg, men ingen skitrekk! Og no slo angsten inn for fullt!

Me køyrde frå hytta og opp til startområdet for rennet, då me kom fram hadde eg nesten avgjort for meg sjølv at NEI, eg går ikkje! At eg ikkje var trent eller hatt ski på beina dei siste to åra, betydde ingen ting, eg måtte opp det J…A trekket for å få gått detta skirennet! Imens eg gjekk der å svetta, hendene skolv som aspelauv, studerte eg dei som køyrde utstyr og anna rundt i løypa, med SNØSKUTER

Haukelirennet 2017

Haukelirennet 2017

To go or not to go….

….Der å då fekk det bæra eller brista, sku eg gå detta skirennet, måtte eg ha skyss opp….. Og så snille og forståelsesfulle desse frivillige mannanne med snøskuter på Haukelirennet er! Klart eg skulle få sitja på til toppen av trekket. Dei som ikkje veit det, eller har skjøna det allereie, starten for Haukelirennet er på toppen av skitrekket.

Eg veit med sikkerhet, dei redda skirennet for meg. Eg hadde aldri tatt det trekket!

Sidan Ingunn, som aldri hadde tatt eit skitrekk før, òg var bekymra for dette, fekk ho òg sitje på til tops.

 

 

Pytt sann! Då var resten av skirennet bare barneskirenn..hehe.

Haukelirennet 2017Haukelirennet 2017Haukelirennet 2017Haukelirennet 2017Etter endt skirenn hadde me tilbakelagt 20 kilometer i fjellet. Sjølv med dårleg vær er dei Norske snøkledte fjelltoppane og viddene verkeleg eit flott skue.

Me hadde litt ulike utgangspunkt, nokre går på ski kvar vinter, andre kvart tiår. Derfor også ulike skipakkar og utstyr, eg må takka mammo og vetla systo mi for lånet av ski og sko. Skal eg fortsetja med å gå skirenn på mine middelaldrande dagar, er det vel på tide å gå til innkjøp av eigne ski.

 

 

 

 

 

 

 

Dei som kjem opp, må og koma ned

Haukelirennet 2017

Haukelirennet 2017

Den mest uheldige av oss detta rennet var Merete. Som dei siste kilometerane av rennet fekk så godt forhold til snøen at den ikkje ville gi slepp på skia hennar. Det enda med at ho gav opp, tok av seg skia å gjekk ned. Vel den siste bratte bakken ned til mål, den gjekk me alle i samla tropp. Me var jo komt så langt utan skadar, så nokon fleire sjangsar tok me ikkje.

Haukelirennet 2017

 

Haukelirennet 2017

Elisabeth Hersvik, Karina Isaksen, Ingunn Karlsen, Merete Hersvik og underteikna

Utan mat og drikke….

Me var alle enige om at det var ein fin tur, god trim og veldig godt å komma fram til vannhullet ved mål. Etter eit par rundar her, var det heim att til hytta å diske opp med dei flottaste rettane. I kveld vart det Tapas. Og imens maten stod i omnen, måtte dei slitne men nøgde skigåarane fylla glasa med noko godt innimellom.

Haukelirennet 2017Haukelirennet 2017

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Haukelirennet 2017Haukelirennet 2017

Her vart servert omnsteikte lammekotelettar med omnsteikte poteter, marinert scampi, kjøttboller i saus, marinerte kyllinglår, pasta og ein fantastisk salat.

 

Kveldstur

Etter maten var det bare heilt naudsamt med ein liten spasertur i området. Både for å gå oss litt ned etter skirennet og for å fordøye maten. Det er alltid bedre å ha for mykje enn for lite mat…trur me kunne forsørga dobbelt så mange.

Vinden løyna i kveldinga og me fekk ein flott solnedgang. Spaserturen vår rundt i området gjorde godt, samstundes vart me alle veldig segne. Så då me kom att til hytta var det nesten bare å stella seg for senga. Den festen me hadde tenkt etter fullendt skirenn, fekk me heller ta ein annan gong. Damene hadde ikkje meir å gi. Og NEI, da har ingenting med alderen å gjera!

Haukelirennet 2017

Solnedgongen frå hyttevindauga

Haukelirennet 2017 Haukelirennet 2017

Neste morgon vakna me til eit fantastisk vær. Det var jo detta været me sku hatt på renndagen. På den andre sida så hadde me måtta gått fullt renn då.

…når eg tenker meg om så var da ganske bra at da ikkje vart slikt vær renndagen….

Ein god frukost og kaffikoppen med ut i solskinnet etterpå. Dette kunne me nytt heile dagen, men me måtte etterkvart pakka, rydda og vaska hytta.

 

 

Vegen heimatt er like lang som vegen opp… Det vil sei, me laga den lengre, for me tok oss ein svipptur innom Løyning, der foreldra til Ingunn bur, for å koke oss kaffe til nista vår 🙂

 

Nok ein fantastisk tur med fantastiske damer, fyrst yta så nyta!

Linda 2017